Konspirasjonsteoriane: Var Epstein kannibal?

1 hour ago 1



Det nye året starta med fleire millionar nye Epstein-filer.

Det er sjeldan at heile verda får ta del i ei etterforsking på denne måten. Dette har gitt alle moglegheit til å vere detektivar i saka.

Sidan har konspirasjonsteoriane fått bein å gå på.

Her er dei mest omtalte:

Hova leppe: Kannibalisme

Fleire bilde og videoar viser Epstein med hova, raud og irritert leppe. Fleire brukarar, mellom anna på TikTok, meiner dette er eit symptom på infeksjon etter å ha spist menneskekjøt.

Dei koplar dette til sjukdommen kuru.

Sjukdommen var utbreidd blant folkegrupper i Papua Ny-Guinea på 1900-talet som deltok i rituell kannibalisme der dei mellom anna åt hjernar.

Sjukdommen er sjeldan og påverkar nervesystemet, som kan føre til skjelvingar og ukontrollerte latterutbrot, ifølge Store Medisinske Leksikon.

Kuru kan en ikkje bli frisk av og dei smitta døyr i løpet av seks til tolv månader.

Asbjørn Dyrendal ved NTNU forskar på konspirasjonsteoriar. Han seier det er vanleg å knytte konspirasjonsteoriar om kannibalisme til folk ein ikkje likar.

– Det er ein måte å framandgjere og umenneskeleggjere folk ein mislika på. Her har ein nokon som allereie har gjort påviseleg meir enn nok gale.

– Dette er av dei så langt tynnaste teoriane, seier han.

Dette må du vite om Epstein-dokumentene

  • Hvem var Jeffrey Epstein?

    Jeffrey Epstein var en rik forretningsmann med et stort internasjonalt nettverk av kjente og mektige personer.

    I 2008 ble han dømt for å ha kjøpt seksuelle tjenester av mindreårige. I 2019 ble han tiltalt for menneskehandel av mindreårige.

    Før rettsaken var i gang ble han funnet død på cellen sin. Dødsfallet regnes som et selvmord, men har skapt grobunn for en rekke spekulasjoner og konspirasjonsteorier.

    Det påstås blant annet at Epstein ble drept for å unngå avsløring av forbrytelser begått av elitepersoner. Teorien mangler bevis.

    Partneren hans Ghislaine Maxwell ble i 2021 dømt til 20 års fengsel for medvirkning til overgrep ved å rekruttere mindreårige jenter for Epstein.

  • Hva inneholder dokumentene?

    De såkalte Epstein-dokumentene er millioner av dokumenter som inkluderer e-poster, tekstmeldinger, fotografier og videoer.

    Dokumentene knyttes til Epsteins kriminelle aktivitet og hans sosiale nettverk av offentlige personer som inkluderte politikere og kjendiser.

    Filene består av over 300 gigabytes med data, dokumenter, video, fotografier og lyd som er lagret i FBIs hovedsystem for elektronisk saksbehandling.

  • Hvorfor blir de offentliggjort nå?

    Epsten-dokumentene har blitt publisert av det amerikanske justisdepartementet i flere runder - sist 30. januar.

    Men flere millioner av dokumenter skal fremdeles være upublisert, ifølge BBC.

    Under valgkampen i 2024 luftet president Donald Trump ideen om å offentliggjøre dokumentene. Han ombestemte seg da det ble stilt spørsmål ved hans eget vennskap med Epstein.

    Mange Trump-tilhengere har den siste tiden kritisert ham for ikke å dele all informasjon om Epstein-saken. I juni 2025 ba Trump for første gang retten om å frigi vitnemål fra Epstein-rettssaken.

  • Hvem er blitt koblet til Epstein?

    Navnene til en rekke kjente personer har dukket opp i Epstein-dokumentene.

    Noen av de mest omtalte er Donald Trump, Bill Clinton, Andrew Mountbatten-Windsor (tidligere prins Andrew) og Bill Gates.

    Flere kjente nordmenn er del av det omfattende materialet. Det gjelder blant annet tidligere statsminister, Nobel-komiteleder, Thorbjørn Jagland, kronprinsesse Mette-Marit, tidligere toppdiplomat Terje Rød-Larsen, ambassadør Mona Juul samt leder av Verdens økonoimiske forum og tidligere utenriksminister Børge Brende fra Høyre.

    Det er viktig å understreke at selv om de er nevnt, betyr ikke det at de er skyldige i noe straffbart.

Kodeord: Pizza = jente og shrimp = baby

I filene er ordet «pizza» nemnt 842 gongar. På internett meiner folk dette er eit kodeord knytt til overgrep og menneskehandel. Dette er ikkje første gong denne teorien dukkar opp.

I 2016 går ein væpna mann inn på ein pizzarestaurant i Washington D.C. Han fyrer av fleire skot, fordi han er overtydd om at ein hemmeleg pedofilring leia av Hillary Clinton held barn fanga i kjellaren. No vil han fri dei.

Men, det er ingen skjulte barn der. Heller inga Hillary Clinton. Restauranten har ikkje eingong kjellar.

Årsaka til at mannen stormar restauranten, er fordi han trur på konspirasjonsteorien pizzagate.

Den skildrar eit hemmeleg nettverk som styrer verda og er pedofile. Det heile starta veka før presidentvalet i USA i 2016, på det anonyme bildeforumet 4Chan.

Donald Trump-sympatisørar plukka opp teorien, og etter kvart dukka det opp nyheitsartiklar som handla om korleis 4Chan avslørte eliten i Washington D.C.

– Å dekode hemmelege bodskap er ein viktig del av konspirasjonskulturen.

Det viktigaste med å dekode hemmelege bodskap er nok spenninga ved «oppdagelse» og at man er del av et fortolkingsfellesskap.

Årsaka er at ein potensielt kan få sosial status blant likesinnede dersom ein klarer å oppdage og tolke kodeord.

Folk meiner ordet «shrimp» er kodeord for baby, og at det eigentleg er babyar Epstein skriv om i e-postane under.

  • Fra:Jeffrey Epstein
  • Til:Oliver Colom
  • Dato:26.06.13
  • Emne:RE:

Nei, noen er som reker. Du kaster vekk hodet og beholder kroppen.

  • Fra:Oliver Colum
  • Til:Jeffrey Epstein
  • Dato:19.02.26
  • Emne:RE:

Jeg liker reker.

Men ikke noe særlig hvis den er for rosa, men jeg er definitivt mer interessert i hvit framfor noen annen farge.

Jeg liker filosofien din.

  • Fra:Jeffrey Epstein
  • Til:Oliver Colom
  • Dato:17.06.13
  • Emne:RE:

Jeg kan ikke engang tenke på lukten av svarte reker. Ugh

Politiet i Washington D.C sa at det ikkje fanst bevis for pizzagate-påstandane i 2016. Men no har teorien altså fått nytt liv, takka vere Epstein-filene.

I 2008 vart Epstein dømd for kjøp av seksuelle tenester frå ein mindreårig.

Fleire koplar no saman det faktum at Epstein var seksualforyter, brukte kodeord som «pizza», med at han hadde eit mektig nettverk, som bevis på at det faktisk fanst ein hemmeleg pedofilring.

Konspirasjonsforskaren seier dette inntil vidare må sjåast på som påstandar ein ikkje har verifisert.

– Inntil vidare klassifiserer eg dette som spekulasjonar.

– Dei som faktisk «har fått rett» er nok heller journalistane og granskarane som har drive saka framover.

Sjølv om pizzagate-teorien vart motbevist i 2016, danna den grunnlaget for den QAnon-rørsla.

Den var sentral i storminga av den amerikanske kongressen i 2021. Dei held framleis fast ved at verda er styrt av ein pedofil elite, og at Donald Trump fører ein hemmeleg krig for å avsløre denne eliten.

Simpsons fortalde sanninga

«Attention: Some crazy creeps on an island somewhere are secretly running the world».

Det skriv hovudkarakter Homer i ein episode av the Simpson i 2000. I episoden blir han sendt til ei hemmeleg øy der ein mektig elite styrer. No trur fleire at Simpsons forsøkte å fortelje verda om Epstein si øy, og kva som skjedde der, allereie for 26 år sidan.

Dette er ikkje første gong skaparane av serien «spår framtida».

I tillegg er namnet til serieskaparen, Matt Groening, nemnt Epstein-filene. Da i forbindelse med ein kalender. Avsendar og mottakar er sluddet.

Svart tekst over hvit bakgrunn.

Dette er deler av mailen som viser namnet til Matt Groening.

Faksimile: USAs Justisdepartement

Epstein-offer Virginia Giuffre hevdar ho gav Groening ein fotmassasje på privatflyet til Epstein då ho var 16 år. Ho skulda han ikkje for seksuelle overgrep.

Serieskaparane har ikkje kommentert denne teorien, men når dei tidlegare har blitt konfronterte med spådommane sine tidlegare, så har dei sagt at dersom ein studerer historie og matematikk nøye, er det umogleg å ikkje spå ting.

Michael Jackson prøvde å åtvare

Skal ein tru denne konspirasjonsteorien, prøvde Michael Jackson å åtvare om Epstein. Fleire meiner låta «They Don’t Care About Us» handlar om dette, og ikkje rasisme, som Jackson tidlegare har sagt.

Skinhead, deadhead, everybody, gone bad

Situation, speculation, everybody, litigation

Beat me, bash me, you can never trash me

Hit me, kick me, you can never get me

All I wanna say is that they don't really care about us

I teorien blir det spekulert på om Neverland, Jackson sin enorme eigedom i California, vart bygd for å redde barn frå Epstein si øy.

Jackson blei sjølv skulda for seksuelle overgrep mot barn gjennom fleire tiår. Han nekta for påstandane, og vart aldri dømd. Jackson døydde i 2009.

Michael Jackson og Epstein

EPSTEIN OG JACKSON: Dette bildet dukka opp i filene.

Foto: Epsteins files / Department of Justice

Madeleine McCann blei selt til Epstein

Ein annan konspirasjonsteori omhandlar ein av verdas mest kjende forsvinningssaker.

Internett-detektivane meiner fleire ting tyder på at foreldra til Madeleine McCann selde henne til Epstein via hans mangeårige partnar Ghislaine Maxwell.

Eit vitne skal ha observert ei velkledd og maskulin kvinne i nærleiken av leiligheta McCann forsvann frå i Portugal i 2007.

Dette resulterte i ei skisse, laga av privatetterforskarar, som fleire meiner liknar på Maxwell.

Det finnast ingen offisielle dokument eller reisebevis som tilseier at Maxwell var i Portugal då McCann forsvann i mai 2007.

Maxwell sonar ein 20-årig dom for å ha skaffa mindreårige jenter til Epstein.

I tillegg blir det hevda at namnet til faren er i Epstein-filene.

Dette stemmer ikkje. Men – namnet Sean McCan er nemnt 217 gongar. Det er heller ikkje stadfesta at mannen på bildet er faren til Madeleine McCann.

Er Epstein i live?

Også eitt bilde ein mann med grått hår, skjegg og mørke solbriller på veg over gata i Israel spreier seg på internett. Det blir hevda at mannen på bildet er Jeffrey Epstein.

Konspirasjonsteorien går ut på at han er i live og gøymer seg i Israel.

Ein mann med grått hår og skjegg går over gata i Tel Aviv.

Kunstig intelligens: Bildet av mannen som liknar på Epstein er ikkje ekte.

Faksimile: Skjermdump

Fleire mediehus har faktasjekka bildet, og konkludert med at det er falskt og laga ved hjelp av kunstig intelligens.

Vart han drepen?

Epstein vart arrestert i juli 2019. Månaden etter vart han funnen død på cella.

Sidan har mange spekulert på om han faktisk tok sitt eige liv. Dersom han ikkje gjorde det, kven kan då stå bak?

Teorien «Epstein didnt kill himself» tar utgangspunkt i ei rekke hendingar i fengselet kvelden han døydde.

  • Vaktene sjekka ikkje cella på tidspunkta dei skulle, men sat på telefonane før begge to sovna. Dei forfalska loggane for å skjule det. Begge blei tiltalte for forfalsking og har i ettertid innrømt dette.
  • FBI offentleggjorde i 2019 fleire timar med videomateriale frå overvakingskamera utanfor cella til Epstein. Der mangla det eitt minutt med opptak – frå 23:59 til 00:00.
  • Cellekameraten til Epstein blei flytta trass i at psykologane i fengselet kravde at Epstein måtte dele celle med nokon. Grunnen var tidlegare forsøk på sjølvmord. Dagen før han døydde vart cellekameraten flytta.
  • Epstein var under sjølvmordsvakt, men denne vart fjerna berre dagar før han døydde.

– Ein kan godt tenke seg at det er enkeltindivider eller grupper som har sett seg tent med at Epstein forsvann, seier forskaren.

Fleire meiner maktpersonar med eit nært forhold til Epstein står bak drapet. Både president Donald Trump og tidlegare president Bill Clinton har fått peikefingeren retta mot seg.

To menn i dress og slips. Flere menn står i en stue foran et vindu.

Både Donald Trump og Bill Clinton hadde tette relasjonar til Epstein.

Konspirasjonsteoriar blir ofte utløyste av store hendingar. Dette skjedde både under pandemien, og under det amerikanske presidentvalet.

Ein norsk studie viser at folk som er einsame i ungdomsåra, har større risiko for å tru på konspirasjonsteoriar som vaksne.

Publisert 20.02.2026, kl. 21.31

Read Entire Article