Julestemning i butikkane: – Det er altfor tidleg!

1 month ago 20



Kalenderen har akkurat bikka over i haustmånadene. Blada er farga gule og raude, og graskar skal snart settast ut på trappa.

Ein skulle jo tru det er lenge til vi skulle begynne å snuse på jula, som er den siste høgtida i året.

Men i fleire butikkar har dei allereie begynt å ringe jula inn.

Julelys, juledrikker, adventskalendrar, mat med smak av peparkaker.

Edel Larsen står midt blant julegirlandrar og adventslys på Ikea på Forus. Men ho har ikkje starta årets julehandel.

– Nå er det jo altfor tidleg! I slutten av november held for meg, seier ho.

Edel Larsen er kunde hos IKEA

Edel Larsen begynner juleførebuingane i november.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Selt sitt første juletre

– Det er ein tradisjon her på Ikea at vi er klare med juletorget til haustferien. Eitt år var vi ikkje klare, og da reagerte kundane. Førre veke selde vi det første juletreet i år!

Det seier Stine Junker Asbjørnsen, kommersiell aktivitetsleiar ved Ikea Forus.

Stine Junker Asbjørnsen er kommersiell aktivitetsleder ved IKEA.

Stine Junker Asbjørnsen begynner å planlegge jula før sommaren.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Ho merkar at fleire butikkar er tidleg ute.

– Eg kjem til å plukke med meg nokon varer, for det er allereie nokre favorittar som eg berre må ha, som eg er redd blir utseld før desember.

Kva synest du om at juleprodukta er i butikk allereie? 🎁

Likevel lèt julemusikken vente på seg i butikkane, sjølv om julekanalen P7 Jul har ljoma på radioen sidan slutten av september.

– Det er klart at kundane får den gode julestemninga med gløgg og peparkaker får i november, seier Asbjørnsen.

Sjølv om ho begynte å planlegge jula allereie før sommaren, trur ho ikkje at ho vil kjenne på julestemning før i desember.

På Kicks på bystasjonen i Sandnes er julekalendrane på utstilling. Ein tilsett i butikken fortel at dei allereie er utseld for fleire av kalendrane.

På Kicks på bystasjonen i Sandnes er julekalendrar på utstilling. Mange har allereie blitt utselt.

Juleprodukt på IKEA Forus.

Jul på Ikea.

Produkt på IKEA Forus.
Juleprodukt på hylle på IKEA forus.

Hadde det berre vore frost

Professor innan klede og berekraft ved Oslo Met, Ingun Grimstad Klepp, trur at vi hadde tatt julevarene betre imot nå om gradestokken viste litt kaldare.

– Eg trur at vi i Noreg er veldig glade i årstider og høgtider. Men å starte førebuingane på feil årstid er kanskje litt provoserande. Hadde det vore frost og vinter ute nå, hadde det kanskje ikkje vore så farleg, seier ho.

Ingun Grimstad Klepp

Professor innan klede og berekraft ved Oslo Met, Ingun Grimstad Klepp.

Foto: Sonja Balci / OsloMet

Ho trur likevel at fleire startar førebuingane tidleg, også utanfor butikkane.

– Er ein av typen som lagar gåver, så gjer ein jo det før desember. Det er ikkje sikkert at butikkane er aleine om dette, men at fleire førebur jula i det små.

Men trur du fleire gjer unødvendige kjøp når juleartiklar er allereie i butikk nå?

– Unødvendige kjøp blir vel gjorde kvar dag uansett. Det kan jo også vere ein god måte å planlegge på og at du da har tid til andre ting i desember. Men det er nesten litt komisk.

Publisert 04.10.2024, kl. 20.25

Read Entire Article