Tysk fotballegende dømt til fengsel
Den tyske keeperlegenda Eike Immel (64) er dømt til over to års fengsel for 107 tilfelle av bedrageri.
– Han skammar seg veldig, seier forsvarsadvokaten til Immel.
Med over 500 kampar i Bundesliga og 19 landskampar for Vest-Tyskland, blir Immel rekna som ein av Tysklands store fotballspelarar på 1980-og 90-talet.
No skal 64-åringen sone ein fengselsstraff på to år og to månadar etter å ha lurt fleire ofre for totalt 410 000 kroner, ifølgje Bild.
Det er førebels uklart om Immel vil anke dommen.
Immel blei europameister i 1980 og har to VM-sølv frå 1982 og 1986 på merittlista.
(NTB)