AUF vil ha strengare reglar for oljefondet

3 hours ago 1



– Vi krev at fondet ikkje bidreg til brot på folkeretten. Det har dei ikkje klart hittil. Då er det helt tydeleg at vi treng enda strengare reglar, seier fungerande leiar i AUF, Nimrah Ramzan.

Gjennom oljefondet har Noreg over 20.000 milliardar kroner investert over heile verda.

Krigen i Gaza har ført til mykje debatt om kva type selskap fondet bør vere medeigar i.

No vil regjeringa endre etikkreglane som fondet styrer etter.

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) har argumentert for å heve terskelen for investering i nokre selskap – medan han vil senke terskelen for andre:

  • Meir effektiv ekskludering av bedrifter som er direkte involvert i krig.
  • Mindre ekskludering av store bedrifter som leverer varer og tenester i heile verda.

– Store teknologiselskap gjer viktige ting i medisin, i mobiltelefonen vår, i kvardagslivet – men dei er også for eksempel til stades i det israelske forsvaret. Det betyr ikkje nødvendigvis at vi skal ut av dei selskapa, sa Stoltenberg i Dagsrevyen torsdag kveld.

Stoltenberg legg vekt på at fondet må vere medeigar i dei største selskapa i verda dersom det skal fungere som eit indeksfond med stabile inntekter.

Vil ha strengare reglar

Den intensjonen stiller AUF seg bak.

– Men det kan ikkje vere slik av vi samtidig skal bidra til folkemord, seier Ramzan.

AUF meiner ein gjennomgang må føre til strengare etiske reglar – ikkje oppmjuking.

En mann og kvinne som klemmer

Nimrah Ramzan ønskte statsminister Jonas Gahr Støre velkommen til Utøya i sommar. No stiller ho krav til regjeringa.

Foto: Lise Åserud / NTB

Dei har lenge tatt til orde for at fondet skal selje seg heilt ut av Israel.

– Ein gjennomgang i seg sjølv er ikkje eit problem, men den gjennomgangen må vere for å sikre enda betre retningslinjer som sikrar at Noreg ikkje bidreg til verken folkerettsbrot eller folkemord gjennom sine investeringar i oljefondet, seier Ramzan.

Israel avviser brot på folkeretten og at dei er skuldige i eit folkemord.

– Vi skal vere knallharde

Også andre delar av arbeidarrørsla har sterke meiningar om oljefondet.

LO si internasjonale avdeling er kritiske til korleis reglane har fungert fram til no.

– Det er ekstremt viktig å oppretthalde etiske retningslinjer for fondet, forsikre oss om at fondet respekterer folkeretten og at vi ikkje tener på folkerettsbrot, skriv Liv Tørres, i ein SMS frå LO si presseavdeling.

en person med langt hår og brun jakke står foran grønne trær.

Liv Tørres er leiar i Lo si internasjonale avdeling.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Ho meiner at sakene i sommar viste at rammeverket treng fornying.

– No treng vi meir tid for å gå gjennom forslaga frå Stoltenberg, skriv Tørres.

– Det må vere godt samsvar mellom utanrikspolitikken og det vi gjer elles, seier leiar i Norsk Folkehjelp og mangeårig Ap -politikar Raymond Johansen.

Raymond Johansen sitter i en stol

Raymond Johansen var i mange år ein av dei mest profilerte politikarane i Arbeidarpartiet. Han var mellom anna byrådeleiar i Oslo og sat 16 år i sentralstyret. No er han generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Foto: Øivind Haugen / NRK

Også han meiner reglane treng ein gjennomgang, men at det må resultere i sterke etiske føringar.

– Vi skal vere knallharde og tøffe i forhold til brot på folkeretten, og framleis ikkje investere i verksemder som vi meiner er skadelege. Eg trur det er usedvanleg viktig å bruke pengemakta vi har på ein måte som er positiv, seier Johansen.

Publisert 24.10.2025, kl. 06.59

Read Entire Article