– Pengane frå lånekassa strekker ikkje så langt.
Det seier psykologistudent Youssef Rahmati Ennaqi. For å få økonomien til å gå rundt må både han og medstudent Josef Kayri jobbe mykje ved sida av studiet.
– For min del dekker det brorparten av husleiga, men ikkje heilt. Så eg lev jo på alt anna og eg jobbar 50 % ved sida av. Skulle eg levd av studiestøtta, hadde eg ikkje klart det, seier Kayri.
Undersøkingar viser at rundt 86 prosent av studentane i Noreg jobbar ved sida av å studere.
– Det burde vore mogeleg å kunne betale leiga til ein hybel i eit kollektiv på studiestøtta, seier lektorstudent Tiril Boge.
Sunniva Skurtveit / NRK
– Du er nøydd til å jobbe ved sidan av
– Eg jobbar jo kvar gong eg har ferie og så jobbar eg litt på sida av studiane også. Så eg veit ikkje korleis det hadde vore å berre ha stipend og lån.
Det seier Hedda Grolid (til venstre) som studerer lektor i samfunnsfag saman med Tiril Boge.
– Dei seier jo til oss at studiar tilsvarar ein 100 % jobb, men sånn kan me ikkje sjå på det fordi du er nøydd til å jobbe ved sidan av, legg Boge til.
Sunniva Skurtveit / NRK
– Foreldra mine har handla for meg
Førsteårsstudentane Aksel Nærvik Huseby og Jonathan Leirfall Bremset jobbar ikkje ved sida av å studere.
– Foreldra mine bur ein halvtime unna, så dei har handla for meg ein gong sånn at eg har litt i frysaren, forklarar Huseby.
Begge to jobbar om sommaren og seier dei må få seg ein ekstrajobb for å få økonomien til å gå rundt framover.
– Eg prøver å ikkje bruke av sparepengane, seier Bremset.
Sunniva Skurtveit / NRK
Jobbar 50 prosent ved sida av studiet
Youssef Rahmati Ennaqi og Josef Kayri studerer profesjonsstudiet i psykologi.
-Eg jobbar 50 prosent ved sida av studiet. Derfor har eg god personleg økonomi, men skulle eg ha levd av studiestøtta hadde eg ikkje klart det, seier Kayri.
Begge har ein relevant jobb for det dei studerer, men seier det nokon gonger er krevjande å kombinere med studiane.
– Men jobben gjer meir enn han tar, seier Ennaqi.
Alle av dei seks studentane NRK møter på NTNU i Trondheim jobbar eller får hjelp frå foreldre for å få økonomien til å gå rundt.
Slik vil ikkje Norsk studentorganisasjon at det skal vere.
Krev endring i statsbudsjettet
I mai vedtok Stortinget å be regjeringa om å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda, i løpet av komande stortingsperiode.
Men det skjer ikkje ved første mogelegheit.
For regjeringa foreslår å auke studiestøtta med 320 kroner i månaden til neste år.
– Me sørger for at studentane følger prisveksten. Og dei siste fire åra har dei fått 15.000 kroner i året utover prisvekst, seier forskings- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland.
Men å vise til at studiestøtta har følgt prisveksten dei siste åra, meiner Norsk studentorganisasjon (NSO) blir feil.
– Prisane har auka mykje meir enn det studiestøtta har auka dei siste 30 åra. Me startar på botnen, det er heile problemet her. Og med underreguleringa som har vore i mange år, har studiestøtta tapt seg betrakteleg, seier leiar Sigve Næss Røtvold.
Difor sette NSO i gang eit opprop med krav om at regjeringa knyt studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda med ein gong.
Opprop for å presse regjeringa
Norsk studentorganisasjon meiner det hastar å knyte studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda.
Det betyr at studentane hadde fått 195.240 kroner i studiestøtte i 2026 og sikrar at støtta framover vil utvikle seg i takt med inntektsutviklinga i samfunnet.
Dette studieåret kan studentar få maksimalt 166.859 kroner i lån og stipend.
– Aasland har lova at me skal knyte studiestøtta til grunnbeløpet i løpet av stortingsperioden. Det er uansett altfor seint. Me forventar at dette skjer no i statsbudsjettet, seier Røtvold.
Difor har dei sett i gang eit opprop for å presse regjeringa og partia som skal forhandle statsbudsjettet med Arbeidarpartiet til å prioritere dette no.
– Me har fått mange større organisasjonar som har skrive under på denne kampanjen. Det er viktige støttespelarar for heile studentbevegelsen og viser at det er mange som står saman med studentane om dette kravet.
Blant dei som har signert oppropet er Akademikerne som står saman med NSO i kravet til regjeringa.
– Det mest alvorlege som kan skje er at me kan få større sosiale forskjellar med tanke på kven som kan studere. Me treng mangfald i norsk arbeidsliv og me treng at alle kan studere.
Det seier Lise Lyngsnes Randeberg leiar i Akademikerne, om faren viss studiestøtta ikkje blir knytt til grunnbeløpet i folketrygda.
– Tilbake på 90-talet, då eg var student, var faktisk studiestøtta 1,5G. Og det gjekk an å leve av studiestøtta samen med å jobbe litt i feriane. Sånn er det ikkje lenger. Kostnadane har auka ofseleg, legg ho til.
Verken Randaberg i Akademikerne eller Røtvold i NSO er særleg fornøgd med regjeringa sitt statsbudsjett.
Foto: Karoline Johannessen Litland / NRKVil gjennomføre, men greie ut først
– Eg tenker det er eit godt og forståeleg innspel, seier Aasland om oppropet og kravet frå Norsk studentorganisasjon.
Ho seier regjeringa kjem til å knyte studiestøtta opp til grunnbeløpet i folketrygda. Ikkje no, men i løpet av stortingsperioden.
– Kvifor i løpet av stortingsperioden og ikkje berre gjere det no med ein gong?
– Det Stortinget har vedtatt er at me skal gjere dette i løpet av stortingsperioden. Det følger me opp. Eg er veldig stolt over at me har auka og forsterka studiestøtta kvart år dei siste fire åra, seier Aasland.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland vil undersøke studiestøtta før dei innfrir kravet frå NSO.
Foto: Ellinor Halvari / NRKRegjeringa skal også sette ned eit offentleg utval for å sjå på heilskapen av studiestøtta, ifølge ministeren.
– Det er for å sørge for at det framleis er gode vilkår for studentar i Noreg. Eg ser fram til å samarbeide med NSO om det, legg ho til.
– Når dei er einige med oss at studiestøtta skal knytast til grunnbeløpet i folketrygda forventar me at det skjer allereie no i statsbudsjettet i år, kommenterer Røtvold.
Publisert 24.10.2025, kl. 06.02





















English (US) ·