Kommunepartia avgjer om dei ønsker ho på Stortinget – statsråden sjølv vil ikkje svare

1 month ago 18



– Me har bete oss merke i at ho ikkje har gjeve noko svar på om ho er aktuell og då er det vel mest naturleg å tenke at ho ikkje er aktuell.

Det seier Oscar Tørres Lindstad, medlemsansvarleg i Røros Arbeidarparti. Han hadde håpa at Karianne Tung ville stille til Stortinget igjen.

– Då eg snakka med ho i vinter oppmoda eg ho sterkt til å stille seg til disposisjon for nominasjonskomiteen, seier Lindstad.

For no skal kommunepartia avgjere kven dei aller helst vil ha på Stortinget frå Arbeidarpartiet. Og tidlegare har fleire av lokallaga spelt inn digitaliseringsministeren.

I den første innspelsrunden hadde 20 av 42 lokallag spelt inn at dei ville ha Karianne Tung på Stortinget.

Og dette jobbar no kommunepartia ut ifrå, men utan svar på om Tung eigentleg vil tilbake på Stortinget eller ikkje.

NRK har prøvd gjentatte gongar prøvd å få svar frå Karianne Tung, men utan respons.

– Hadde vore greitt om ho hadde avklart dette

– Alle som seier ja til å stille er jo ein potensiell kandidat, seier leiar i Ørland Arbeidarparti, Fredrik Sandness.

Han meiner at Tung likevel er ein aktuell kandidat trass i manglande avklaring.

– Det hadde sjølvsagt vore greitt om Karianne hadde avklart dette, men samstundes vil ho vere ein aktuell kandidat ettersom ho sit som minister i dag.

Altså meiner enkelte lokallag at Tung framleis er ein aktuell kandidat, medan andre har avskrive ministeren.

Sandness legg til at ho heller ikkje stod på lista under denne perioden, men at ho blei minister uansett.

– Det er vel over 80 namn som er spelt inn til no og alle har vel ikkje avklart om dei er aktuell eller ikkje.

Karianne Tung sat på Stortinget frå 2013 til 2017 og har vore Digitaliserings- og forvaltingsminister sidan oktober 2023. I mellomtida har ho vore vekke frå politikken.

Støre-regjeringen presenterer nye statsråder

Karianne Tung gjorde eit comeback i politikken då ho blei utnemnd til digitaliseringsminister i fjor.

Foto: Alf Simensen / Nrk

Vraka til fordel for Giske

Då Trondheim Arbeidarparti skulle vedta kven dei helst ønsker på Stortinget blei Trond Giske stemt fram som toppkandidat framfor Tung.

Giske fekk 104 stemmer mot 68 stemmer til Tung. Ministeren hamna heller ikkje lengre nede på Trondheim Ap si topp fem-liste.

Trond Giske på første rad under representantskapsmøtet til Trondheim Ap. Han smiler forsiktig og kikker til siden. Det er mye folk til stede under møtet

Trond Giske blei vald inn som toppkandidat for Trondheim Arbeidarparti medan pressa blei kasta på gangen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– No er trønderane innforstått med at Giske er på veg tilbake igjen.

Det sa kommentator og debattansvarleg Hans Petter Sjøli i VG til NRK dagen etter møtet i Trondheim.

Men for å hamne på Stortinget treng Giske også fleirtal når den endelege lista frå Ap i valdistriktet Sør-Trøndelag.

På nominasjonsmøtet 30. november har Trondheim Ap 57 av 133 delegatar i og treng 10 stemmer til for å få fleirtal.

Men Giske er også å finne på listene til andre kommuneparti, til dømes i Oppdal der han er foreslått på 2. plass.

– Det handlar om den politikken han ønsker å legge fram. Og det er det som er viktig for oss – å få fram den sosialdemokratiske linja.

Det seier leiar i Oppdal Arbeidarparti, Tor Snøve, om kvifor dei ønsker Giske inn på Stortinget.

Må finne ut om folk vil stille

Fram til den endelege lista frå Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag skal vedtakast, skal nominasjonskomiteen utarbeide forslag til ei felles liste. Dette arbeidet startar måndag 2. september.

I prosessen som startar no får me avklart om folk stiller eller ikkje.

Det seier leiar for nominasjonskomiteen Sør-Trøndelag, Roar Aas. Han seier dei må få svar frå politikarane som ikkje har sagt om dei vil stille på Stortinget eller ikkje.

Forhåpentlegvis kjem me fram til eit listeforslag som ikkje blir totalt snudd inn mot nominasjonsmøtet.

For før dei samlast for å endeleg vedta kven dei vil ha på Stortinget kan kommunepartia kome me endringsforslag på lista.

Me skal ha ein open prosess, og så skal me gjere vårt beste i nominasjonskomiteen for å sette saman ei liste som skapar entusiasme i lokallaga, legg Aas til.

Publisert 28.08.2024, kl. 08.12

Read Entire Article