Karen (79) fryktar at ho taper mot Staten - fekk med feil baby heim frå fødestova

2 days ago 4



I nesten 60 år har Karen Rafteseth Dokken hatt tre døtre. Ho var mor og ungdomskjærasten Nils var far.

For tre år sidan fekk ho ein svært uventa beskjed om at den eldste dottera ho fekk med heim frå fødestova i Herøy ikkje var deira biologiske barn.

– Det har vore ei veldig tung tid ... å få vite dette når du er 76 år. Eg har aldri hatt peiling på noko av det, så det var så heilt uforståeleg, seier ho.

For babyane på den private fødestova på Eggesbønes i Herøy blei forbytt rett etter fødselen - utan at det blei oppdaga.

Sidan 1965 har ho fostra opp om ei jente som ho eigentleg ikkje hadde noko biologiske band til, i ei bygd i Vestland fylke. Hennar eiga dotter har i alle åra budd på Sørlandet, utan at mora ante noko.

Karen Rafteseth Dokken

TUNG ALDERDOM: Karen Rafteseth Dokken seier alderdommen har blitt vond og vanskeleg.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Timar i rettssalen

Denne veka har 79-åringen sitte i rettssal K31 i Borgarting lagmannsrett. Ho kjempar for at Staten skal bli dømd til å ta ansvaret for det som skjedde.

Ved sidan av henne har ho heile tida hatt den yngste dottera si, Janne. Heller ikkje ho visste at ho hadde ei ukjend storesyster. Ho omtalar Staten si handtering av babyforbytinga som horribel.

– Eg synest det er veldig trist og synd at ho skal bruke alderdommen på dette. Å sjå kva dette har gjort med henne desse åra, eg synest ikkje det er verdig, seier ho som er veslesyster til den forbytta storesystera i familien.

Ei gamal mor som gret, får trøyst.

Saka har tatt på for Karen Rafteseth Dokken. Her får ho trøyst av frå venstre Janne Dokken og advokaten sin, Sølvi Nyvoll Tangen.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Jenta som i alle år vaks opp hos Karen Rafteseth Dokken ønskjer ikkje å la seg intervjue no, men har tidlegare fortalt historia si til NRK. Saman med Karen Rafteseth Dokken har ho gått til rettssak.

Hemmelege granskingar

Det verste for dei to saksøkjarane er at saka blei oppdaga på 80-talet, men dyssa ned.

Den andre mora, som budde i Arendal i Agder, oppdaga via ein blodprøve at dottera ikkje kunne vere hennar barn. Ho forsøkte fleire gonger å få vite kven barnet var forbytt med, men kom ingen veg verken hos Herøy kommune, fylkeslegen i Møre og Romsdal eller Helsedirektoratet.

Til slutt gav ho opp.

Men i staden for å fortelje dei involverte kva som hadde skjedd, valde styresmaktene å halde stilt.

– Det høyrer ikkje heime nokon plass, det er ikkje rettsstaten Noreg verdig, sa Karen Rafteseth Dokken, då ho vitna i retten tidlegare i veka.

Staten avviser ansvar

Først for tre år sidan kom alt for ein dag, då den andre forbytt babyen fekk overraskande treff på nettstaden My Heritage.

Advokat Asgeir Nygård, som representerer Helse- og omsorgsdepartementet seier forbytinga er tragisk og aldri skulle skjedd, men held fast på at Staten ikkje har ansvar i saka.

– Det er dels fordi denne fødestova var drive av private på 60-talet, og dels at vurderinga på 80-talet var vanskeleg for alle involverte, og ikkje utgjer eit menneskerettsbrot etter Staten sitt syn, seier han.

Staten held fast på at eit eventuelt erstatningskrav uansett er forelda.

Den andre mora, som visste at borna var forbytt, er svekt av alder og sjukdom, og er ikkje del av søksmålet.

ein mann som tek på seg ei jakke

Advokat Asgeir Nygård fører saka for Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Ho er jo så lik oss på alle måtar!

For familien Dokken har det vore ei stor glede å møte igjen den eldste dottera. Ruth Dokken har fått ei ny storesyster, og syntest det var stas.

– Det var veldig spesielt, eg kjende meg veldig igjen i henne, seier Ruth Dokken.

– Kontakten var der med ein gong, legg mor Karen Rafteseth Dokken til.

– Er du sikker på at ho er ditt barn?

– Å, ja, det er eg! Ho er jo så lik oss på alle måtar! ler 79-åringen.

Fire kvinner på ein benk

MØTTEST UNDER RETTSSAKA NYLEG: Mor Karen Rafteseth Dokken med dei tre biologiske døtrene sine: Frå venstre Linda Gotaas Risvik (som budde hos ein annan familie i oppveksten), Karen Rafteseth Dokken, Ruth Dokken og Janne Dokken.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tør ikkje håpe på siger

Opphaveleg gjekk både ei av mødrene og begge dei forbytt babyane til sak og kravde erstatning for brot på menneskerettane.

No er dei berre to saksøkjarar igjen, etter at dottera på Sørlandet nyleg inngjekk forlik med Staten.

Ho tok ikkje sjansen på å tape saka, og setje seg i gjeld. I fjor haust tapte dei den første rettssaka i Oslo tingrett, og denne veka har ankesaka blitt behandla i Borgarting lagmannsrett.

Mora, Karen Rafteseth Dokken, er redd for at ho ikkje skal vinne fram denne gongen heller.

– Nei, eg veit ikkje om eg torer å tru på noko, seier ho.

Hei

Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt! 

Publisert 27.09.2025, kl. 20.14 Oppdatert 27.09.2025, kl. 20.52

Read Entire Article