Kjelder: 10 år gamal jente drepen då faren sin person­søkar eks­ploderte

3 weeks ago 18



Titals, kanskje hundretals, medlemer av Hizbollah-militsen i Libanon er alvorleg skadde etter at personsøkarane dei bruker for å kommunisere, eksploderte.

Ifølge nyheitskjelder er over 1000 menneske såra. Den iranske ambassadøren til Libanon skal også vere blant dei skadde.

Kjelder i Hizbollah melder også om minst to drepne, blant anna sonen til ein Hizbollah-krigar og ei 10 år gamal jente.

Jenta skal ha vore i nærleiken av far sin då personsøkaren hans blei sprengt.

Hizbollah skal ha brukt denne radioteknologien til å kommunisere seg i mellom.

Også i Syria skal personsøkarar ha blitt sprengt, melder Syrian Observatory for Human Rights.

NRK sin korrespondent, Yama Wolasmal er i Beirut no. Han kallar det som har skjedd svært dramatisk.

– Her i Beirut uler ambulansane i alle nabolag, spesielt i Sør-Beirut, der Hizbollah held til, og det er der dei er sterke, seier Wolasmal.

 – Holder ikke vann

NRK sin korrespondent, Yama Wolasmal, er i Beirut no og rapporterer om kaotiske tilstandar.

– Spektakulært angrep

– Det er eit spektakulært angrep.Storleiken på dette tyder på at det er ein organisasjon med store ressursar som står bak.

Det seier spesialrådgivar i Forsvarsstaben Hanne Eggen-Røiselien til NRK.

Ho seier ho ikkje vil spekulere i kven som står bak.

– Dette angrepet viser tydeleg at moderne krig er avanserte operasjonar som består av mykje meir enn berre kuler og stridsvogner, seier Røiselien.

Den israelske avisa Haaretz skriv at fleire kjelder opplyser at personsøkarane skal brått ha blitt svært varme før dei eksploderte.

Sprengt personsøker

Bilde som dette og liknande har blitt publiserte på ei rekke sosiale medium i Libanon og av internasjonale medium. Bildet syner det som skal vere ein sprengt personsøkar.

Foto: Skjermdump / Telegram

Ber folk om å hjelpe

Ein Reuters-journalist har sett ti Hizbollah-medlemmer som blødde frå sår i Beirut-forstaden Dahiyeh.

Kort tid seinare siterte Reuters ei sikkerheitskjelde som seier «hundrevis av Hizbollah-krigarar er såra etter at personsøkarane deira eksploderte».

Nyheitsbyrået AFP siterer ei kjelde tett på Hizbollah som seier at titals medlemmer er såra i slike eksplosjonar tysdag.

Helsearbeidarar over heile Libanon blir bedne om å melde seg for å hjelpe til og tenestepersonar blir bedne om å donere blod.

Lebanon Israel Pagers Exploding

Ein politimann undersøker ein bil der ein av eksplosjonane skjedde.

Foto: Hussein Malla / AP

Sikkerheitssvikt

Ei anna Hizbollah-kjelde omtaler angrepet som den største sikkerheitssvikten rørsla nokre sinne har opplevd og skuldar Israel for å stå bak.

Ifølge ein Reuters-journalist gjekk ambulansar i skytteltrafikk til dei sørlege forstadene av Beirut, der det råda tilløp til panikk tysdag.

Mange menneske samla seg ved inngangen til fleire bygningar for å undersøke om nokon dei kjenner kan ha blitt ramma.

Folk utanfor sjukehus i Beirut.

Folk samla utanfor eit sjukehus i Beirut.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters

Videoar viser eksplosjonar

Det er uklart korleis dei små personsøkarane har kunne forårsake så store skadar, så sant det ikkje var plassert sprengstoff inne i dei.

Det er også uklart korleis israelsk etterretning i så fall kan ha lukkast med å gjere dette.

Fleire uverifiserte videoar i sosiale medium viser korleis personsøkarane eksploderer i folk sine lommer og belte og eigarane som fell skrikande på bakken.

Israels militære leiing har ikkje kommentert saka.

Publisert 17.09.2024, kl. 16.19 Oppdatert 17.09.2024, kl. 17.29

Read Entire Article