Kraftige protestar mot reklame­kampanje for å lokka fleire friluftsliv­turistar til Noreg

1 month ago 12



I nesten to år har Innovasjon Noreg jobba med ei ny satsing for korleis Noreg skal marknadsførars som turistdestinasjon.

Friluftsliv er ein sentral del av kampanjen.

– Vi vil løfte fram den delen av norsk kultur som handlar om å bruke naturen, seier Aase Marthe Horrigmo. For er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.

Men satsinga har skapt stor skepsis og mange protestar, allereie før den er ferdig.

Aase Marthe J. Horrigmo

Aase Marthe Horrigmo er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Øydeleggande økonomisk og for naturen

Særleg er det aktørar i dei delane av landet som har mest turisme, som er redd for ein heilbom frå det statlege selskapet.

I Nord-Noreg og på Vestlandet har ei samla reiselivsnæring protestert, saman med mellom andre fylkeskommunar.

Her opplever dei allereie no at det er så mange utlendingar som skal bruke norsk natur at det ikkje er berekraftig.

Trond Øverås, direktør i Northern Norway.

Trond Øverås, Northern Norway, seier dei somme stader allereie har for mange friluftslivsturistar.

Foto: Trygve Grønning / NRK

– Vi er skeptiske til å bruke omgrepet friluftsliv i eit internasjonalt marknad, seier direktør i Northern Norway, Trond Øverås.

– Dette kan føre til ein større grad av uregulert trafikk og camping. Vi har allereie område der dette er utfordrande.

Vil vite meir

Og paraplyorganisasjonen for reiselivet på Vestlandet, Fjord Noreg, reagerer.

– Vi har bedt Innovasjon Noreg å vurdere å sette denne kampanjen på hald. Vi treng å vite meir om korleis det vil påverke det kommersielle reiselivet, seier direktør Stein Ove Rolland.

Dei to direktørane seier dei ikkje har fått sett noko av kampanjen, men reagerer på det Innovasjon Noreg sjølv har presentert.

Stein Ove Rolland, adm. dir., Fjord Norge AS

Stein Ove Rolland, Fjord Noreg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Set kampanje på pause

No vert altså kampanjen stoppa på ubestemt tid.

– Vi tek tilbakemeldingane på alvor, og vil invitere til ny dialog om korleis dette skal løysast, seier Horrigmo.

Sjølv om arbeidet med kampanjen har gått føre seg i to år, seier ho at dei framleis er i ein tidleg fase. Difor vil ikkje mykje pengar gå tapt.

Horrigmo peiker på at dei har fått positive tilbakemeldingar frå delar av landet.

NRK veit at det har vore frustrasjon i deler av reiselivsnæringa med tanke på korleis det statlege selskapet har reklamert for landet.

Men Horrigmo avviser at det er for stor avstand mellom Innovasjon Noreg og næringa dei skal representere.

Stort press på naturen

Stadig fleire utlendingar får opp auga for dei norske fellesgoda som allemannsretten.

Somme stader, som i Lofoten og i Hardanger, opplever ein at det er i ferd med å bli problematisk.

Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær, Den Norske Turistforening

Dag Terje Solvang er generalsekretær i DNT.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Det slit på naturen og skaper farlege situasjonar når turistar med låg kunnskap om norsk natur ferierer i den.

Den norske turistforeininga får stadig fleire utanlandske medlemmer. DNT er og skeptiske til marknadsføringsplanane til Innovasjon Noreg.

– Konsekvensen kan bli at det vert for stort trykk, for mange kjem hit, seier generalsekretær Dag Terje Solvang.

– Det kan bli for mykje trafikk for naturen og for dei som bur her. Då vert det ikkje lengre ein positiv ting å få besøk.

Horrigmo i Innovasjon Noreg seier eit av deira mål var å lære utlendingar meir om korleis dei kan ha eit trygt og berekraftig friluftsliv i Noreg.

Ho håper kampanjen kan sjå dagens lys ein gong i framtida.

Slitasje på sti i Lofoten

Mange stader opplever slitasje på naturen. Som her i Lofoten.

Foto: Hege Schultz Heireng

Publisert 28.08.2024, kl. 11.16

Read Entire Article