Då den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj besøkte Noreg denne veka, fekk han ein varm klem frå finansminister og tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg (Ap).
Slike «kroppsnære» helsingar er blitt eit kjent trekk ved Zelenskyjs besøk i Europa.
– Det er eit uttrykk for: Du er velkommen. Vi er vennene dine. Det handlar om å gi meir enn våpen og pengar. Det handlar om varme og vennskap.
Det seier tidlegare toppdiplomat og FN-utsending, Kai Eide.
Uvanleg i diplomatiet
Eide meiner omfamninga av Zelenskyj, handlar om mykje meir enn protokoll. Det handlar om kjensler og politiske signal.
Han understrekar at dette ikkje var vanleg då han sjølv jobba som diplomat.
– Ein tek kvarandre i handa, kanskje med begge hender, men klem kan eg ikkje hugse, seier han.
Tidlegare toppdiplomat og FN-utsending, Kai Eide.
Foto: Tom Balgaard / NRKPetter Schjerven, programleiar og forfattar av bok om kroppsspråk, meiner vi ser ein «klemmetrend» blant verdsleiarar, men at det ikkje er tilfeldig kven som klemmer kven.
– Det skjer jo ikkje mellom folk som ikkje liker kvarandre. Det er noko nært og ekte i dei klemmande møta mellom til dømes Zelenskyj og Stoltenberg. Du ser det på måten dei held kvarandre i overarmen, seier han.
Volodymyr Zelenskyj og andre toppolitikarar helsar gjerne med ein klem.
Frå amper stemning til varm mottaking
Etter det famøse møtet i Det kvite hus, der den amerikanske presidenten Donald Trump, hans visepresident J.D. Vance møtte Zelenskyj med synleg kritikk og spent stemning, fekk han ein heilt annan mottaking i London.
Der blei han møtt med klem frå Storbritannias statsminister Keir Starmer.
– Keir sprang Zelenskyj i møte og gav han ein nær klem. Det var tydeleg at han ville vise støtte og tryggleik, seier Schjerven.
– Det handlar om å vise: Her er du velkommen. Vi står ved di side, legg Schjerven til.
Slik møtte Zelenskyj Trump og Starmer.
Ifølgje Kai Eide er den tette kroppskontakten eit uttrykk for det spesielle forholdet mellom Zelenskyj og vestlege leiarar.
– Dette handlar om meir enn høflegheit. Det handlar om ein mann i krise, og leiarar som vil gi støtte ikkje berre med pengar og våpen, men med varme, vennskap og nærleik, seier han.
Petter Skjerven, programleiar, foredragshaldar og forfattar.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBSchjerven seier seg einig:
– Du ser det i måten dei held kvarandre på. Det er ekte. Det skjer ikkje mellom folk som ikkje likar kvarandre.
– Viste at Stoltenberg eigentleg ikkje ville klemme
Zelenskyj fekk ein langt varmare klem enn Trond Giske fekk av Stoltenberg i sin tid.
– Det var òg ein klem, men han viste at Stoltenberg eigentleg ikkje ville klemme. Kroppsspråket og bodskapen hang ikkje saman og då legg vi merke til det, seier forfattaren.
Usikkerhet om man skal klemme eller ikke kan skape kleine situasjoner. Forvirringen mellom Trond Giske og Jens Stoltenberg ble en snakkis i 2006.
Bileta frå TV2Det viser, meiner Schjerven, at klemmen er ei kraftfull, men sårbar gest.
Eide åtvarar òg mot å bruke klemming feil:
– Det kan òg bli feil. Nokon gonger ser vi klemmar som ser patroniserande ut. Då skapar det eit hierarki og det er respektlaust. Det må vere gjensidig og passe til situasjonen, seier han.
Kunne vere meir intimt under den kalde krigen
Å bruke varme helsingar for å vise allianse eller samhald, er ikkje noko nytt.
Under den kalde krigen var det til tider endå meir intimt.
Eide viser til det kjente bilete av aust-tyske Erich Honecker og sovjetiske Leonid Bresjnev, begge leiarar og allierte under den kalde krigen.
– Dei klemde kvarandre og kyssa kvarandre på munnen. Det var eit uttrykk for kommunistisk brorskap, seier han.
Sovjet-leiar Leonid Bresjnev og Aust-Tysklands president Erich Honecker kyssar kvarandre under 30-årsjubileet til Aust-Tyskland (DDR). Bilete frå 1979.
Foto: HELMUT LOHMANN / AP / NTBDagens klemming skjer i ein annan kontekst, understrekar Eide.
Det er ikkje lenger ideologisk fellesskap som visast fram, men støtte i ein krigssituasjon.
– Zelenskyj er ein leiar i krise, og klemmane han får frå vestlege kollegaer er ei blanding av medkjensle, politisk støtte og personleg respekt, avsluttar Eide.
Interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:
Publisert 25.03.2025, kl. 05.09