Isabelle sleit med å bestemme seg før valet: – Ein vil jo tenke på seg sjølv

1 week ago 17



Stortingsvalet er rett rundt hjørnet.

8. september er sjølve valdagen, men ein kan òg førehandsstemme fram til 5. september.

Mange har kanskje bestemt seg, andre aner ikkje kva dei skal gjere.

Ei stor måling gjort for NRK i løpet av dei to siste vekene, tyder på at mellom 800.000 og 900.000 veljarar framleis ikkje har bestemt seg for kva dei skal stemme – eller om dei skal stemme.

Påverkar Isabelle Eriksen var lenge usikker på kva ho skulle stemme på.

– Eg syntest det var veldig, veldig vanskeleg. Eg er einig i mykje på begge sider, seier ho.

Synest du òg det er vanskeleg å bestemme deg? Lenger nede i saka kan du lese tipsa frå eksperten.

En hylle med stemmesedler

Det er mange parti å velje mellom, så det er ikkje rart om ein synest det er vanskeleg å bestemme seg.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Skal ein vere egoistisk?

Eriksen seier ho liker Framstegspartiet fordi dei vil ha lågare skattar. Samstundes vil ho ta vare på velferdsstaten, og veit at skattepengane trengst til det.

Til sjuande og sist syntest ho det var vanskeleg å velja:

– Skal ein vere egoistisk eller tenke på alle? Ein vil jo gjere begge deler, samstundes som ein vil tenke på seg sjølv.

Har du bestemt deg for kven du skal stemme på?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ho innrømmer at det òg var ei utfordring å få oversikt over kva alle partia meiner, sidan det er så mange små parti.

– Eg skulle ønske det berre fanst to, spøker Eriksen.

Likevel var Eriksen ikkje i tvil om at ho skulle stemme, for det synest ho er viktig.

Slit du med valet?

Synest du det òg er vanskeleg å vite kven du skal stemme på?

Då kan du puste letta ut, for me har samla nokre tips for å finne ut kva parti du skal gi di stemme til.

Valforskar Johannes Bergh kjem med sine beste råd.

Stol på magefølelsen

Det er ikkje nødvendig å lese alle partiprogramma om ein ikkje vil det. Ein treng heller ikkje gjere veldig grundig research.

Politikk er komplisert og dei færraste har moglegheit til å sette seg inn i absolutt alle saker. Bergh seier vi må ha litt tillit til oss sjølve.

Det er heilt greitt å stole på eiga vurdering og eigen magefølelse.

  • Blond mann i blå dress, folk i bakgrunnen

    Johannes Bergh

    • Jobbar ved Institutt for samfunnsforsking
    • Forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn
    • Leiar av Stortingsvalundersøkinga

Kva er viktig for deg?

Bergh seier det for nokon kan vere konkrete saker som ein bør legge vekt på.

– Det ein kan spørje seg om, er kva ein sjølv synest er viktig i politikken.

Då bør ein finne ut kor dei politiske partia står i akkurat desse sakene.

Det kan ein gjere ved å sjå på partias nettsider eller ta ein valomat med konkrete tema.

– Andre veljarar vil ha ei meir ideologisk tilnærming. Dei ligg på høgre- eller venstresida, og så vil dei finne det partiet som ligg nærast seg sjølve.

  • Portrett av ei vaksen dame ute i sola.

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    Jane Randal (71)

    71-åringen har ikkje stemt ved årets stortingsval.

    – Eg må rett og slett sette meg ned og gå gjennom alle partia. Eg synest partia er veldig like – spesielt i år, seier Jane Randal.

    – Eg må tenke over kva eg er einig og ueinig med, for å finne den vegen eg vil gå.

  • Portrett av ein mann som sit ute på ein benk.

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    William Eivik Olsen (27)

    William Eivik Olsen har planen klar for kva parti han skal stemme på. Han ventar med å stemme til sjølve valdagen.

    – Eg har tatt ein valomat. Det synest eg er eit bra utgangspunkt, seier 27-åringen.

    – Dei fleste valomatane viser også partia som du er mest ueinig med, det tenker eg er lurt å sjå over, legg han til.

  • Portrett av ei jente som smiler.

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    Frøya Homlong (30)

    Student Frøya Homlong har heller ikkje førehandsstemt.

    Homlong er oppteken av å sette seg inn i kva politikarane seier dei vil gjere dei neste fire åra.

    – Eg må sjå på løfte dei ulike partia gir opp mot kvarandre, og diskutere det saman med andre. Det er viktig å tenke over kva saker som er viktigast for deg.

  • Portrett av ein mann ute i ein park

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    Eric Berhan (32)

    32-åringen har allereie nytta stemmeretten sin.

    Berhan trur nøkkelen til å kunne ta eit godt val er å få oversikt ved hjelp av valomatar, og snakke om politikk med familie og vener.

    – Eg tok ein valomat og fekk foreldra mine til å ta den same. Så tok vi ein kaffi og diskuterte politikk. Det var faktisk veldig gøy.

  • Portrett av ei kvinne som sit på ein benk.

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    Fanny Evine Stang (23)

    – Eg har ikkje stemt enda. Eg må finne litt meir ut av mine kjernesaker og sette meg betre inn i partiprogramma.

    Fanny Evine Stand trur det er lurt å ta ein valomat for å få betre oversikt over dei politiske partia.

    – Det er betre å stemme blankt enn å ikkje stemme, seier ho.

  • Ein mann som sit ute i sola.

    Regine Engelina Hatvik / NRK

    Tim Holmen (28)

    28-åringen har i likskap med Fanny Evine Stang ikkje bestemt seg for kva han skal stemme ved årets val.

    Tim Holmen vil nytte tida fram mot valet i å sette seg meir inn i kjernesakene til dei ulike partia.

    – Eg finn det heile litt uklart, og må få litt klarleik i kva partia seier om sakene eg bryr meg om.

Skal ein stemme taktisk?

Bergh seier det er opp til den enkelte, men at det kan vere risikabelt å stemme taktisk.

Det finst eksempel på at taktisk stemming har vore vellykka.

– Men ein kan også mislykkast, og då hadde det vore like greitt å stemme på det partiet ein er mest einig med.

Bør ein bruke KI?

Bergh understrekar at kunstig intelligens (KI) ikkje er nøytral, og at ein derfor bør vere litt forsiktig.

– Men det som nok fungerer greitt, er å spørje kva dei ulike partia meiner om ulike saker, kva dei har gjort eller kva saker som er viktigast for dei ulike partia.

Om nokre av svara høyrast litt rare ut, bør du sjekke dei opp mot andre kjelder.

Ingen er perfekte

Å jakte draumepartiet kan vere bortkasta.

Ifølge Bergh finst det nemleg ikkje.

– For dei aller fleste så finn ein ikkje det perfekte partiet. Då må ein berre ta eit val. Det er jo mykje betre å stemme på eit parti som ein er litt einig med, enn å ikkje stemme i det heile tatt.

Det kan ikkje gå gale

Så lenge du stemmer har du gjort rett.

– Om ein stemmer på eit parti som ein synest verkar greitt, eller som ein i alle fall er einig med på nokre område, så har ein gjort borgarplikta si. Ein har heilt sikkert ikkje gjort noko gale, meiner Bergh.

Dessutan får du ein ny sjanse om fire år.

Kva no?

I sommar var Eriksen ein av kjendisane som stilte opp i podkasten «Hva velger du?», der ho ved hjelp av programleiar Øyunn Krogh tok ein valomat.

På førehand ante ho ikkje kven ho faktisk ville stemme på.

Kvinne med kort blondt hår og solbriller i sola på en parkbenk

Isabelle Eriksen tok eit val til slutt.

Foto: Privat

Så kva enda influensaren opp med å gjere?

– Eg stemte faktisk på det eg fekk på valomaten. Eg tenkte at no gidd eg ikkje meir, seier ho og ler.

Publisert 26.08.2025, kl. 18.17

Read Entire Article