Ein bubil har blitt blåst 4-5 meter av garde og teke fyr. Det var ingen i bubilen, men den oppheld seg tett på to hus, opplyser politiet. Det vart meld om store flammar.
Naudetatane var tidleg på veg til staden og fekk sløkt brannen. Det er ingen personskadar og heller ikkje skade på bygningar rundt.
Meteorologisk institutt sende søndag ut farevarsel om særs kraftige vindkast opp i orkan styrke for område nord for Sognefjorden, til og med Sunnmøre.
Den sterkaste vinden i Vestland og Møre og Romsdal skal kome måndag føremiddag.
– Måndag morgon er det venta lokalt særs kraftige vindkast på 38–43 meter per sekund, først frå sør, seinare frå sørvest, og opptil sterk storm på 30 meter per sekund, det kan hende orkan på 33 meter per sekund på kysten, skriv Meteorologisk institutt.
Stengde vegar
Rundt klokka 05.30 var fleire vegar og båtruter stengde.
- Fv 5625 Skjerdalsvegen i Aurland er stengt på grunn av steinsprang og fare for fleire ras. Ny vurdering måndag kl. 12:00
Norled melder søndag kveld at dei må kansellere ei rute i Florabassenget måndag morgon.
Fv 609 – Heilevang – Hestvika: Grunna stor skredfare har vegen blitt stengd frå søndag kveld.
Sjekk andre stengde vegar og båtruter her:
I tillegg til sterk vind vil det også komme kraftig nedbør.
Den kraftige vinden som er varsla i Møre og Romsdal og på Vestlandet, gjer at Kinn kommune har avgjort å stenge Måløybrua.
Tidleg måndag morgon var brua førebels open, melder Vegtrafikksentralen.
Vegtrafikksentralen melder måndag morgon at natta har vore «overraskande stille», samanlikna med det som vart meld. Operatør John Andreas Omdal hadde forventa fleire hendingar på vegane. Han seier dette likevel kan endre seg fort.
– Farevarselet varer til kl. 17 måndag ettermiddag, så dette er ikkje over.
Skuleelevar må ha heimeundervisning.
– Kommunen har søndag hatt møte og vurdert situasjonen. Sidan Måløybrua truleg vil vere stengt i et lengre tidsrom på formiddagen, er det bestemt at elevane ved Skram skole og de ved Vågsøy ungdomsskole som må krysse brua, skal ha heimeundervisning, skriv Kinn kommune på sine nettsider.
Kommunen opplyser at dei har avtale med Sea Service om transport av tilsette ved kommunens helse- og omsorgstenester, barnehagar og skular.
– Vi følger utviklinga av været kontinuerleg og vil oppfordre alle om å sikre lause gjenstandar som vinden kan rive med seg, og ikkje opphalde seg i utsette område.
Publisert 21.10.2024, kl. 05.52 Oppdatert 21.10.2024, kl. 06.59