Krev 16 års fengsel for alle: – Eit hentelag med militær presisjon

1 month ago 38



Rettsforhandlingane etter ein heilt spektakulær smuglarsak nærmar seg slutten. 

Dei to siste vekene har fire albanarar møtt i Gulating lagmannsrett. 

Alle tiltalte for å ha medverka til å få heile 150 kilo kokain inn i Noreg i eitt og same jafs våren 2023.

Ein femte person skal ha inngått «ein deal» og tilstod derfor under tingrettssaka i fjor. Han aksepterte dommen på 10 år og fire månadar. 

Den sjette døydde i fengsel før saka kom for retten.

 Politiet
HØG VERDI: Henteaksjonen i Noreg kosta mykje i pengar. No kan den koste fire tiltalte mange år i fengsel. Fire slike kokainbaggar vart frakta til Husnes under sjølinja på eit lasteskip. Foto: Politiet

Tatt på fersken i fjæra

Saka det handlar om er den sokalla «parasittsmuglinga» på Husnes i Sunnhordland. 

Eit lasteskip frå Brasil kom til industribygda med ei høgt etterspurt vare festa til kjølen. Fire svarte baggar med i alt 150 kilo kokain. Gateverdi på kring 150 millionar kroner.

Det var altså det dei opphavleg seks albanarane var på Husnes for å henta, ifølge påtalemakta. Ein metode kjent frå Europa, men aldri tidlegare avslørt i Noreg.

– Vi har å gjera med eit profesjonelt og godt koordinert hentelag som blir tatt på fersken, sa konstituert statsadvokat Asbjørn Onarheim til lagmannsretten i Bergen.

Slik var politiaksjonen: Tatt på fersken med 150 kilo kokain

Minst ti personar var involvert i den kostbare aksjonen med å få henta kokainet i Norge, ifølge politiet:

Dei seks som vart arresterte på Husnes.

Den albanske mannen som køyrde dykkarutstyret inn i Noreg og avleverte det på Gardermoen.

 Og tre ikkje-identifiserte personar som heldt i trådane på kryptert chat: «Gaddafi», «Illyrian» og «Interisti».

Dette er dei tiltalte i Husnes-saka

Mann (46): Dykkaren

Nektar straffskuld - dømd til 15 års fengsel i tingretten

Skal ha henta stoffet under sjølinja på lasteskipet «Nordloire». Førte det i land ca 1 km nord for kaien ved hjelp av undervass-scooter, ifølge tiltalen. Vart arrestert nokre kilometer lenger nord igjen. Då hadde han på seg eit klesplagg som er vanleg å ha under tørrdrakta, var utan sko og bilen var full i dykkarutstyr. Forsvarar: Ole Petter Drevland.

Kvinne (33): Sjåfør, innkjøp og tolk

Nektar straffskuld - dømd til 4 år og 10 månadar fengsel i tingretten

Skal ha vore med på å planlegge aksjonen, kjøpt dykkarutstyr i Bergen og fungert som tolk. Skal også ha handtert dykkarutstyret før dykket og køyrd den 46 år gamle dykkaren i bil til og frå staden der stoffet vart henta opp. Arrestert saman med 46-åringen, ho køyrde bilen. Forsvarar: Fredrik Schøne Brodwall.

Mann (26): Sjåfør for narkotikaen

Erkjenner delvis straffskuld - dømd til 13 år og seks månadar fengsel i tingretten.

Skal ha vore med på planlegging av aksjonen og ved å ta imot stoffet i vasskanten. Så skal han ha lagt det i bilen som han køyrde aleine. Også arrestert saman med dei to andre over. Har sagt at han trudde han skulle hente hasj. Var den første som vart pågripen. Forsvarar: Sara Ler Christensen.

Mann (27): Frakt av utstyr

Nektar straffskuld - dømd til 13 år og seks månadar fengsel i tingretten.

Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert ved eit naust ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Kai Inge Gavle

Mann (30): Frakt av utstyr

Erkjenner straffskuld - dømd til 10 år og fire månadar fengsel og har akseptert dommen.

Tiltalt for det same som mannen over. Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert saman med 27-åringen ved naustet ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Alexander Gonzalo Sele.

Dei to siste mennene vart arrestert saman med ein sjette sikta person i saka. Vedkommande køyrde også bil og skulle ifølge TV 2 sine opplysingar plukke opp 27-åringen og 30-åringen ved naustet etter at stoffet var kome i land. Mannen døydde i fengsel i fjor og saken mot han er difor lagt vekk.

Vart dei lurt?

Det har vore fleire forklaringar på kvifor albanarane kom til Noreg denne våren. Det kjem litt an på kven av dei du spør.

Mannen som til slutt hadde all kokainet i bilen sin, sa først til politiet at han hadde funne det tilfeldig og at han skulle gi det til politiet.

Det var før han vart klart over at både politiet og tollvesenet hadde spana på dei i dagevis og hadde heile operasjonen deira på film frå eit helikopter. 

Seinare forklarte han at det var hasj han skulle hente, ikkje kokain.

TV 2 har møtt éin av dei to mennene som bar baggane i land og inn i ein bil. 28-åringen seier han blei lurt. Han er bygningsarbeidar og seier han kom til Noreg for å gjera oppussingsarbeid på eit hus.

Les intervjuet:

«Mario» fryktar blodhemn: – Kriminelle brukar det til sin fordel

Forsvarar Kai Inge Gavle minna retten om at hans klient allereie hadde vore ein tur i Noreg for å søkje arbeid, men det blei bomtur.

– Det er ikkje usannsynleg at han i forbindelse med undersøkingar om jobb i Noreg kom i kontakt med menneske som driv med narkotikasmugling. Det er dette som får han inn i hentelaget, sa Gavle.

– Han var eit lett bytte. Og har hatt ei perifer rolle.

 Paul S. Amundsen / NTB
PROSEDYRAR: Kai Inge Gavle (til venstre) heldt sin prosedyre i lagmannsretten måndag. Bak er dykkarens forsvarar, Ole Petter Drevland. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Statkraft-hjelm

Mannen som dykka til skipet og skar kokainet laust frå kjølen seier han kom til Noreg for å inspisere eit turistskip. Han er profesjonell dykkar med eige firma i Albania og har gjort fleire liknande vedlikehaldsoppdrag. 

I retten vart det mellom anna vist bilete av mannen under utbygginga av ein dam i Albania. På biletet er mannen iført vernehjelm med Statkraft-logoen på.

Også han skal ha blitt lurt til Norge. Då dei etterkvart skal ha oppdaga kva dei var i ferd med å vera med på, vart dei truga til å halde fram, ifølge forklaringane.

Slo tilbake på forklaringane

Statsadvokat Onarheim brukte mykje av prosedyren på å forsøke å plukka dei ulike forklaringane frå kvarandre. 

– Dette er ikkje historia om handverkaren som blei lurt eller dykkaren som skulle på skipsinspeksjon. Dei er alle ein del av eit hentelag med dedikerte roller, som utførte ein aksjon med nærast militær presisjon, sa Onarheim. 

Han meiner fleire av forklaringane til dei tiltalte er «underlege», «konstruerte» og «strider mot all sunn fornuft». 

Og at dei «gøymer seg» bak forklaringar om albansk blodhemn-kultur når spørsmåla blir krevjande å svare på.

Fleire bølger av «kokain-tsunamien» vil treffe Norge

Han viste også til at dykkaren og den medtiltalte kvinna var i den franske byen Brest samstundes som det blei gjort eit stort kokainbeslag frå eit lasteskip der, få månadar før Husnes-besøket.

– Det er avslørande. Reisa til Brest følgjer oppskrifta til reisa til Husnes. Det blir bestilt dykkarutstyr, bakmann ordnar billettar og telefonar blir lagt att heime. 178 kilo kokain var festa på same måte på skipet i Brest som på Husnes.

Risikerer tredobling i straff

Ein mann har altså akseptert dommen frå tingretten. Difor er det berre fire att på tiltalebenken i lagmannsretten. 

Tre av dei anka dommen i tingretten, medan påtalemakta anka straffutmålinga for kvinna.

Statsadvokaten la ned påstand om straff på 16 års fengsel for alle dei fire. Det inkluderer skjerping av straff som følgje av mafiaparagrafen.

Om det blir fasiten, representerer det ei tredobling i fengselsstraff for kvinna som vart dømd til fire år og ti månadar fengsel i tingretten.

Dei tiltalte reagerte ved å gråte stille, legge ansiktet i bordplata og halde seg for ansiktet.

 Frode Hoff / TV 2
I LAND HER: Lasteskipet låg til kai ved Hydro Husnes. Vel ein kilometer lenger nord gjekk dykkaren ut i sjøen her og tok seg fram med undervasscooter. Tilbake kom han med fire baggar som vart løfta inn i ein bil på moloen. Foto: Frode Hoff / TV 2

Statsadvokaten vedgjekk at han har vore i tvil på om fengselsstraffa bør differensierast mellom dei tiltale.

– Særleg vanskeleg har det vore å vurdere om straffa skal setjast ned for kvinna sin del, grunna helseutfordringar og familieforhold, erkjente Onarheim.

Men storleiken på kokainsmuglinga, som altså er det største beslaget på Vestlandet nokon gong, gjer at statsadvokaten landar på lik straffepåstand for alle.

– Som mor har ho teke ein risiko ved å gi seg ut på dette, argumenterte han.

Read Entire Article