KRONIKK: Når det stormar rundt kongehus, politikarar og andre offentlege personar, blir vi minna om kor lett vi alle kan bli freista til å pynte på sanninga.
Janne Tjensvoll Stangeland
UiS
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Når vi bruker språket presist og med omtanke, får vi fram poenga våre tydeleg – som ein pensel som legg på dei rette detaljane. Men blir vi uklare, eller om andre tvilar på kva vi meiner, kan det lett skape forvirring. Det vi seier, samsvarar ikkje alltid med det andre oppfattar. Bak alt vi uttrykkjer, ligg ei stille forventning om at folk snakkar sant.
Løgnforsking dokumenterer det dei fleste av oss eigentleg veit: Menneske lyg. I snitt fortel vi éi eller to løgner om dagen. Det som ofte kjem fram i slike undersøkingar, er at nokre bløffar langt meir enn andre – og det er desse som dreg snittet opp. Eit mindretal lyg sjeldan eller ikkje i det heile. Mange av dei som blir tekne i å forvrengje realitetane, vil eigentleg ikkje å føre nokon bak lyset, men hamnar i situasjonar der løgn verkar som den enklaste eller minst skadelege utvegen. Mange brukar kvite løgner for å beskytte seg sjølve og andre. Vi er mange som har skrytt av ein anonym fiskemiddag – eller ein vin med usmak.
Pass på detaljane!
Å bruke språket på ein truverdig og overtydande måte er ein av dei finaste gåvene vi har. Vi hugsar dei som talar med naturleg særpreg, har ei rik uttrykksevne og som verkar ekte. Slike førebilete minner oss kor mykje orda våre betyr, og kor sterkt dei formidlar kven vi er. Vi har mange ord å velje blant for å stå fram som ein velskipa språkbrukar. Men i det same vokabularet ligg òg rom for den som ønskjer å lyge med vilje.
Orda våre har den eigenskapen at dei kan ha ulik tyding. Dei vi kommuniserer med, kan henge seg opp i detaljar som vi sjølve meiner er uvesentlege, eller som vi oppfattar som uviktige for heilskapen. Andre kan lese langt meir inn i formuleringane våre enn det vi vil formidle. Slik lever språket sitt eige liv – og misforståingar oppstår ofte i mellomrommet mellom det som blir sagt, og det som blir høyrt. Folk som berre stadfestar det vi allereie veit, har vi vel alle møtt. Når det blir brot på klarleik, relevans eller presisjon, kan andre tolka det som skjulte motiv. Vi kan jamvel bli skulda for løgn når nokon tolkar oss i verste meining, og det ligg alltid noko skamfullt i det å bli skulda for å ha sagt noko som ikkje er sant. Skal du bli god til å lyge, må du passe på at detaljane i historia ikkje endrar seg frå gong til gong.
Løgna blir ofte avslørt til slutt
Blir du teken i løgn og vel å skulde på dårleg dømmekraft, er det eit uheldig val – både som forklaring og som forsøk på å rettferdiggjere løgna. Ordet dømmekraft blir ofte sagt av folk som vil glatte over ein feil og kome seg raskt vidare – akkurat som ingen ting har skjedd. Likevel blir inntrykket ståande – sjansen er der for at dei kan kome til å sminke på sanninga igjen. Det hjelper heller ikkje å leggje skulda på andre. Skal dømmekraft ha meining, må ho visast gjennom erkjenning av kva verknadar bedraget har fått – for det er der læringa ligg. Nokon lærer seint, andre lærer raskt – men dei fleste lærer av konsekvensar. I krisekommunikasjon er dette vel dokumentert: Vi tilgjev feil, men vi aksepterer sjeldan manglande vilje til å ta ansvar.
For somme kan sanninga vere tung å bere. Samtidig skjer løgn aldri i eit vakuum. Det vi vel å seie – eller halde tilbake – påverkar korleis andre forstår og vurderer oss. Difor er kommunikasjon både relasjonell og strategisk. I relasjonar må du handtere nærleik og gjensidige forventningar om å vere ærleg og open. I strategiske situasjonar blir bodskapen ofte tilpassa for å påverke andre med ein baktanke, eller for å verne om eige omdøme. Halvsanningar kan inngå i begge delar, men dei er risikable fordi avsløringar ofte svekkjer tilliten. Truverd kan ikkje pyntast på; den som lyg medvite blir som regel avslørt før eller sidan.
Omdømme og integritet
Å stole på nokon er alltid ein risiko, og tillit krev tid å byggje. Ho kan rakne på ein augneblikk, avhengig av bakgrunnen, for slik er tilliten sitt vesen. Om ikkje det skulle vere nok, kan vi òg møte menneske vi mistenkjer for å lyge for seg sjølve. Her ligg ofte livsløgna – ei sanning som er for smertefull å ta innover seg. Språkbruk, minner og tolkingar – ikkje minst omdømet deira – verkar saman når vi vurderer om andre er sannferdige og pålitelege.
Moderne omdømeforsking peikar på at det som er mest krevjande å rette opp, er moralske og etiske handlingar som set spørsmålsteikn ved integriteten vår. Det å vere rettskaffen er kjernen i eit sterkt rykte. Når dette blir svekt, hjelper verken kommunikasjonstiltak, PR eller mediestrategiar.
Truverd kan ikkje reparerast gjennom språk aleine; han må gjenreisast gjennom handling som viser vilje til endring. Etikk og moral, slik dei kjem til uttrykk gjennom språket, ser ut til å trengje inn i alt vi seier. Det norske ordforrådet er frodig og mangfaldig. Kva du hentar fram frå dette tilfanget, er med å forme deg som ein påliteleg og heiderleg person.
Språket vårt gjev oss rike moglegheiter til å uttrykkje oss presist utan å gå på akkord med sanninga. Samstundes må vi i møte med andre alltid balansere omsyn, relasjonar og realitetar. Vi treng ikkje å vere uærlege. Av og til kan ei kvit løgn vere skånsam – men varig tillit blir berre bygd gjennom openheit, ansvarleg språkbruk og vilje til å stå for det vi seier.
Publisert:
Publisert: 14. mars 2026 15:40

2 hours ago
5








English (US)