Kostbar overgang til el-bussar: – Staten eller forbrukarane som skal betale?

19 hours ago 1



– Er det staten eller forbrukarane som skal betale prisen?

Det spør Frp-politikar og ordførar i Bjørnafjorden Terje Søviknes.

Dei neste to åra skal Vestland fylke bytte ut opp mot 250 bussar. Dei skal bli elektriske.

Men prisen på ein el-buss er dobbelt så høg som prisen på ein dieselbuss.

Ein investeringskostnad fleire fylke no står ovanfor.

I Vestland vil utskiftinga koste mellom 70 og 120 millionar kroner.

Terje Søviknes

Terje Søviknes meiner ein bør vente med å innføre el-buss overalt før ein har teknologi som er moden.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Samstundes forslår Vestland fylke fleire kutt i kollektivtilbodet. Blant dei store ferjekutt i Sunnhordland og fjerne flybussen i Førde og Sogndal.

I Bjørnafjorden der Søviknes er ordførar er det foreslått å auke prisen på periodebillett på 30 dagar frå 795 kroner til 1290 kroner.

– Dette er dramatisk og gjer noko med vilja til å bruke buss til og frå jobb, meiner den tidlegare statsråden.

Vil ikkje skulde på el-buss

Leiar for hovudutvalet for samferdsel i Vestland, Arve Helle (Ap), er ikkje med på at overgangen til meir miljøvennlege bussar gjer det samla kollektivtilbodet dårlegare.

– Det er generelle økonomiske innsparingar som tvingar oss til å gå kritisk til verks på mykje av tilbodet vi gjev, men å gje skulda på elektrifisering av buss vil eg ikkje seie er rett, seier Helle.

For Vestland er ikkje åleine om å vere pressa økonomisk. I Akershus er det varsla krise og kutt i skule- og busstilbodet.

I Nordland og Møre og Romsdal går dei mot eit stort meirforbruk.

Kostbare klimakrav

Men samstundes som varsellampene lyser i fleire fylkeskommunar er det klare klimakrav frå regjeringa:

Innan 2030 skal mellom anna 3 av 4 nye langdistansebussar vere utsleppsfrie.

I dag er det berre 11,5 prosent av alle bussar som er utsleppsfrie, mange av dei finn ein i byane.

I Vestland, der Skyss har kollektivansvaret, er dei på god veg til å nå klimamålet i 2030.

På kontraktar som allereie er inngått i Nordfjord, Hardanger og Voss vil dei allereie frå neste år oppfylle kravet om 75 prosent utsleppsfrie bussar.

I 2026 startar dei opp nye kontraktar for Sunnfjord, Sogn og Sunnhordland.

– Krava som er stilt der, vil innebere at opp mot 100 prosent av langdistansebussane der blir elektriske, seier pressekontakt i Skyss, Øyvind Strømmen.

Førre vinter fekk fleire elbussar problem i Oslo.

Investering som vil løne seg

Skyss i Vestland meiner investeringa, som kan hamne på godt over 100 millionar kroner, vil løne seg framover.

– Det er billigare å drive elektrisk buss enn ein dieselbuss, og det er varsla at CO2-avgifta vil gå opp dei kommande åra, seier Strømmen.

Søviknes fryktar likevel at teknologien ikkje er god nok og at overgangen vil gå utover dei reisande.

– I sum gjev elektriske bussar eit dårlegare tilbod i form av dårlegare rute, utfordringar med punktlegheit og billettprisane har måtte skytast i vêret, seier Bjørnafjorden-ordføraren.

Ap skuldar Søviknes for å vere for defensiv i klimasatsinga.

– Det er jo ein kjensgjerning at Frp har eit ganske avslappa forhold til miljø og det har dei stort sett gjort i absolutt alt som handlar om overgangen til elektriske fartøy, seier Arve Helle i Vestland Ap.

Publisert 20.11.2024, kl. 18.38

Read Entire Article