Kaffiprisane skyt i vêret: – Aldri vore slike prisar før

23 hours ago 1



På råvarebørsen i New York har arabica-kaffi vore omsett for over 4,38 dollar per pund – det høgaste nivået nokon gong. Det tilsvarer om lag 46 kroner for ein halvkilo.

I tillegg kjem kostnadar til frakt og logistikk for å frakte kaffien frå produsentlanda til Noreg.

Frå november i fjor til februar steig råvareprisen med over 140 prosent. I butikkhyllene over heile landet er kaffiprisane høgare enn på fleire tiår.

  • pris på frukostkaffi er 67 kroner for 250 gram.

    Vanleg kokmalt Friele frukostkaffi kostar no kring 270 kroner kiloen, her frå ein Kiwi-butikk.

    Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK
  • 500 gram evergood kaffi kostar 124 kroner

    Evergood, som i reklamane er "litt dyrere, for smakens skyld" kostar over 120 kroner for eit halvkilo heile bønner.

    Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK
  • 500 gram friele frokostkaffi kostar 124 kroner

    Kanskje den aller mest vanlege kaffien – filtermalt frukostkaffi – kostar denne dagen på Kiwi 123 kroner for eit halvkilo.

    Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Ved Jacu kaffibrenneri i Ålesund følger dei nøye med på kva som skjer, og peikar på fleire årsaker til den kraftige prisauken.

Klimaendringar har ført til tørke og dårlegare avlingar, samtidig som frakt, straum og gjødsel har blitt mykje dyrare.

– Det er viktig å hugse at det er mange har lagt ned mykje arbeid før bønnene kjem til oss. For oss som driv med spesialkaffi er det avgjerande at alle i verdikjeda får rettferdig betalt, seier barista Elias Hanken.

Kaffebønner hos Jacu

Råvareprisen på kaffi har auka med 140 prosent sidan november i fjor.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Merkar prisauken i butikkhylla

Sjølv om råvareprisen doblar seg, betyr ikkje det at prisen i butikk eller på kafé gjer det same.

Men på Rema 1000 i Skutvika i Ålesund merkar dei godt at prisane har gått opp.

– Eg har drive med dette i 20 år. Det har aldri vore slike prisar før, seier kjøpmann Tore Havnegjerde.

kjøpmann Tore Havnegjerde hos Rema 1000 i Skutvika

Kjøpmann Tore Havnegjerde har aldri opplevd så høge prisar som no.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

NRK har snakka med dei største daglegvarekjedene – Coop, Rema, Norgesgruppen og Bunnpris. Alle stadfestar at prisane har stige, og at dei aldri har opplevd så høge råvareprisar over tid som no.

Kutter ikkje kaffien

I Rema-butikken i Ålesund har Sofie Valde teke turen til kaffihylla. 500 gram Friele filtermalt kaffi kostar her 123 kroner.

På Coop Prix ligg prisen på 117 kroner. På Bunnpris er han 135 kroner, og på Kiwi kostar han 123 kroner.

– Det har blitt mykje dyrare, det har eg merka, seier Valde. Men det er ikkje aktuelt å droppe det svarte gullet.

– Det er ein del av kvardagen, seier ho.

Ei mor og datter, begge i kakigrøne kjolar, står på butikken framfor kaffihyllene.

Lotte-Lovise og Sofie Valde tar med ein pose kaffi heim.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Har vore dyrt lenge

Kaffi var relativt sett veldig dyrt også for 40 år sidan, ifølgje dagleg leiar i Norsk Kaffeinformasjon:

– I 1980 var snittprisen på ein kilo kaffi i daglegvare 44,88 kroner. Det tilsvarer 215 kroner per kilo i dag, skriv Marit Lynes i ein e-post til NRK.

Melk helles ned i kaffen på Jacu

Kaffi er eit kvardagsritual for mange.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Vil at det skal koste meir

Sjølv om matvarekjedene opplever at folk klagar på prisane, er det ikkje alle som meiner at dyrare kaffi er ein uting.

– Det er ikkje realistisk at ein pose skal koste 29 kroner. Når både transportør, eksportør og butikk skal ha sitt, blir det nesten ingenting igjen til kaffebonden som har brukt år på å dyrke råvarene, seier Anne Birte Hanken, dagleg leiar ved Jacu kaffibrenneri.

Ho meiner prisen har vore kunstig låg i mange år, og at kaffebøndene har blitt pressa på lønsemd.

– Det viktigaste er at bøndene vil halde fram med å dyrke kaffi. Dei har mange andre alternativ, så det må vere verdt det for dei, seier ho.

Anne Birte Hanken, dagleg leiar ved Jacu kaffebrenneri, er i Colombia og plukker bær.

Det må plukkast 40 bær for å ha nok til ein kopp kaffi. Anne Birte Hanken har vore i Colombia og prøvd sjølv. – Du heng i ein bratt skråning og må klamre deg fast i eit tre for å få tak i dei beste bæra. Då gjekk det opp for meg: jammen, er det ein verdifull kopp kaffi.

Foto: Privat

Det vesle brenneriet i Ålesund importerer bønner rett frå kaffebønder i Brasil. Tidlegare kosta Jacu-kaffi seks gonger så mykje som butikkaffi. No er forskjellen berre om lag det dobbelte, ifølge Hanken:

– Vi har alltid betalt meir til bonden enn grunnprisen.

Jacu kaffebrenneri i Ålesund

På Jacu kaffibrenneri i Ålesund betalar dei gjerne meir for kaffibønnene.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

– Får rettferdig betalt

Det same gjer det norske kaffehuset Joh. Johannson Kaffe, som står bak over 40 prosent av all kaffien som blir seld i daglegvaremarknaden.

Før kjende merkevarer som Evergood og Ali hamnar i butikkhyllene, er kaffien sertifisert etter strenge miljø- og arbeidsstandardar.

– Det betyr at kaffebøndene får rettferdig betalt, samtidig som dei får betre arbeidsvilkår, opplæring og støtte til meir berekraftig drift. Sertifiseringa stiller òg strenge miljøkrav, seier innkjøpsdirektør Roger Wilhelmsen.

– No som prisen har auka så mykje, har kaffebøndene dei beste resultata nokon gong.

Trur ikkje prisen vil stige meir

Råvareindeksen for kaffi har vore fallande igjen den siste tida, og Wilhelmsen trur ikkje prisane vil stige meir framover.

– Nei, eg trur ikkje prisen vil stige meir, så lenge vi unngår frost i Brasil. Det er den største risikoen no – men viss det ikkje blir frost, held nok prisane seg stabile.

Publisert 03.07.2025, kl. 12.33

Read Entire Article