Jens Stoltenberg i Nato-avskjedstale: – Må vera villig til å betala prisen for fred

3 weeks ago 10



– Tidleg i 2014, då eg blei spurt om eg ville ta over jobben som Natos generalsekretær, gjorde eg som eg pleier, eg spurde faren min om råd, starta Stoltenberg i talen, før han la til.

– Han sa at det ikkje skjedde særleg mykje i Nato, sa Stoltenberg med ein etterfølgt latter frå salen.

Han haldt fram med å nemna fleire døme på at dette viste seg å ikkje stemma: Krigen i Ukraina, framveksten av IS, veksande konkurranse med Kina, covid-19-pandemien og klimaendringane.

– Lista er ikkje uttømmande.

Den offisielle avskjedsdagen for Stoltenberg er 1. november i år.

Då har tidlegare Ap-statsminister Jens Stoltenberg vore generalsekretær i forsvarsalliansen Nato i nesten ti år.

Fem lærdommar

Stoltenberg sa i talen av han var stolt av å leia Nato gjennom det siste tiåret.

Han drog fram fem lærdommar som han meiner er nøkkelen for Natos sin vidare suksess.

Pengar til forsvar

– Det første er at me må vera villig til å betala prisen for fred, seier Stoltenberg.

Han la vekt på at medlemslanda har auka bruken på forsvar dei siste åra, og at det er bra.

– Dei dårlege nyheitene, er at dette ikkje vil vera nok.

Ukrainas president Zelensky og generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, på ein pressekonferanse under Natos 75. årsmøte.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på pressekonferanse i høve Natos 75. årsmøte i juli.

Foto: Nathan Howard / Reuters

Han oppfordra medlemsstatane til å auka bruken på forsvar over 2 prosent av bruttonasjonalprodukt, som er dagens uttalte mål for Nato.

Fridom over fri handel

Den andre lærdommen var at fridom er viktigare enn fri handel. Stoltenberg viste til avhengigheita av russisk gass før krigen i Ukraina braut ut.

– Me må ikkje gjera den same feilen med Kina, la han til.

Han snakka også om trugselen mindre handel mellom medlemsland, eller auka proteksjonisme, utgjer for Natos styrke.

– Proteksjonisme mellom allierte, beskytter ikkje sikkerheita vår.

I staden argumenterte Stoltenberg for at handel mellom medlemsland var med å styrka økonomien til landa, og dermed også Nato.

Militærmakt føresetnad for dialog

Den tredje lærdommen er at militær styrke er ei føresetnad for dialog.

– Eg veit dette frå mi tid som statsminister i Noreg. Dialog fungerer berre når det har eit sterkt militært forsvar i ryggen.

Stoltenberg drog fram Russland som eit døme.

– Den raskaste måten å enda krigen på er å tapa, men det vil ikkje føra til fred. Det vil føra til russisk okkupasjon.

Han sa at eit sterkt ukrainsk forsvar, var ein nødvendigheit for å få president Vladimir Putin til meklingsbordet.

Han gjentok også at Natos dører er opne for ukrainsk medlemskap.

Men det har sine grenser

Den fjerde lærdommen Stoltenberg nemner er at militærstyrke har sine grenser.

– Det såg me tydeleg med Afghanistan.

Han sa det var riktig å gå inn i Afghanistan etter terrorangrepet 11. september 2001, og at oppdraget med å hindra landet frå i bli ei trygg hamn for terroristar ikkje var for gjeves.

– Men, Afghanistan-oppdraget varte for lenge.

Han fortalte at då han starta i 2014, var planen å enda det militære oppdraget innan eit par år, og deretter gå over til meir politiske oppdrag.

– Men sju år seinare var me framleis der med tusenvis av troppar.

Han sa det ikkje var noko grunn til å tru at å bli der i 20 år ville gitt eit anna utfall.

– Lærdommen er at formålet med einkvar framtidig operasjon utanfor Natos territorium må vera tydeleg definert, og me må vera ærlege om kva me kan og kva me ikkje kan oppnå, sa Stoltenberg.

Ikkje ta Nato for gitt

Den siste, og viktigaste lærdommen, ifølge Stoltenberg, er å ikkje ta bandet mellom Europa og Nord-Amerika for gitt.

– Nato er ikkje skrive i stein. Det er resultatet av bevisste val og politisk vilje, sa Stoltenberg.

Han viste til stemmer på begge sider av Atlantaren som har tatt til orde for eit brot mellom Europa og Nord-Amerika.

Han avslutta talen med å seia at han ikkje veit kva som ventar Nato i framtida.

– Men ein ting er eg sikker på. Medan utfordringane me står overfor kan endra seg, er svaret det same: Me er sterkare og tryggare, Europa og Nord-Amerika, saman i Nato, avslutta Stoltenberg.

Venter med å snakka livet etter Nato

Stoltenberg har sagt i eit tidlegare intervju med NRK at han ikkje har bestemt seg for kva han skal gjera etter han trer av.

Men ifølge lukka kjelder avisa Politico har snakka med, skal den avtroppande Nato-leiaren ta over som leiar for Den internasjonale sikkerheitskonferansen i München.

Etter talen i dag fekk han spørsmål om denne stillinga.

– Eg er framleis ansvarleg for Nato eit par veker til, starta Stoltenberg.

– Eg vil ikkje snakka om kva eg skal gjera etter Nato så lenge eg er i Nato. Når eg drar frå Nato, så kan du kanskje spørja meg igjen, sa han til journalisten som haldt intervjuet etter avskjedstalen.

Publisert 19.09.2024, kl. 15.58 Oppdatert 19.09.2024, kl. 17.22

Read Entire Article