Iversen tilbake på pallen i verdscupen – Klæbo vann skibyte

1 hour ago 2



– Dette betyr mykje for Iversen, seier Fredrik Aukland om Iversen sin tredjeplass.

– Emil Iversen, ein av dagens vinnarar, seier Jann Post.

Førre veke gjekk Emil Iversen Norgescup, medan tidlegare lagkameratar fekk gå verdscup i finske Ruka.

Klæbo vann den 20 kilometer lange fellesstarten med skibyte, mens Harald Østberg Amundsen tok andreplassen.

Det blei tidleg sett fart på løpet.

Finske Iivo Niskanen sette opp tempoet alt etter ein runde gått i Trondheim. Feltet blei fort strekt, men fleire av dei norske utøvarane hengde med.

– Klæbo har manøvrert seg helt fram i feltet. Her er helt utruleg korleis han bruker utforkøyringane til å gjere det, sa NRK-ekspert Fredrik Aukland.

Det var siste gong utøvarane fekk prøvd seg på distansen før OL.

Skibyte

Johannes Høsflot Klæbo og Federico Pellegrino var først ut av skibytet. Fleire av dei norske bytte ski fort, det sørga for at alle utøvarar var blant dei 25 første ut frå skibytet.

Et godt norsk skibyte sørger for at alle norske er blant de 25 første løperne ut frå dette skibyttet.

– Det er ingen av dei som kan sette fart i skøytedelen, som er fremst, meinte Jann Post etter skibyte.

Langrennsekspert Pål Goldberg meinte verken Klæbo eller Pellegrino ville sette fart.

Men det tok ikkje lange tida før Nyenget var fram i teten att, tett etterfølgt av Ree.

En gruppe langrennsløpere konkurrerer i en snødekket løype. Utøverne har på seg fargerike konkurranseklær med sponsorlogoer. De er delt inn i ulike posisjoner, og noen er i ferd med å overhale andre. Bakgrunnen viser skogkledde områder og et målområde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HØG FART:

Foto: Geir Olsen / NTB

Høg fart

Finske Iivo Niskanen sette fart alt etter ein runde gått i Granåsen. Feltet strakk seg.

I dei siste bakkane av klassiskdelen drog dei norske på leia av Martin Løwstrøm Nyenget, følgt av Harald Østberg Amundsen og Andreas Fjorden Ree.

– Det ser nesten ut til å vere ein sisterunde i klassisk dette her. Så fort går dei, sa Jann Post.

Simen Hegstad Krüger, som har OL- og VM-gull i øvinga, hamna bak leiargruppa og jakta gruppa i lag med Filip Skari.

Publisert 06.12.2025, kl. 11.55 Oppdatert 06.12.2025, kl. 12.00

Read Entire Article