«Jakob» gir fulle magasin og rekordbillig straum

2 weeks ago 12



Ekstremvêret «Jakob» herja i store delar av landet førre veke. No kjem effekten for fullt:

Rekordfulle magasin og billig straum. Billigast er region Midt som hadde billigast straum i landet i dag, nærare bestemt 0 kroner for ein kilowattime (kWt).

– Vi har eit overskot av straum som gjer at vi får veldig låg pris. Førre veke hadde vi masse nedbør, seier seniortrader i TrønderEnergi, Siri Line Hove Ås.

Tal henta frå straumbørsen Nord Pool viser særs låge prisar i fleire av prisområda.

  • Prisområde Aust 0,47 kr/kWt
  • Prisområde Sør 0,63 kr/kWt
  • Prisområde Midt 0,00 kr/kWt
  • Prisområde Nord 0,09 kr/kWt
  • Prisområde Vest 0,38 kr/kWt

Traderen peikar på nedbørsmengdene som har kome med ekstremvêret «Jakob».

– Når den samlar seg saman, så skal alt gjennom elvane. Då blir det veldig stort produksjonspress.

Ny fyllingsgrad-rekord

Ved utgangen av førre veke var fyllingsgraden i magasina 87, 4 prosent på landsbasis, ein oppgang på 1,8 prosenteiningar.

I Vest er fyllingsgraden på heile 93,7 prosent, ein oppgang på 3,2 prosentpoeng frå veka før, viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det er det høgaste nivået på denne tida av året dei siste 20 åra.

Magasinfyllinga både i Søraust- og Vest-Noreg er no over 90 prosent.

Fyllingsgraden i sørvest er noko lågare enn dei andre prisområda i sørlege Noreg, skriv NVE.

«Saman med høg eksport mot Europa bidrog dette til at prisen var tilnærma uendra i dette prisområdet frå veka før.»

NVE trekk også fram at Midt- og Nord-Noreg no har blant dei lågaste kraftprisane i Nord-Europa.

Trass i at det er høgare forbruk, og lågare temperaturar, er det framleis låge kraftprisar i store delar av Noreg.

NVE forklarar det med at det kom mykje nedbør i samband med stormen Jakob.

Nedbøren kom på tampen av hausten då vassmagasina allereie hadde høg fylling medan ein ventar på vinteren og tappesesongen.

Framleis låge prisar

Kraftanalytikar Olav Johan Botnen i Volts seier det som skjer no er bra nytt for forbrukarane.

– Eigentleg skulle ein byrja å tappe vatn på vinterforbruket og snølegging no, men no skjer altså det motsette.

Han seier det er uvanleg at det er så låge prisar på denne tida av året og at «det beste ein kan få» er fulle magasin før vinteren startar.

– Samstundes er det meldt ganske mildt ver så langt ein ser i langtidsvarselet. Så det blir minst ti dagar til med mildt ver. Og dei veldig lange varsla viser at det skal vere mildare enn normalt heilt fram mot jul.

Olav Johan Botnen

Kraftanalytikar Olav Johan Botnen seier det er unormalt låge straumprisar om dagen.

Foto: Erik Wiig Andersen

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight skriv at marknaden ventar mellom 80 og 90 øre i snitt i alle dei sørlege områda i første kvartal neste år. Straumstøtta vil føre til lågare snittpris enn dette ut til forbrukar.

– Når kulda kjem og forbruket aukar, vil produsentane starte å tappe frå magasina og då vil verdien på vatnet auke kraftig fordi ein kan spare vatn til høgare prisar på vinter i naboområda.

Han trur prisane i aust og i vest vil stige «vesentleg meir» enn Sør-Noreg, slik at prisane blir jevna ut. Og Nord-Noreg vil ligge ein del under.

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Volue Insight

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight trur straumprisane vil jamne seg ut utover vinteren.

Foto: NRK

Publisert 06.11.2024, kl. 20.42 Oppdatert 06.11.2024, kl. 20.51

Read Entire Article