Jaktar NM-tittel: – Har øvd på å løfte rumpa

1 month ago 19



Du trur kanskje gøymsel er leik og uskyldig moro? Da må du tru om igjen.

I eit nytt program blir det blodig alvor når ti menneske skal konkurrere om ein Noregsmeister-tittel i gøymsel.

Eg har blitt pressa til å gjere ting eg aldri hadde trudd eg skal gjere.

Det seier Heidi Røneid, som dei fleste kjenner som sjakk-kommentator på TV 2.

Ho er ein av deltakarane i NRK sitt nye realityprogram «NM i gjemsel». Som tittelen seier er dette eit Noregsmeisterskap – eit ekte Noregsmeisterskap – i det som kanskje er verdas mest lekte leik.

Heidi Røneid kviler seg på ein gul stol

KONKURRANSEINSTINKT: Heidi Røneid tar seg ein liten kvilepause mellom gøyminga.

Foto: Espen Solli

Dei som er med i «NM i gjemsel» er (les meir om deltakarane nedst i saka): Heidi Røneid, Hedda Skaug, Magnus Devold, Martin Lilleberg, Myra, Jon Martin Henriksen, Johan Færaas, Tamanna Agnihotri og Kari Schibevaag.

Øvd på å løfte rumpa

I meisterskapet er målet (du gjetta riktig) å gøyme seg. Men det blir alt anna enn lett når konkurransane byr på nervepirrande øvingar og snodige utfordringar.

Sjakkeksperten Røneid tok oppdraget på alvor: I forkant av innspelinga øvde ho på gøymsel med sambuaren sin i leilegheita dei bur i.

– Eg har gøymd meg i skittentøyskorga og mange andre rare plassar. Den einaste plassen han ikkje fann meg var øvst i det eine skapet, fortel ho.

Heidi Røneid øver på å gøyme seg

Heidi Røneid klarte å helde seg skjult for sambuaren sin da ho gøymde seg øvst i eit skap.

Heidi Røneid øver på å gøyme seg

Heidi Røneid ville ikkje la ein NM-tittel gå frå seg, og ho la seg i hardtrening før innspelinga.

Hennar største styrke er, ifølgje ho sjølv, at ho er strategisk, flink til å analysere, og å føresjå kva andre kjem til å gjere.

– Men eg er ikkje særleg rask fysisk. I forkant av innspelinga øvde eg derfor på å springe saman med ein kompis som har vore veldig god i friidrett. Han sa eg spring sitjande. Så eg har øvd på å løfte rumpa, innrømmer Røneid.

Frå Noregs tøffaste til gøymsel

Ei som derimot kan briljere med fysikken sin er tidlegare turnar og den beste jenta i «Noregs tøffeste» i år, nemleg Hedda Skaug.

– Eg er veldig god på å gøyme meg og på å finne løysingar. Og så er eg lita og sporty, og det har mykje å seie, seier ho.

Det var likevel to ting som overraska ho.

– Å leike gøymsel med vaksne var utruleg morosamt! Og det overraska meg også at Magnus Devold var så god som han var. Mange hadde lave forventningar til han på grunn av høgda hans, og latterleggjorde han litt på grunn av det. Men det viste seg at han var ein superleitar, fortel ho.

Deltagerne i NM i gjemsel forteller om sine beste egenskaper

Inspirere andre

Det kan Magnus Devold sjølv bekrefte:

– Eg er god til å tenke utanfor boksen. Sidan eg er høg har eg også god oversikt når eg skal leite. Og eg er god til å tenke, understrekar komikaren.

Likevel innser Devold at det å vere 1,99 meter høg i utgangspunktet ikkje taler til hans fordel.

– Det er jo ei enorm ulempe. Andre deltakarar får jo plass der eg ikkje får plass, eller kan skjule seg bak ting eg ikkje kan. Eg må rett og slett gøyme meg på ein litt annan måte, seier han.

Som ein ekte toppidrettsutøvar nektar han å la seg avgrense av fysikken sin:

– Eg har lyst til å bevise at folk som har elendige føresetnadar også kan vere ein inspirasjon, ikkje berre for nasjonen Noreg, men for ei heil verd, legg han til.

Magnus Devold

HØG: Magnus Devold er nesten 2 meter høg, men har tenkt å bruke det til sin fordel i «NM i gjemsel».

Foto: Espen Solli

– Slått i bakken

Det er den velkjente programleiaren Live Nelvik som skal leie Noregsmeisterskapet.

Ho sa ja til jobben fordi ho elskar ideen om å løfte gøymsel frå leik til idrettsprega alvor.

– Det var nokre eigenskapar som eg vart slått i bakken av.

– Eg hadde eit augeblikk der Martin (Martin Lilleberg, red.anm.) forsvann under ein tømmerstokk og vart til ein busk framfor augo på meg. Det kjentest overnaturleg og var eit skikkeleg «gisp» augeblikk for meg, fortel Nelvik.

I tillegg skal Emil Gukild og Sander Dale vere kommentatorar under konkurransane.

Dette er deltakarane:

Hedda Skaug

Espen Solli

Hedda Skaug

  • 21 år
  • Tidlegare turnar
  • Tok tredjeplassen i «Norges tøffeste» tidlegare i år
Jon Martin Henriksen

Espen Solli

Jon Martin Henriksen

  • 34 år
  • VGTV-programleiar i Spårtsklubben
  • Komikar
Heidi Røneid

Espen Solli

Heidi Røneid

  • 41 år
  • Sjakkommentator, podkastprogramleiar og due-reddar
  • Har også blåt belte i den brasilianske kampsporten jiu-jitsu
  • Er i Noregstoppen i poker for kvinner
Martin Lilleberg

Espen Solli

Martin Lilleberg

  • 28 år
  • Dansar og musikalartist
  • Tidlegare programleiar i FlippKlipp
Myra i grøne omgjevnadar

Espen Solli / www.espen-solli.com

Magnus Devold

Espen Solli

Magnus Devold

  • 37 år
  • Programleiar, skodespelar og komikar
Tamanna Agnihotri

Espen Solli

Tamanna Agnihotri

  • 27 år
  • Programleiar i NRK MP3
  • Var med i «Forræder» i 2023
Johan Færaas

Espen Solli

Johan Færaas

  • 26 år
  • Tidlegare profesjonell FIFA-spelar
  • Kjent frå YouTube og Twitch
Kari Schibevaag

Espen Solli

Kari Schibevaag

  • 45 år
  • Kitesurfer og spesialpedagog
Davido

Espen Solli

Davido

  • 64 år
  • Illusjonist
  • Har tatt gull i tryllekunstnernes «Verdsmeisterskap» to gongar
  • Er i Guinness rekordbok for verdas raskaste tryllekunstnar med 64 triks på 4 minutt

«NM i gjemsel» har premiere 4. oktober på NRK 1 og NRK TV.

Publisert 06.09.2024, kl. 07.03

Read Entire Article