Kan me unnsleppa Elon Musk?

4 hours ago 2



Det freistar menneskenaturen å overlata det slitsame og ubehagelege til intelligente maskinar. Men for demokratiet er det livsfarleg.

Trump tiltrekk seg tek-makt. Mark Zuckerberg, Jeff Bezos, Sundar Pichai og Elon Musk, deltok på presidentinnsettelsen i Washington, 20. januar. Foto: Julia Demaree Nikhinson, AP/NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

 5 out of 6

Henrik Skaug Sætra:

Hvordan redde demokratiet fra kunstig intelligens

186 sider

Cappelen Damm

Me lever i skumle tider. Teknologien utviklar seg med rasande fart, storebror ser deg overalt, me blir slavar av skjermane, og me kan lura på om den kunstige intelligensen (KI) vil gjera mennesket overflødig. Som om ikkje det var nok, har fleire av dei søkkrike tek-mogulane alliert seg med mørke politiske krefter som har heilt andre mål enn å utvikla demokratiet. 

Er det for seint å styra teknologien? Nei, seier Henrik Skaug Sætra. Han er førsteamanuensis på Universitetet i Oslo, der han forskar på filosofiske og etiske problemstillingar som er knytte til KI og robotar. 

Sætra har skrive bok for alle «som er lei av resignasjonen overfor teknologiselskaper», og «lei av den blåøyde heiagjengen som oppfordrer å hoppe på forskjellige teknologitog i frykt for å bli stående igjen på perrongen».  Det er ikkje nyttelaust å kjempa for politisk kontroll over utviklinga, og det er ikkje slik at «framsteg» er lik å ta i bruk stadig meir inngripande teknologi, slår han fast. 

Forfattaren er kritisk til det han oppfattar som ei naiv tilnærming til KI og digitalisering frå norske styresmakter. Det viktigaste har vore å ta teknologien i bruk, ikkje å spørja kva problem han skal løysa eller kva negative sider han kan ha, meiner Sætra.

I ettertid er det då heller ikkje moro å lesa at norsk politi og tollvesen for fleire år sidan gjorde avtale med det amerikanske gigantselskapet Palantir, som har spesialisert seg på stordata- og overvakingsteknologi. Teknologien deira kan mellom anna hjelpa tollarane med å finna ut kven som skal kontrollerast ekstra nøye. Men mannen bak Palantir, Peter Thiel, har brukt pengemakta si til blant anna å byggja den politiske karrieren til visepresident J.D. Vance, og han har sagt at det er tid for å «ta ein pause frå demokratiet».

Friarbrev til Støre

Nå er «Hvordan redde demokratiet fra kunstig intelligens» ikkje først og fremst ei agitatorisk bok. Størstedelen av boka formidlar kunnskap og oppmodar til etisk refleksjon om korleis KI kan brukast i politiske samanhengar i dag og i morgon, både på godt og vondt., 

Sætra skriv lett og til tider humoristisk, og han er prisverdig konkret. Han viser for eksempel korleis KI kan forfatta eit brev til Jonas Gahr Støre for å få han til å melda overgang til Høgre. Sjansen for at akkurat det vil lukkast er kanskje ikkje så stor, men det er fullt mogleg å masseprodusera liknande personaliserte meldingar til hundretusenvis av veljarar, basert på kva algoritmane har fått vita om deira interesser, aktivitetar og meiningar på sosiale medium. 

Neste steg er alt tatt i USA. I den siste valkampen finansierte Elon Musk utsending av falske meldingar til ei stor mengd Facebook-brukarar. Dei utgav seg for å vera frå Kamala Harris-kampanjen, men i realiteten var målet å setja Harris i dårleg lys og skremma veljarar over til Trump.

Blant forfattaren sine framtidsscenario er at politikarane kan overlata til eit «KI-teknokrati» å løysa for eksempel klimaproblemet, om lag som dei gamle romarane utnemnde ein diktator på åremål når det var krise. Så blir neste spørsmål korleis me skal ta makta tilbake frå dei intelligente maskinane dersom me vil det.

Ikkje noko kjem av seg sjølv

Sætra ser også for seg eit prøveprosjekt i Bergen i 2040 der innbyggjarane kan engasjera og trena opp ein digital tvilling, «DigiMari», til å delta i politikken på deira vegner. Vil ein sjå optimistisk på saka, kan det faktisk føra til større deltaking frå menneske som sit fast i tidsklemma, men samstundes kan den politiske roboten bli ei sovepute. For «kombinasjonen av KI og menneskets natur» er bra for å unngå individuelt ubehag – for eksempel ein opprivande diskusjon eller å pløya gjennom omfattande saksdokument – men ein elendig kombinasjon for demokratiet, slår forfattaren fast.

For me menneske vil jo gjerne hoppa over gjerdet der det er lågast. Suksessen til KI skuldast ikkje minst at teknologien sparer oss for mykje hardt og keisamt arbeid. Men folkestyret krev engasjement. Og dersom me vil ha styringa over teknologien og ikkje overlata makta til mennene som eig han, trengst både klokskap, mot og kampvilje. Henrik Skaug Sætra viser oss ingen snarvegar, og optimismen hans kan verka anstrengt. Men han har servert ein viktig og velskriven tankevekkar om kva som står på spel. 

Publisert:

Publisert: 19. mars 2025 07:00

Read Entire Article