Krev midlar til rassikring: – Episenteret for naturkatastrofar

2 weeks ago 10



Medan skademeldingane framleis tikkar inn hos forsikringsselskapa, besøkte energiministeren Ullensvang for å sjå omfanget etter uvêret «Jakob».

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
OPPRYDDING: Vatnet fossa inn på det tradisjonsrike Hotel Ullensvang under uvêret «Jakob». Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Publisert 04.11.2024 12:32

Førre veke herja uvêret «Jakob » på Vestlandet, og mange vakna til overfløymde kjellarar og stengde vegar.

Fleire husstandar måtte evakuere på grunn av uvêret, og innbyggarane i Odda var totalt isolert.

På fv. 550 mellom Odda og Utne kollapsa ei bru på grunn av dei store vassmengdene. 

Måndag tok energiminister Terje Aasland (Ap) turen til Ullensvang, der han skal besøke områda som blei råka av flaum, og høyre om korleis kommunen forberedde seg på uvêret.

La fram fleire krav

Under møtet med kommunen fekk Aasland presentert fleire krav. Mellom anna ønsker Ullensvang større løyvingar til flaum og rassikring, ein fast beredskapsbåt i Sørfjorden i Hardanger, og at NVE skal bli fast stasjonert i Ullensvang.

Kommunen ønsker også tunnel på fv. 49 mellom Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen og rassikring av rv. 13 gjennom Oddadalen.

– Dette kunne gått gale om tilfella var annleis, seier varaordførar Inger Synnøve Vestrheim (H) under framføringa.

– Odda er episenteret for naturkatastrofar. Vi har alle farane for det, legg ho til.

– Enormt dramatisk

– Her har vêret vore enormt dramatisk med mykje nedbør. Det er masse etterarbeid, og det er også store skadar, trass i at dei forberedde seg godt, seier Aasland til TV 2.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
I ODDA: Energiminister Terje Aasland er i Odda måndag. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Han seier at regjeringa vil hjelpe kommunane med å sikre område mot flaum.

– Vi veit at vêret blir villare og våtare, og ein må førebu seg betre på naturhendingar, seier Aasland.

– Vi skal hjelpe kommunane med å sikre område, og vi treng å gjere omfattande sikringsarbeid i åra som kjem, legg han til.

Aasland viser til ei stortingsmelding som blei lagt fram i slutten av mai, som handla om førebygging av flaum og skred.

– Der senkar vi kommunane sin eigendel i flaumsikringsarbeidet. Det er eit uttrykk for at vi treng meir av det i tida framover.

Mindre enn frykta

Skademeldingane tikkar framleis inn hos forsikringsselskapa. 

– Majoriteten av skadane er vasskadar på bygningar, alt frå utette tak til kjellarar fulle av vatn, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg. 

Dei har så langt fått inn 46 skademeldingar frå uvêret. Både If og Frende opplyser at dei har fått inn 40 meldingar.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
STORE SKADAR: Mange opplevde å få kjellaren full i vatn under ekstremvêret Jakob, slik som denne bustaden i Sandviken i Bergen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Det er betydeleg mindre enn dei hadde frykta. 

– Det trur vi er ein kombinasjon av at folk har vore flinke til å førebygge og sikre at vatnet renn vekk, og at det kom mindre vatn i dei flaumutsette områda enn det vi hadde frykta, seier Brandeggen. 

Han ventar at talet på skademeldingar vil auke, særleg når folk får reist ut og sjekka stoda på hyttene sine. Fleire av dei hardast råka områda er populære hytteområde. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
MYKJE VATN: Vangsvatnet på Voss gjekk over sine breidder under uvêret «Jakob». Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Vi oppmodar alle til å sjekke hytter og fritidsbustader for vasskadar. Dersom det er skadar, gjeld det å komme i gang med opprydding så fort som mogleg, seier Brandeggen.

– Når du ryddar, er det viktig å hugse på at tryggleiken til deg og dine alltid kjem først. Ikkje ta nokre sjansar, oppmodar Marius Solberg Anfinsen, kommunikasjonsrådgjevar i Frende Forsikring.

Read Entire Article