Kommunane forsyner seg grovt av spare­grisen: – Vi må kutte på alle område

5 days ago 13



– Vi har ikkje råd til å frede enkeltområde, men skal forsøke å skjerme dei som treng kommunen mest.

Finansbyråd Jacob Mæhle (H) åtvarar bystyrepartia i Bergen før haustens rundar om neste års budsjett.

Han må framleis slikke såra etter fjorårets enorme budsjettblemme.

Over ein milliard kroner av sparekontoen blei brukt for å dekke utgifter. Det er 28 prosent av det såkalla disposisjonsfondet.

Også i år har kommunen kutta. Og neste år ser ikkje bildet betre ut.

– Vi skal sørge for at kommunen blir drive grunnleggjande bra. Men vi må gjennomføre kutt på alle område i kommunen, seier byråden.

Svakaste driftsresultat på 40 år

Kommuneøkonomien i Noreg har ikkje vore dårlegare på 40 år, ifølgje ein rapport KS la fram i sommar.

I fjor gjekk seks av ti kommunar med underskot. Etter nokre gode år med overskot og påfyll på sparekontoen, snudde trenden i 2023.

Også i 2024 henta mange kommunar ut store summar frå under madrassen (les: disposisjonsfondet).

For 37 kommunar var det ikkje nok å ta av i bufferen. Dei har opparbeidd seg eit meirforbruk som må dekkast inn dei neste åra.

Samla sett enda kommunane opp med å bruke meir pengar enn dei fekk inn i 2024, ifølgje KS.

No, godt ut i 2025, kan kommunekassene skimte eit lite lysglimt.

– Det var veldig høg inntektsvekst i 2025 som vil hjelpe på kommuneøkonomien, seier Rune Bye, avdelingsdirektør for kommuneøkonomi i KS.

Men det er framleis ein svært krevjande situasjon for mange kommunar, og store behov for omstillingar, påpeikar han.

«Ikkje stemning» for kutt

Dei upopulære kutta har vore forsøkt i fleire kommunar, mellom anna i Bergen.

Fleire kutt er gjennomførte, men å legge ned sju barneskular grunna minkande elevtal, det var det rett og slett «ikkje stemning for», verken blant folket eller i bystyret.

  • en gruppe mennesker som holder flagg

    Demonstrasjon mot nedlegging av Salhus skule i vår.

    Foto: Vilde Handal / NRK
  • Kulturprotest i Bergen

    Bergen kommune ville kutte kulturstipenda og spare 65 millionar kroner. Det møtte stor motstand i september 2024, og politikarane gav til slutt etter.

    Foto: Kari Nygard Tvilde

Betyr det at politikarane er litt for feige til å ta dei upopulære, men nødvendige kutta? Eller er folket litt for lite forståingsfulle?

– Det er vel eigentleg ingen av delane, meiner Elisabeth Ivarsflaten, professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Professor i statsvitenskap ved UiB, Elisabeth Ivarsflaten

Elisabeth Ivarsflaten er professor i statsvitskap ved UiB

Foto: NRK

Ho meiner kutt-utfordringane blir større i kommunar og storting med «for mange» småparti, fordi det gjer det vanskeleg å lage solide fleirtal og gjennomføre upopulære kutt.

Professoren fryktar fragmenteringa kan bli mykje verre framover, fordi veljarane kan bli frustrerte og stemme på stadig nye parti.

– Då blir politikarane litt sett ut av stand til å gjere noko med utfordringane.

Ho meiner løysinga er at dei store partia begynner med noko nytt: å samarbeide på tvers av blokkene.

– Men eg ser ikkje eigentleg at det er i ferd med å skje. Det vil krevje nokre skikkeleg gode politiske talent, seier Ivarsflaten.

Utfordrar regjeringa

I Bergen har finansbyråd Jacob Mæhle håp om å få til eit godt budsjett for 2026.

Han skulle ønske kommunen var betre førebudd på kostnadsveksten og nedgangen i skatteinntekter dei siste åra.

– Vi har lagt oss på eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig, men så har det ikkje hjelpt at vi har blitt underfinansiert. Regjeringa har ikkje tatt høgde for den løns - og prisveksten som kommunesektoren har opplevd.

Han har tre krav til den nye kommunalministeren i regjeringa:

  1. Gi kommunane eit reelt styrka handlingsrom.
  2. Trappe ned antal og andel pålegg og krav til kommunane. Særleg dei som kjem utan statleg finansiering.
  3. Roe ned på antal innvendingar som kjem frå statlege motsegnsstyresmakter til kommunar.

Demo møter bergensbyråder

F.h. finansbyråd Jakob Mæhle (H) og skulebyråd Daniel Hägglund (Frp) i fjor då folk demonstrerte mot budsjettkutt.

Foto: NRK

Statsråden lovar større handlingsrom

Kommunalminister Bjørnar Skjæran vedgår at det er ein krevjande situasjon for mange kommunar.

Han viser til at regjeringa har auka inntektene til kommunane både i fjor og i år.

– Veksten i frie inntekter frå 2024 til 2025 er faktisk den høgaste i nyare tid. Og det er lagt opp til ytterlegare vekst, seier statsråden.

en person som sitter i en stol. Personene bak klapper

Kommunalminister Bjørnar S. Skjæran (Ap).

Foto: Lise Åserud / NTB

Han ser også at det statlege styringstrykket er for stort, og meiner pengane blir best nytta når kommunane får bestemme meir sjølv.

– Det ønsker eg å få gjort noko med. Når kommunekommisjonen leverer sitt arbeid, skal vi gå i gang med det og sjå kva slags grep vi kan gjere for å lette på dette styringstrykket.

Publisert 24.09.2025, kl. 08.05

Read Entire Article