Torsdag føremiddag var Davidsen på veg til matbutikken. Midt i handlinga høyrde ho plutseleg fleire sirener.
– Då eg gjekk ut av butikken, var det berre heilt kaos, fortel Davidsen, som bur og jobbar i München.
Krysset der ein personbil køyrde inn i ei folkemengda ligg berre tre minutt gange frå leilegheita hennar.
Då NRK ringer, har Davidsen nettopp kome inn døra til leilegheita, som ligg i den same gata som hendinga.
– Det er framleis masse sirener, politibilar og sjukebilar som køyrer rundt i området.
Norske Julie Davidsen (29) bur berre tre minutt gange frå krysset der ein bil køyrde inn i ei folkemengde torsdag morgon.
Foto: Privat / Privat– Det var litt skummelt
Så langt er 28 menneske bekrefta skadde, og hendinga har sett ein skikkeleg støkk i nordmannen.
– Eg har i alle fall ikkje lyst til å gå mot store folkemengder lenger, og den neste veka kjem eg nok til å velje vegar der det er færre folk, fortel Davidsen og legg til:
– Ein begynner jo å tenke over dei små vala ein kan ta.
Då Julie Davidsen gjekk ut av matbutikken blei ho møtt av eit reint kaos.
Foto: Privat / PrivatFredag til søndag denne veka blir Den internasjonale sikkerheitskonferansen arrangert i München, der mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg skal delta.
– Dei begynte å sette opp sperringar til sikkerheitskonferansen allereie i går. Det har også køyrt mykje politi rundt om i byen, så eg har jo tenkt at det kunne vere litt høgare risiko akkurat denne helga.
– Men eg blei likevel veldig overraska over at eit slikt angrep skjedde i den gata eg bur i. Det var litt skummelt, seier Davidsen.
Publisert 13.02.2025, kl. 15.21