Sp-politikaren reagerer på at ein innsett skal ha organisert narkotikasal frå cella i Bodø.
I november oppdaga politiet og Kripos ei transportåre for narkotika mellom Austlandet og Nord-Noreg.
Politiet beslagla mykje kokain og fleire blei arresterte.
Ein av dei sonar allereie ei lang straff for narkotikakriminalitet. Politiet meiner han styrte salet frå cella.
Det skal blant anna vere beslaglagd ei stor mengde kokain i saka.
Foto: PolitietEtter ein gjennomgang av mobildata har namnet til vedkommande dukka opp. I tillegg avdekte etterforskinga at den innsette hadde mobiltelefon på cella.
Ulovlege mobiltelefonar er eit aukande problem i norske fengsel.
Frå 2023 til 2024 auka talet på beslaglagde telefonar i norske fengsel frå 125 til 181.
– Kartellverksemd frå norske fengsel
Bentzen meiner Kriminalomsorgen må få fleire verkemiddel for å få bukt med situasjonen.
– Det er heilt openbert at ein må få betre system på plass, slik at ein ikkje kan drive kartellverksemd frå norske fengsel.
Stortingspolitikar Bent-Joacim Bentzen (Sp).
Foto: Sondre Skjelvik / NRKHan foreslår strengare kontroll og meiner Stortinget må vurdere ei lovendring.
Sjølv om det er ulovleg å ha med seg mobiltelefon inn i norske fengsel, risikerer ikkje innsette ekstra straff dersom dei blir tatt.
Danmark er eit av landa som har innført eit forbod som gjer det straffbart å ha mobiltelefonar i fengsel.
Kriminalomsorga finn stadig oftare ulovlege mobilar i fengsel.
Foto: Gorm Kallestad / NTBAssisterande direktør i KDI Jan-Erik Sandlie har også uttalt at Noreg bør diskutere ei lovendring.
– Det er ingen lovforslag på gang, men det er noko som blir diskutert i kriminalomsorga, om ein bør vurdere eit lovforbod som gjer det straffbart å ha mobiltelefon i fengsel. Tilbakemeldingane frå Danmark er at det har hatt god effekt, sa Sandlie til NRK.
NRK har sendt fleire spørsmål til Kriminalomsorgen om saka. Dei vil ikkje svare fordi ho blir etterforska.
– Fullstendig uakseptabelt
Statssekretær Gunn Karin Gjul (Ap) ønsker heller ikkje å kommentere hendinga, men understrekar at det ikkje er lov å bruke mobiltelefonar i norske fengsel.
– Fengsla har fleire heimlar for å forhindre og avdekke ulovlege gjenstandar. Likevel er vi kjent med at ulovlege gjenstandar, som for eksempel mobiltelefonar, likevel har blitt smugla inn i fengsla.
Statssekretær Gunn Karin Gjul (Ap).
Foto: Tom Balgaard/NRK– Det er sjølvsagt fullstendig uakseptabelt at innsette i fengsel driv med ny kriminalitet.
Gjul meiner Kriminalomsorgen har blitt nedprioritert over tid, noko som blant anna har ført til bemanningsutfordringar.
For å snu utviklinga foreslår regjeringa å løyve 180 millionar kroner til auka bemanning, rekruttering og auka opptak av fengselsbetjentar.
– Når det gjeld kontrolltiltak i fengsel jobbar Kriminalomsorgsdirektoratet no med å gå gjennom det regelverket.
Publisert 06.12.2025, kl. 09.51


















English (US)