Israelske toppolitikarar skal delta på busettingskonferanse

7 hours ago 4



– Gaza er eigedommen til våre forfedrar i uminnelege tider, me vil ikkje kvila før me har busett området igjen.

Det har Limor Son Har Melech i den israelske nasjonalforsamlinga Knesset skrive på X, ifølge Al Jazeera.

Han er ein av fleire politikarar som har reklamert for ein busettar-konferanse i Israel. Det har òg Likud gjort, partiet til statsminister Netanyahu.

Dei har invitert til eit arrangement dei kallar «Førebuing på å busetta Gaza» (Preparing to settle Gaza), skriv Haaretz.

Ifølge fleire medium byrjar konferansen neste veke.

Eitt av punkta på programmet er ei omvising for å sjå på delar av Gaza, skriv Al Jazeera.

– Ei praktisk øving på busetting

– Dette er ikkje berre ein teoretisk konferanse, men ei praktisk øving og førebuing til fornya busetting i Gaza, har busettarorganisasjonen Nachala sagt ifølge Haaretz.

Det er venta at fleire topp-politikarar vil delta, mellom andre:

  • Sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir
  • Finansminister Bezalel Smotrich
  • Minister for kulturminne Amihai Eliyahu

ben gvir

Sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir er blant statsråda som skal på konferansen. Her er han avbildet på ein nasjonalist-demonstasjon i Jerusalem i sommar.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Fleire andre medlemmar av nasjonalforsamlinga har stadfesta til avisa at dei skal delta.

Det skjer trass i at statsminister Benjamin Netanyahu fleire gonger har sagt at ikkje Israel har noko mål om å busetta Gaza.

Regjeringa usamde

Det er med andre ord stor usemje i regjeringa om Israel skal busetta Gaza eller ikkje.

For sjølv om statsministeren er mot, er samarbeidspartia på ytre høgre Otzma Yehudit og Det religiøse sionistpartiet for.

Truleg er det fleire i Netanyahu sitt parti Likud som òg er opne for å busetta Gaza, trur Hilde Henriksen Waage, seniorforskar ved Institutt for fredsforsking.

forsker-1

Hilde Henriksen Waage har forska på den israelsk-palestinske konflikten i mange år.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Problemet for resten av regjeringa er at dei ikkje har nokon plan for kva dei skal gjera med Gaza når krigen er over. Desse partia brukar då denne anledninga til å pressa på og få gjennom sine løysingar.

Seniorforskaren seier busettarar ikkje berre sit stille i båten.

– Dei er aktive heile tida for å flytta grensene for kva dei kan få resten av regjeringa med på.

Difor trur Waage at konferansen kan ha mykje å seia for regjeringssamarbeidet.

– Det er jo dette Likud-partiet må gje for å framleis ha partia til Smotrich og Ben-Gvir i regjering. Dei truar stadig med å bryta ut, viss dei ikkje får oppfylt sine mål med krigen. Dette er eit evig forhandlingsspel, seier Waage.

Andre konferanse i år

Professor Tamer Qarmout ved Doha Institute meiner det er grunn til å bekymre seg for om den israelske regjeringa vil legge til rette for busettingar på Gazastripen.

– Når politikarar snakkar, må vi ta dei på alvor. Desse utsegna har kome frå to viktige medlemmer av regjeringa. At det ikkje har skjedd så langt, mens krigen framleis held på i Gaza, betyr ikkje at det ikkje kan skje i framtida når Israel har fått militær kontroll og tvangsflytta palestinarar, seier han til NRK.

Han meiner Netanyahu, for å gjere ytre-høyre medlemmene av regjeringa tilfreds, kan gå med på nokon busettingar.

For eksempel nord på Gaza, området der Israel seier dei forsøker å etablere ei buffersone.

– Alt som kjem frå regjeringa må takast på alvor. Det er ikkje rykte – det er offisielle utsegn.

Eretz Israel

Busettarane i Israel drøymer om eit «Stor-Israel» i Midtøsten, her markert i raudt.

Foto: NRK

Det er ikkje fyrste gong ein slik konferanse finn stad.

I januar dukka tolv statsrådar frå den israelske regjeringa opp på ein tilsvarande konferanse, skriv Al Jazeera.

– Utan busettingar finst det ikkje tryggleik, sa finansminister Bezalel Smotrich i ein tale.

Israelske bosettere på Gazastripen

Israelske busettere på Gaza i 2005, kort tid før busetningane blei evakuert same år.

Foto: BAZ RATNER / AP

Arrangementet møtte samstundes kritikk, både frå regjeringsfeller og frå den palestinske sjølvstyremakta.

– Det kolonistiske møtet i Jerusalem er ei klar utfordring til den internasjonale domstolens avgjerd, og ein offentleg oppfordring til å tvangsflytte palestinarar, sa dei i ein utsegn i samband med førre konferanse.

Frå 1970-talet til 2005 var det fleire busettingar på Gazastripa. Dei blei lagt ned av den dåverande israelske regjeringa i 2005, og busettarane blei evakuerte frå Gaza.

Publisert 21.10.2024, kl. 13.15

Read Entire Article