«Julie» svelta seg og skar namnet til mannen inn i huda

16 hours ago 3



– Eg måtte sende bilete av at eg vog meg sjølv så han såg at eg ikkje hadde ete, fortel «Julie».

I nesten to år hadde ho ein relasjon til mannen som no er tiltalt for å ha oppfordra ho til å kutte seg, ruse seg og til å svelte seg for å gå ned i vekt.

På beinet har ho enno arra etter at ho skar namnet hans inn i huda.

– Eg skjønte at det var gale, men samstundes hadde vi ein god «connection».

Onsdag møtte ho mannen fysisk for første gong da saka skulle opp i Trøndelag tingrett.

SladdaBein

«E» er ein av bokstavane ein kan sjå arr av på kvinna sitt bein.

Foto: Privat

Mannen erkjenner straffskuld etter tiltalen.

– Eg trur vi kjente igjen problema våre i kvarandre, noko som gjorde at vi fekk ei spesiell, men også veldig destruktiv kopling, fortel den tiltalte mannen til NRK.

Les meir om kva mannen tenker om relasjonen lenger nede i saka.

Utvikla seg raskt negativt

Da Julie og den tiltalte mannen blei kjent var dei begge under 18 år.

Julie budde heime hos foreldra og gjekk på vidaregåande.

– Eg var litt aktiv på sosiale medium. Det var der han fann meg.

"Julie" holder en telefon i hånda.

I løpet av dei nærmare to åra dei hadde ein relasjon møttest dei aldri fysisk.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Julie fortel at ho var psykisk sjuk på denne tida. Ho var deprimert og hadde lite kontakt med andre.

– For meg var det berre hyggeleg å få ei melding i innboksen eigentleg.

Tonen var først vennskapeleg. Dei prata om musikk og andre ting dei hadde til felles.

Etter kvart blei stemninga meir flørtande.

– Så utvikla det seg ganske negativt etter kvart. Det gjekk ganske fort eigentleg, fortel Julie.

– Blei nesten 24/7 overvaking

Julie og mannen sende nakenbilete til kvarandre.

– Eg tenkte ikkje så mykje over det. Vi var jo unge og mi oppleving er at det eigentleg er ganske vanleg.

"Julie" som er fornærmet i en sak der en mann står tiltalt for å oppfordre henne til å sulte seg og skjære navnet hennes inn i huden.

Julie fortel at ho følte seg fanga i relasjonen. Samstundes var ho redd for å miste tilknytinga til mannen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Seinare blei det klart at mannen hadde lagra bileta. Han truga med å sende bileta til andre dersom ho ikkje gjorde som han sa.

Han ville at Julie skulle svelte seg slik at ho gjekk ned i vekt. Jamleg måtte ho sende bilete og video av at ho stod på vekta.

– Det blei nesten 24/7 overvaking der eg måtte bevise at eg følgde det han bad meg gjere.

Julie hadde fortalt mannen at ho hadde slite med både sjølvskading og ei spiseforstyrring frå ung alder.

Ifølge tiltalen skal mannen ha oppfordra ho til å gå ned i vekt til ho vog 36 kilo.

Sjølv om dei begge er frå Noreg, skreiv dei til kvarandre på engelsk.

Tiltalte:let’s try to get you down to 36 kgs

T

Tiltalte:very low but you should be able to do it if you get yourself multivitamins, vitamin water (or normal water) and electrolyte supplements

Kor det konkrete talet kom frå er ho usikker på. Ho har fortrengt mykje frå denne tida, seier ho.

Ho fortel at ho truleg vog rundt 36 kilo da ho var på det lettaste.

– Om eg posta på TikTok så kunne han kommentere at «eg ser du har spist i dag».

Ho måtte sende bilete av kroppen som mannen kommenterte på:

T

Tiltalte:You’re so fat I am disgusted. I wish I could tell you otherwise but this weight gain is pathetic. Do you understand that? It’s not okay.

– Han tipsa om at eg kunne ta amfetamin, for da blir ein ikkje svolten.

Julie fortel at ho følte seg fanga. Likevel var ho redd for å miste relasjonen til mannen.

– Eg var redd for å miste ein stor del av kvardagen fordi vi prata så mykje saman.

– Eg har det framleis på beinet

Seinare ville mannen at ho skulle kutte seg sjølv.

– Det var same greia der, at eg måtte dokumentere det. Han gav på ein måte instruksar og så måtte eg sende bilete.

Julie fortel at ho kutta seg fleire gongar.

Til slutt kommanderte mannen ho til å skjere namnet hans inn i huda på beinet.

– Eg har det framleis på beinet. Det har blitt arr.

"Julie" sin "Hello kitty"-bukse

Julie skar mannen sitt namn inn i huda på beinet. Arra har ho lyst til å få fjerna etter kvart.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Fleire av tinga mannen bad Julie om, hadde ho ikkje lyst til å gjere.

– Men da var det rett på at han hadde utpressingsmateriale.

– Og han truga også med at han skulle stoppe å prate med meg.

– Handlinga kunne ha vore kva som helst

Den tiltalte mannen fortel til NRK at han ikkje tenkte på deling av nakenbileta som ein trussel.

– Men no i etterkant så forstår eg at det var opplevinga eg gav ho. Så det betyr ikkje så mykje at det var meir fantasi enn ekte i hovudet mitt på den tida.

Da han bad Julie gjere ei rekke handlingar, såg han på det som eit uttrykk for kjærleik eller lojalitet.

– Handlinga kunne ha vore kva som helst som viste «stor nok» kjærleik eller lojalitet så eg kunne «tru på» at ho likte eller elska meg.

No tenker han dette først og fremst handla om usikkerheit knytt til kor godt ho likte han.

Mannen fortel at han sjølv sleit med depresjon og sjølvskading da dei blei kjent. Han tenker dei på ein måte var ganske like og utfylte kvarandre.

– Eg såg liksom ikkje mennesket bak skjermen, fortalde mannen i retten.

– Akkurat da tenkte eg liksom ikkje at det var farleg, ulovleg eller seriøst.

Samstundes drøymde han av og til om å ha eit normalt forhold.

– Sikkert fordi eg kjente på ein underliggande følelse av at det var destruktivt for oss begge, men eg sleit med å gi slipp på det vi allereie hadde.

En kvinne er fornærmet i en straffesak. Hun har reist seg i det dommerne kommer inn i rettssalen. Vi ser hennes bakhode og deler av ryggen, i tillegg til hennes bistandsadvokat. I bakgrunnen ser vi dommerne komme inn i rettssalen

Mannen erkjenner straffskuld, men tingretten skal ta stilling til kva straff han skal få.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Vi utfylte kvarandre på ein rar måte

Etter kvart glei dei frå kvarandre, fortel Julie. Frå å ha jamleg kontakt, gjekk relasjonen over til å bli meir sporadisk.

– Plutseleg begynte han å sende bilete av andre jenter som også hadde skada seg sjølv.

Det var tydeleg at mannen hadde ein liknande relasjon med desse jentene.

– Det kjentest ut som om eg var ein del av noko heller enn at det berre var oss to.

"Julie" som holder telefonen sin i hånden

Relasjonen mellom Julie og mannen blei meir sporadisk da Julie fekk det betre psykisk.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Etter dette tok relasjonen slutt mellom dei. Julie hadde fått fleire vennar utanfor internett og hadde fått det langt betre.

– Eg var eigentleg på ein ganske bra stad mentalt på den tida.

Ei stund etter at kontakten mellom dei tok slutt, oppdaga ho at mannen hadde lagt ut nakenbilete av ho på eit nettforum.

– Det var eit forum spesifikt for hemnporno.

Da ho oppdaga det meldte ho mannen til politiet.

At mannen erkjenner straffskuld er Julie glad for.

– Det hadde vore veldig tøft for meg å møte i ei rettssak dersom han ikkje hadde erkjente straffskuld og eg måtte ha slåst for å bli trudd.

En fornærmet kvinne i en rettssal. Vi ser hennes bakhode og hår. Hun sitter i vitnestolen og det er tomt foran henne. I bakgrunnen kan vi se riksvåpenet hengende på en vegg. Kvinnen har fokus i bildet

Onsdag møtte Julie i Trøndelag tingrett. Der fortalde ho retten om relasjonen til mannen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Var minst like sjuk som meg

– Eg trur han var minst like sjuk som meg på ein måte.

Julie fortel at ho synest det er urovekkande at dei to kunne finne kvarandre sjølv om dei bur på ulike sider av landet.

– Eg tenker at vi utfylte kvarandre på ein rar måte.

– Eg var jo sjuk frå før av og han mata på ein måte den delen av hjernen min. Og eg mata den delen av hjernen hans der han fekk kontroll og makt.

Begge to hadde kome i kontakt med fellesskap på nettet der sjølvskading og eteforstyrring stod sentralt.

– Når ein er veldig ung og veldig påverkeleg så trur eg det kan gjere veldig mykje skade.

"Julie" foran en murvegg.

Både Julie og den tiltalte mannen fortel at dei fekk opp mykje innhald om sjølvskading på sosiale medium.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Har bygd meg eit liv som ikkje berre er på «guterommet»

Da Julie meldte han til politiet tok mannen sjølv kontakt med politiet.

På dette punktet hadde han allereie bestemt seg for å snu om på livet, fortel han.

At Julie meldte han til politiet var den siste dytten han trong og sidan den gong har han gjort store endringar.

– Eg har bygd meg eit liv som ikkje berre er på «guterommet» 24/7.

Mannen fortel at han har fått seg jobb og har det veldig mykje betre psykisk enn før.

Forsvarsadvokat Siv Aida Rui står i en rettssal i Trøndelag tingrett. Hun har tatt på seg kappen og er i ferd med å kneppe den sammen. Hun kikker bestemt foran seg

Siv Aida Rui er forsvarar for den tiltalte mannen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

I likskap med Julie fortel han at han kom i kontakt med mykje destruktivt innhald på internett.

Han peiker for eksempel på TikTok der han stadig fekk opp innhald som var usunt eller som romantiserte usunne ting.

– Og da blir utfallet slik at om du møter nokon på internett, er det ikkje usannsynleg at personen slit med liknande ting som deg.

Dette trur mannen er ganske vanleg for folk som slit.

– Eg og «Julie» er eitt eksempel, men det er ufatteleg mange som har liknande forhold og som aldri hamnar i retten eller aldri sluttar fordi det er ein «connection» som ein ikkje vil miste, som berre er veldig destruktiv.

Mannen fortel at han eigentleg er takknemleg overfor Julie.

– Utan ho så hadde eg mest sannsynleg ikkje begynt å forsøke å forbetre livet mitt før seinare i livet.

– Det er vanskeleg å seie kor eg ville ha vore no utan ho.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 20.05.2026, kl. 16.22

Read Entire Article