DEBATT: Kvar går eigentleg grensa for mandatet til konserthuset? Når blir utvikling til konkurransevriding?
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
For ei stund sidan vart Stavanger Rockfest arrangert – ein todagars festival inne i Stavanger konserthus. Populærkulturelle festivalar er jo kjekt for oss som bur i Stavanger og omland, og slike har me jo mange av, eg kan mellom anna nemna Mablis og Utopia. Og eg vil berre få presisera; dette er ikkje meint som noko forkledning for dei som opptredde eller deltok på Stavanger Rockfest.
Forskjellen på Rockfesten og alle dei andre er at det er eit interkommunalt selskap som har arrangert rockefesten. Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune eig dette selskapet, som skal «driva og utvikla Stavanger konserthus til ein kvalitetsarena for utøvarar på lokalt, nasjonalt og høgt internasjonalt nivå. Selskapet skal fremja regionens kulturliv og utvikla den allmenne interessa for musikk og scenekunst», som det står i selskapsavtalen deira.
Kven kan konkurrera mot slikt?
Og det gjer dei – stort sett nesten kvar einaste dag gjennom året – med klassisk musikk og coverband. Julemusikk er òg rekna som covermusikk. I så måte kan ein jo seia at dei utviklar konserthuset som ein arena, både for oss som bur her og for tilreisande. Kva dei meiner med «kvalitetsarena» er derimot ikkje heilt lett å forstå.
Men viss Konserthuset IKS skal romma alt og kuratera alt frå rock til standup, pop og eventar for handelsstanden – kva skal då alle dei andre driva med? Skal Checkpoint Charlie starta med kammermusikk, Folken med orgelfestival og Tou med sitt eige symfoniorkester? Og kvar går eigentleg grensa for mandatet til konserthuset? Når blir utvikling til konkurransevriding?
Spørsmålet eg gjerne skulle høyrt dei stilla seg sjølve, er: «Kva skal me ikkje driva med?»
No ligg Tribute i Sandnes med broten rygg, og det er slett ikkje lukrativt å driva med rockekonsertar for tida – korkje på dag- eller kveldstid. Verken Tribute, Checkpoint, Påfyll eller andre scener av liknande storleik, der rocken framleis lever, har milliontilskot til drift, bygg og innhald.
Styret i Stavanger konserthus IKS er for det meste samansett av folk frå handelsstanden og nokre politikarar – og viss det var nokon som burde visst betre enn å stikka fingrane i andre sin pudding, så var det dei. Offentleg kuraterte og godkjende kulturtilbod i kommunale bygg, der styret består av finanstoppar og politikarar, står i sterk kontrast til eit borgarleg – og i stor grad konkurranseutsett Stavanger.
Kva med å visa litt måtehald?
Her vil eg òg trekkja ein parallell til Rogaland Teater, med innspelingar av podkastar og foredrag, særleg serien deira Tidsvitner – der ein kan koma inn med dramakortet. Verken Stavangeren, Gaffel & Karaffel eller Fiskepiren kan konkurrera med ei slik løysing.
Ønsket om å skapa noko står nok sterkt både i Stavanger konserthus IKS og på Rogaland Teater, men samstundes burde ein visa måtehald. Dei burde kjenna si vitjingstid og la den delen av kulturlivet der erverv er føremål og driftsgrunnlag – konsertar og arrangement der ein må tena pengar på billettar – få blomstra og utvikla seg i takt med publikum på Folken, Tribute, Tou, Checkpoint, Fiskepiren, Påfyll, Blyge Harry, Stavangeren, Gaffel & Karaffel og Piren Pub.
Elles er eg stygt redd for at konsertar snart vert noko berre kommunale føretak har tid, rom og råd til å arrangera.
Publisert:
Publisert: 17. oktober 2025 15:22