Steinbrotet ved Jelsa skulle bli havvind-fabrikk. Så rakna planane. No vil Suldal kommune lage industritomter og hindre at steinbrotet endar i eit krater fylt av vatn. Fastbuande og hytteeigarar kallar det amatørmessig.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Windworks Jelsa ville gjere Berakvam til ein fabrikk for havvindmøller – men forhandlingane braut saman i 2024 og planane vart skrinlagde.
Men Suldal kommune vil ikkje la området skli tilbake til ingenting. I gjeldande driftsplan har Mibau Stema løyve til å ta ut stein heilt ned til 55 meter under havnivå.
Ordførar Mads Drange (Ap) var klar i mars i fjor då kommunestyret sette ned foten.
– I 2025 kan man ikkje berre lage eit hol og fylle det med vatn, sa han.
Kommunen går nå i gang med planar som set krav om at steinuttaket ikkje går lågare enn fem meter over havet, og overstyrer dermed den opphavlege driftsplanen til Europas største pukkverk.
For steingiganten betyr det at uttaket må avsluttast om lag tre år tidlegare enn det opphavlege driftsplanen la opp til.
Målet til kommunen er ei ferdig planert tomt der bedrifter kan søkje byggeløyve direkte, utan fleire rundar i planbyråkratiet.
Oppdrett?
Olav Lindseth (V) er ikkje i tvil om kvifor grepet er riktig.
– Hovudpoenget er at dette er ein svært god og interessant lokasjon. Han er konkurransedyktig i eit europeisk perspektiv. Det er mangel på den type gode areal, seier han.
Olav Lindseth
Kva slags industri han håpar på, er han like konkret om.
– Drøymen hadde vore å få noko oppdrett på land, for eksempel. Det synest eg høyrest spennande ut.
Kva med datasenter?
– Samspel mellom fleire næringar er absolutt mogleg. Men datasenter krev mykje straum og trafokapasitet. Det er ikkje sikkert det er det mest realistiske akkurat her, seier han.
I nabolaget har naboane lenge levd med støy frå Mibau Stemas sprengingar. Støv legg seg på vindauga.
Dei har lenge kjempa mot planane om å flytte steinbrotet til eit nytt og gigantisk uttak på 2700 dekar – tilsvarande 378 fotballbaner – denne gongen nærare bustadane og hyttene. Utan utvidinga må Mibau Stema legge ned verksemda og rundt 300 arbeidsplassar innan 2038.
Fjellknausen langs Sandsfjorden, som i dag skjermar naboar mot støy frå steinbrotet, kan òg bli redusert i det nye planarbeidet. Kommunen opnar for å justere han ned i både breidde og høgde for å frigjere meir næringsareal.
– Amatørmessig
Gruppa «La Sandsfjorden leva!», som organiserer naboar og hytteeigarar i området, er hard i sin dom.
Leiar Gerd Kristin Høyvik peikar på at dei næraste naboane ikkje er varsla, og at folkemøtet først kjem etter at planen er sendt på første gongs høyring.
– Medverknaden frå dei næraste naboane er fråverande, meiner ho.
Høyvik karakteriserer kommunens framferd som «amatørmessig».
– Suldal kommune kastar planar etter oss. Eit stort steinbrot, nytt kaiområde for utskiping av tømmer og masse frå Mibau Stema, datalagringsanlegg ved Tysingsvatnet og aktivitet i tønnefabrikken på Jelsa. Felles for planane er at stor og viktig natur på Jelsahalvøya, ved Sandsfjorden og Økstrafjorden blir ramma, men det er også dei same menneska som år etter år har måtta finna seg i krumspringa frå Suldal kommune, suldalspolitikarane og konsulentfirma.
Gruppa krev ei heilskapleg områderegulering som sikrar at støy, støv, lysforureining og trafikk frå alle planane i området blir vurdert samla – ikkje kvar for seg.
– Det er komplekst
Lindseth erkjenner spenningane.
– Det er konfliktar her i forhold til arbeidsplassar, næringsliv og verdiskaping kontra natur, miljø og klima. Det er mykje, det er komplekst, det er samansett, seier han.
Kommunen varslar detaljerte utgreiingar om støy, miljøpåverknad og trafikkløysingar før planen blir endeleg vedteken.
Det er planlagt ny tilkomst frå fylkesveg 517 på rettstrekket nordaust i planområdet. Rogaland fylkeskommune er allereie involvert som vegmynde.
Høyringsfristen for planprogrammet går ut 21. mai 2026. Endeleg vedtak i kommunestyret er sett til januar 2027.
– Eg har ikkje noko å tilføye, kommenterer administrerande direktør Tor Helge Hilmarsen i Mibau Stema Norge.
Publisert:
Publisert: 12. april 2026 20:28

5 hours ago
2



English (US)