Kjøpte for 1 kr - laga spektakulær møteplass

1 month ago 33



Ytterst i Lofoten vart det gamle vasstårnet på Røst selt for ei krone.

Så pussa opp og restaurert.

Eit utkikkspunkt for framtida.

Per Fugelli og kona Charlotte hadde ideen om tanketårnet.

Dei ville at vasstårnet skulle bli ein stad for refleksjon og ettertanke.

Per var tidlegare kommunelege på Røst og ein kjend sosialmedisinar.

Men han gjekk bort før han fekk gjort alvor av tanken eller sjå det ferdige resultatet.

Vasstårnet gjekk i arv til han som lagde dokumentar om Fugelli sine siste dagar, Martin Otterbeck.

Otterbeck tok med seg kompisen Pål Thomassen. Dei har gitt tårnet ein real makeover.

Men det har ikkje vore enkelt.

Det er verken bru eller bilveg ut til vasstårnet.

Difor måtte dei bruke både båt og helikopter for å transportere materiell ut til tårnet.

Dei hadde eit mål om å kunne opne dørene i løpet av 2024.

Laurdag 10. august opna Ettertanken.

Med operasongaren Hildegunn Pettersen på taket.

Og konsert med Ola og Lars Bremnes i tanken under.

– Det var ein utruleg fin opning, seier Otterbeck.

Det kom 60 tilreisande gjestar og mange røystværingar.

No kan alle som vil ta turen opp i tanken for 75 kroner.

Dei vil at bygget skal gi Røst merksemd nasjonalt og internasjonalt.

Og fremme stoltheit og framtidsoptimisme i eit øysamfunn med fråflytting.

– Då Per levde så pleidde han å seie «nam nam» når han likte noko, og eg trur om han hadde vore her, hadde han sagt det.

Otterbeck ønsker at tårnet skal vere ein stad for utsikt og for innsikt.

– Ein stad for gode refleksjonar. Til ettertanke.

Read Entire Article