Karen (78) måtte vente i over 50 år før ho fekk vite at dottera blei forbytt på fødestova

2 weeks ago 9



I haust går ei heilt spesiell sak for retten i Oslo tingrett. Bakgrunnen er ein ufatteleg feil som skjedde på ei fødestova på Sunnmøre våren 1965.

Ingen veit framleis kva som nøyaktig skjedde, og kvifor nokon bestemte seg for å halde stilt i årevis.

– Det er veldig vanskeleg å beskrive, det er heilt uverkeleg, seier Karen Rafteseth Dokken (78).

14. februar 1965 blei ho mor for første gong, til ei lita jente. Men då ho reiste frå fødestova nokre dagar seinare, fekk ho ved ein feil med seg babyen til ein framand familie.

To babyar blei forbytt – utan at nokon oppdaga kva som hadde skjedd.

Og det skulle gå mange år før forbytinga til slutt blir oppdaga, ved ei tilfeldigheit.

Sanitetshuset på Eggesbønes, Herøy kommune

Det var her forbytinga skjedde på den gamle fødestova på Sanitetshuset på Eggesbønes i Herøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Går til rettssak mot staten og kommunen

Nesten 60 år seinare går Karen Rafteseth Dokken og dei to babyane som blei forbytt, til rettssak mot staten og kommunen.

Dei vil ha erstatning og oppreising for brot på menneskerettane, for tapt barndom og familieliv. For å ha blitt frårøva moglegheita til å bli kjende med sin biologiske familie.

Men først og fremst vil dei at Oslo tingrett skal slå fast at staten og kommune har gjort dei urett.

Det er ei av svært få liknande saker i Europa.

MALUiJxdG91PAn7U_IEl5Q8sNB58N5NAoJR6E3peGBFA

Den spesielle saka går for Oslo tingrett denne veka.

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud / NRK

Bestemte seg for å ikkje seie noko

Dei første urovekkjande varsla om at noko alvorleg gale hadde skjedd, kom i 1981. Då var jentene blitt 16 år gamle.

Den andre mora, som heller ikkje visste noko, slo alarm då ein blodprøve – utruleg nok – viste at ho ikkje kunne vere den biologiske mora til dottera.

Men då ho begynner å leite etter svar på kva som hadde skjedd, blir det vanskeleg. Verken kommunelege, fylkeslege eller helsedirektør Torbjørn Mork i Helsedirektoratet vil svare henne på kva som har skjedd, og kvar den biologiske dottera hennar har blitt av.

Etter kvart må ho slå seg til ro med beskjeden om at barnet har det bra. I sakspapira står det at mora blir rådd til å legge saka frå seg. Og som det står; «la livet gå vidare».

Karen Rafteseth Dokken

ALDERDOM: 78 år gamle Karen Rafteseth Dokken seier alderdommen er øydelagd.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Den avgjerda kan ikkje Karen Raftseth Dokken (78) fatte at dei ansvarlege tok.

– Det som skjedde på fødestova var ein grov feil som ikkje skal skje. Men det er likevel det som har skjedd etter at det blei oppdaga, eg ikkje kan godta. Då dei har drive med ei undersøking og ikkje har informert oss som var involverte i dette? Eg skjønar ikkje at det går an, seier ho.

Fødselsannonser frå Sunnmørposten

Fødselsannonsane frå Sunnmørsposten 25. februar 1965 viste at Karen Dokken fekk ei jente 14. februar. Ho blei bytta om med jentebabyen som blei fødd dagen etter.

Foto: FAKSIMILE FRÅ SUNNMØRSPOSTEN

Den andre mora er informert om at NRK omtalar saka, men ønskjer ikkje å kommentere forbytinga.

Kjenner seg annleis enn dei andre

Det er ei tilfeldigheit som fører til at skandalen til slutt blir oppdaga.

For dottera som veks opp heime hos Karen Rafteseth Dokken, kjenner seg som ein framand fugl. Mona ser annleis ut enn dei andre i familien, har ikkje dei same interessene. Ho har tidlegare fortalt til NRK at ho spør far sin rett ut om ho verkeleg er dottera hans.

Då ho til slutt tek ein gentest og registrerer seg på nettstaden My Heritage får ho utruleg nok treff, og finn familiemedlemmer ho ikkje visste om.

Endeleg får ho svar.

Mona ønskjer ikkje å seie noko om saka no.

Gruer seg til rettssaka

Men kampen er langt frå over.

Sakte, men sikkert skal to familiar prøve å finne kvarandre. To mødrer skal møte igjen dei biologiske døtrene sine for første gong, dei to syskenflokkane skal famne ei ukjend syster.

No vil familiane at nokon skal ta ansvar, be om orsaking for det som skjedde på fødestova og for at dei ikkje fekk vite om forbytinga på 80-talet.

Linda Risvik Gotaas som baby

Linda Risvik Gotaas som baby. Ho blei aldri med den biologiske mora si heim frå fødestova.

Foto: privat

– Eg håper at dei skal innrømme noko feil. Ingen har beklaga noko som helst, dei berre fornektar alt. Eg tenkjer at dei har eit ansvar, seier Linda Risvik Gotaas.

Ho er den biologiske dottera til Karen Rafteseth Dokken. Først då ho hadde blitt 57 år gamal fekk ho møte igjen mor si. Begge to seier det var ei stor glede midt i tragedien.

Linda Gotaas til venstre og mor Karen Rafteseth Dokken til høgre.

MOR OG DOTTER: Etter 57 år fekk Karen Rafteseth Dokken endeleg møte igjen den biologiske dottera si, Linda.

Foto: privat

Får ikkje til mekling

Advokatane for begge familiane meiner dei har vore utsette for grov urett, og har krav på erstatning i millionklassen. Dei seier det er tungt å møte staten og kommunen som motpart i retten, og at dei helst ville hatt eit forlik.

– Eg er veldig overraska over at stat og kommune verken vil møte dei involverte eller advokatane. Eg trur det hadde gjort det mykje enklare både å akseptere situasjonen og handtere dei vanskelege menneskelege kjenslene og relasjonane, seier Sølvi Nyvoll Tangen, som er advokat for Karen Rafteseth Dokken.

Sølvi Nyvoll Tangen

Advokat Sølvi Nyvoll Tangen seier det ikkje har vore mogleg å få til samtalar om forlik i saka.

Foto: Advokatfirmaet Harris

– Inga vedvarande krenking

Men ingen vil ta ansvar for det som skjedde. Advokatane både til staten og kommunen meiner det ikkje er mogleg å bevise kven som forveksla babyane, at sakene uansett er forelda, og at ingen har krav på erstatning. Dei ber sjølve om å få dekt utgiftene sine til rettsaka.

«Etter statens syn er det ikke treffende å fremstille forholdene i saken som en vedvarende krenkelse», heiter det i sluttinnlegget til staten.

Advokat Asgeir Nygård hos Regjeringsadvokaten skriv i ein epost til NRK at det er lett å skjønte at saka er belastande, men at det ikkje var enkelt å vite kva ein burde gjere då forbyttinga blei oppdaga.

– Dokumentasjonen frå den gongen tyder på at dei involverte fann vurderingane vanskelege, mellom anna fordi det rettsleg sett var uklart kva dei kunne gjere, skriv Nygård i ein epost til NRK.

Han slår fast at avstanden mellom partane er for stor til at det er aktuelt med rettsmekling, og viser mellom anna til at dei tre kvinnene krev inntil 20 millionar i erstatning.

Herøy kommune ønskjer ikkje å kommentere saka no.

Asgeir Nygård

Asgeir Nygård hos Regjeringsadvokaten seier det er lett å skjøne at saka er belastande.

Foto: Regjeringsadvokaten

Tør ikkje håpe

Karen Rafteseth Dokken har bilde av barn og barnebarn på veggen i stova heime i Sogn og Fjordane. Men i over 50 år visste ho ikkje at ei mangla.

Ho seier alderdommen hennar er øydelagd, og at ho grur seg til rettssaka.

– Eg torer ikkje håpe på noko som helst. Du kan ikkje stole på nokon, har eg funne ut. Men nokon må ta ansvaret, og dei må seie unnskyld, slår ho fast.

NRK har bedt helse- og omsorgsministeren om å svare på kvifor staten ikkje har ønskt å inngå eit forlik med familiane. Han vil ikkje kommentere saka.

Hei

Hei! Har du tips eller innspel, ta gjerne kontakt! 

Publisert 07.11.2024, kl. 14.13

Read Entire Article