KrF i storform i ny måling, men høgresida slit likevel

2 hours ago 3



NRKs første måling etter sommaren er teken opp etter partileiardebatten i Arendal måndag.

Den viser at veljarane rører på seg:

  • MDG gjer eit stort byks, og er over den viktige 4-prosenten
  • KrF klatrar til høgt på 4-talet
  • Venstre er under 4 prosent og mistar fem stortingsplassar
  • Støre styrer mot attval trass tilbakegang for Ap
  • Høgres nedgang held fram til under 15 prosent

Meningsmåling august 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

28,2 %

−1,8

20,5 %

−0,8

14,6 %

−1,2

7,1 %

−0,9

6,3 %

+0,7

5,3 %

+0,1

4,8 %

+1,5

4,7 %

+2,6

3,8 %

−0,4

Partimåling fra Norstat for august 2025 med 1 004 spurte. Viser endring fra meningsmåling i juni.

Målinga er utført av Norstat for Dagbladet, Vårt Land og NRK.

Ny Støre-periode

Bilde av statsminister Jonas Gahr Støre i hvit skjorte.

Foto: NRK

– Dette er gode tal! seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK under ei kakemarkering der partiet markerer 4000 nye medlemmar i løpet av året.

Sjølv om Ap går tilbake frå NRKs førre måling i juni, ville målinga sikra Støre ein ny periode på Statsministerens kontor.

– Alternativet til oss er ei Frp-leia regjering, og det trur eg byrjar å sige inn hos folk.

Målinga gir 93 stortingsplassar til dei raudgrøne partia og 76 til høgresida. Raudt, SV og Sp ville ha sikra statsminister Støre fleirtal med 85 stortingsrepresentantar for desse fire partia. MDGs åtte representantar kjem i tillegg.

Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?

Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden

Venstresiden

Portrettbilde av Jonas Gahr Støre

Antall politikere: 93

Ned 7 politikere sammenlignet med valget 2021

Høyresiden

Portrettbilde av Erna Solberg

Antall politikere: 76

Opp 8 politikere sammenlignet med valget 2021

Viser politikere på Stortinget ifølge augustmålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har hatt støtte fra 100 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG siden valget 2021. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg.

Likevel kan valkvelden bli ein «rysar».

Differansen mellom dei to blokkene kan i praksis vere på berre litt over 2 prosentpoeng, seier Mads Motrøen som er ansvarleg for politiske målingar hos Norstat.

Mads Motrøen, meiningsmålingsansvarleg i Norstat.

Mads Motrøen i Norstat.

Foto: Nicolas Tourrenc

Dersom veljarane flyttar seg ideelt for høgresida slik at Ap gir 1,5 prosentpoeng av veljarane sine til Høgre, og MDG gir frå seg i underkant av 1 prosentpoeng til Venstre, så vil det plutseleg vere borgarleg fleirtal. I antal stemmer er det i eit slikt tilfelle truleg under 70.000 som skil dei to blokkene.

Også Høgre-leiar Erna Solberg meiner ein ikkje skal lese for mykje inn i at den raudgrøne sida har langt over 85 representantar i denne målinga.

Men Høgre-nivået på 14,6 er det dårlegaste i ei NRK-måling sidan september 2009.

Over tid Støtten til Høyre

Vis partiets tid i regjering

Grafen viser Høyres oppslutning i NRKs meningsmålinger fra Norstat de siste fire årene.

– Vi er for dårlege på denne målinga her, og vi jobbar for å snu det, seier Solberg til NRK.

No må vi borgarlege partia først og fremst snakke om politikk, og så må vi i fellesskap kome oss over sperregrensa. Dette er valet mellom ei Høgre-leia regjering og ei Støre-regjering som kjem til å leve på premissane til Raudt, meiner Høgre-leiaren.

Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere

Antall politikere per partiPartiAntall politikereEndringVenstresiden: 93Høyresiden: 76
102
11-2
557
9-19
85
85
3-5
24-12
4120

Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling august 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.

Klyper seg i armen

Dette er første gong sidan 2023 på NRKs målingar at KrF gjer det betre enn Venstre.

– Så spennande da! seier KrF-leiar Dag-Inge Ulstein når NRK forstyrrar han i valkamp ved valbodene på Karl Johan rett ved Stortinget.

– Det er jo sånn at vi må klype oss litt i armen. Dette er den tredje eller fjerde målinga med kraftig framgang etter sommaren.

– Kor viktig trur du den tydelege støtta til Israel er for framgangen?

– Vi har valt våre valkampsaker som er familie, verdiskaping, kamp mot narkotika og verdig eldreomsorg. Det er dette eg opplever at folk gir tilbakemelding på. Men vi er uredde og vågar å seie frå, det kan jo gjelde i mange saker.

Men målinga viser at både KrF og Venstre må over 4 prosent for at det skal bli regjeringsskifte.

Denne veka har vi sett målingar der Venstre er godt over sperregrensa og andre målingar der vi er marginalt under. Det viser at ingenting i dette valet er avgjort, og at Venstre over sperregrensa er avgjerande for å få eit nytt fleirtal, skriv Venstres nestleiar Sveinung Rotevatn til NRK.

Klarer MDG det?

Norstats august-måling skil seg litt ut frå andre meiningsmålingar når den gir Miljøpartiet dei Grøne godt over 4 prosent og ei stortingsgruppe på 8 personar.

Arild Hermstad, leder i MDG, på bakrommet i partilederdebatten i Arendal

MDG-leiar Arild Hermstad.

Foto: William Jobling / NRK

– Dette viser at valet er ein thriller, og at vi kan klare å kome oss over sperregrensa, seier ein håpefull MDG-leiar Arild Hermstad. Det kan avgjere kven som blir statsminister.

– Kva er grunnen?

– Eg trur mange er opptekne av klimasaka sjølv om det blir snakka lite om det i det offentlege ordskiftet. Og så trur eg mange har fått med seg at MDG har peika på Støre og at denne gongen kan det stå mellom Støre og Listhaug som statsminister.

Paradoksalt nok er det likevel ikkje sikkert at MDG ville fått makt av eit slikt resultat. Om valresultatet var akkurat som denne målinga, kunne Arbeidarpartiet fått stortingsfleirtal med SV, Sp og Raudt utan å ta omsyn til MDG.

170.000 veljarar har allereie førehandsstemt viser tal frå Valdirektoratet.

Men samtidig er det ifølgje denne målinga nesten 900.000 som ikkje har bestemt seg. Det er framleis mange veljarar å kjempe om.

Difor blir valet jamt

  • Jørgen Bølstad

    Jørgen Bølstad, professor ved Institutt for statsvitskap, UiO

    – Dette valet er veldig ope og kan bli avgjort av korleis det går med småpartia som ligg rundt sperregrensa. KrF er ein av dei store jokerane. Tidligere har det vore ein del taktisk stemming på Venstre, og i dette valet kan det sjå ut til at også KrF får ein del taktisk støtte .

    – Venstre er rett under sperregrensa her, men det samla bildet av målingar peikar likevel mot at partiet hamnar over.

  • TONE SOFIE AGLEN Politisk kommentator NRK i podkaststudio.

    Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i NRK

    – Det ser ut til at KrF er «det nye Venstre», som vinn borgarlege veljarar. Mens MDG prøvar å bli det «det nye Venstre» på raudgrøn side som er garantist for Støre og mot Listhaug som statsminister.

    Partiet som fell mellom alle stolar, er det eigentlege Venstre, som både har mista sakseigarskap og som nok reellt sett har ein del veljarar som blir skremte av tanken på Listhaug som statsminister.

  • Valgforsker Johannes Bergh

    Johannes Bergh, forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning

    – Det er nok ei skikkeleg dårleg måling for Høgre, men det skal ikkje store endringar til før dei borgarlege partia kan få eit overtak. Den nokså jamne stillinga gjer det meir sannsynleg at taktisk stemmegjeving kan spele ei rolle i valet.

    – Det er små marginar i småpartia sin kamp mot sperregrensa på 4 prosent. Når MDG kjem over og Venstre under i målinga, slår det positivt ut for dei raudgrøne.

  • Jonas Stein utenfor UiT Norges arktiske universitet

    Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap, UiT

    – Målinga viser at vi kan forvente oss ei viss taktisk stemmegjeving. KrF veks mykje takka vere Høgre-veljarar, mens MDG veks grunna tidlegare SV-veljarar.

    – Samtidig har ein god del av dei som svarar MDG ikkje stemt tidlegare. Det er meir usikkert om desse veljarane møter stemmelokala.

    – Venstres problem på denne målinga er at mange tidligare veljarar har sett seg på gjerdet.

  • Portrettbilde av Mads Motrøen i Norstat

    Mads Motrøen, Norstat

    – Blant småpartia blir det eit race for å kome over sperregrensa.

    – KrF har i dei siste målingane vore over sperregrensa, noko dei ikkje har vore på Norstats NRK-målingar sidan i fjor. Her får dei drahjelp frå tidlegare Høgre-veljarar og gjerdesittarar.

    – For Venstre er situasjonen no meir uavklart. Dei hentar klart færre frå Høgre enn før, og mistar fleire veljarar til Ap, KrF og MDG enn i vår.

Publisert 15.08.2025, kl. 18.00 Oppdatert 15.08.2025, kl. 18.05

Read Entire Article