Klæbo varslar filmavsløring etter press frå veslebror: VM-truande kriser

2 hours ago 1



Klæbo blei historisk da han som første langrennsløpar gjennom tidene vann seks gull av seks moglege i eitt og same VM, og det til overmål på heimebane i Granåsen.

Vegen fram mot bragda har blitt dokumentert av veslebror Ola Høsflot Klæbo og Stian Engh. 14. november er det premiere på kinofilmen som skal gi heile Noreg innblikk i kva som skjedde i kulissane.

Da ei rekke av premierane i haust blei presentert på Cinemateket i Oslo tysdag, varsla filmskaparane at sluttresultatet vil vise ein familie som står saman «i opptur – og i kriser».

På spørsmål frå NRK om det er snakk VM-truande kriser som har blitt dokumenterte, svarer Johannes Høsflot Klæbo:

Ja, det har det jo vore.

Vil ikkje avsløre

Han innrømmer at han var usikker på om det var rett å ta med den delen, og veslebror bekreftar at han pressa litt på.

Vi har hatt ganske mange rundar og diskusjonar på om «skal vi vise dette eller skal vi ikkje vise det», og så blir det spennande når vi kjem dit at vi skal få lov til å vise det fram, seier Ola Høsflot Klæbo.

Men begge er løyndomsfulle når det gjeld kva dei etter seiande VM-truande krisene bestod i.

Eg skal ikkje røpe for mykje, men det er ting som de aldri har fått høyre om, som er med og gjer at det blir litt anna, seier Johannes Høsflot Klæbo.

Det er familiære situasjonar vi ikkje har vore borti før, og Johannes som vi ikkje har sett han før, og eg trur det blir utruleg spennande å få det ut, smiler Ola Høsflot Klæbo.

Johannes Høsflot Klæbo t.h. og Ola Høsflot Klæbo

OPNAR OPP: Ola og Johannes Høsflot Klæbo er opne om at problem vil bli avslørt i den nye filmen, men er svært løyndomsfulle om kva problema handla om.

Foto: Lise Åserud / NTB

VM-kriser

Nettopp kriser har fått meir merksemd enn Klæbos historiske gullfangst etter meisterskapen i Trondheim.

Det har sjølvsagt vore ting i ettertid som gjer at det har blitt sett eit annleis fokus på det, og det er sjølvsagt synd. Det er synd for ettermælet og all frivilligheita og all tida som er brukt, som gjorde at klubbane som hadde håpa dei skulle sitte igjen med noko ikkje sit igjen med det dei hadde planlagt å gjere. Det er kanskje det som gjer vondast for min del, seier Klæbo.

Han viser til den økonomiske skandalen VM i Granåsen har utvikla seg til å bli.

Budsjetta viste at meisterskapen skulle gå i eit stort pluss. I staden ligg det an til eit underskot på 37 millionar kroner.

– Trist sak

Nesten like mykje merksemd har det vore rundt hoppskandalen som skaka Noreg. Under ski-VM blei det norske støtteapparatet i hopp snikfilma da skidressar blei sydd om.

Noreg innrømte etter kvart juks. Ein stivare tråd blei sydd inn for at det skulle bli lengre hopp.

Dei suspenderte landslagstrenarane Magnus Brevig og Thomas Lobben, og dessutan skreddaren Adrian Livelten, blei samde med Skiforbundet om sluttavtalar og var ferdige i jobbane sine i mai.

Måndag avslørte NRK at Det internasjonale skiforbundet (FIS) ønsker utvida suspensjon for dei norske hoppstjernene Johann André Forfang og Marius Lindvik.

Hoppskandalen er ei trist sak i seg sjølv. Det må vere ein fortvilande situasjon dei som står i det no er i, og det håpar eg det blir ei løysing på ganske fort, seier Klæbo, som meiner han ikkje har innsikt nok til å ta stilling til dei siste signala til FIS.

– Men det verste som er for ein utøvar, må vere å stå i noko som ein ikkje heilt veit kva er, og den usikkerheita. Derfor håpar eg dei får løyst det så fort som mogleg.

– Ingen kan ta frå meg dagane eg hadde

Kanskje kjem Klæbos suksess ut av skuggen med filmen som er klar for visning på norske kinoar 14. november. Men det er ikkje det mest vesentlege for han.

For min del så har dette vore draumen min i ti år. Eg fekk dei mest fantastiske dagane eg kunne ha bede om, og eg fekk krona det heile med femmila. Ingen kan ta frå meg dagane eg hadde, og det er det eg sit igjen med, seier han.

Publisert 12.08.2025, kl. 19.38

Read Entire Article