Kallar tilbake kjøttdeig etter funn av salmonella

3 days ago 6



Kjøttet som er brukt i deigane kjem frå Tyskland, skriv Norfersk i ei pressemelding.

Det meste av partiet med kjøtt er stoppa, men nokre av pakkane har allereie kome i butikk, skriv dei.

Produktet som blir kalla tilbake på grunn av funnet av salmonella, er Spar kjøttdeig i pakkar på 400 gram, og som har siste forbruksdag 10.10.25.

Kallar tilbake fleire produkt

I tillegg kallar Norfersk tilbake ei rekke andre produkt som blei produsert i etterkant på same produksjonslinje.

Dette dreier seg om blant anna deigar frå First Price, Folkets og Jacobs. Sjå kva typar og haldbarheitsdatoar i faktaboksen under.

Produkta er selde i butikkane til Norgesgruppen, Joker, Kiwi, Meny og Spar i heile landet. I tillegg er kjøttdeigen seld i Bunnpris-butikkar.

Ber folk kaste

Norfersk ber dei som har kjøpt pakkar med kjøttdeig som no er kalla tilbake om å kaste dei, eller returnere dei til butikken der dei er kjøpt for å få refusjon.

Dersom nokon alle reie har ete kjøttet, skriv Norfersk i pressemeldinga at ein ikkje blir sjuk om kjøttet har vore gjennomsteikt eller kokt, og ein har god hygiene på kjøkkenet.

Men dersom nokon er redde for å ha blitt smitta, ber dei om at dei tek kontakt med lege.

Norfersk er eit dotterselskap av Nortura, og produserer for butikkane til Norgesgruppen.

Publisert 26.09.2025, kl. 19.27 Oppdatert 26.09.2025, kl. 19.32

Read Entire Article