Olav Luksengård Mjelva er ein ekstremt allsidig felespelar.
Han har ein uvanleg stor, og ikkje minst spektakulær, diskografi. Soloalbum med folkemusikk frå Røros og Hallingdal, folkemusikalske tolkingar av Bach med Lodestar Trio, nordisk samarbeid med dansegruppa SVER og strykartrioen The Nordic Fiddlers Bloc, og eit vanvittig eingongsprosjekt med Trondheim Jazz orkester og Sofia Jernberg.
I NRK-serien Trollstemt, møter me han i tømmerstudioet sitt på Røros kor han speler inn små felesnuttar til store Hollywoodproduksjonar.
Felespelet ender til dømes opp i spelet «God Of War – Ragnarök» eller Marvel-serien «Loki».
Difor seier eg det igjen: Olav Luksengård Mjelva er ein ekstremt allsidig felespelar.
Nå har Mjelva vendt seg innover, inn i einsemda og mørket, for å kontemplere det avsondra og veldig dødelege menneske. Med hardingfela utforskar han progressiv, folk- og svartmetall.
Etter fleire gjennomlyttingar er eg framleis i tvil på kor godt hardingfela passar med vrenggitar og dobbelpedal.
Black metal møter bitte litt hardingfele
Olav Mjelva seier sjølv at han i Afargang nyttar hardingfela til å produsera lydlandskap framfor melodiar.
Trass utsegna, set hardingfela farleg lite preg på musikken. Enten er hardingfela så tungt miksa og vrengd at dei karakteristiske lydane falmar, eller så har tresleiva med perlemorornament berre ikkje sjanse til å vinna kampen mot ein kornete, hardbarka stridsøks av ein støygitar.
Afargang kunne demonstrert korleis svartmetallen kunne ta i bruk hardingfela.
I staden opptrer hardingfela nærast som ein gimmick, og eg trur det ville vore lett å substituere med eit anna strengeinstrument utan alvorlege endringar av det musikalske uttrykket.
Dei desidert råaste segmenta på plata er dei tre gongane musikken går inn i eit thrashmetall-modus. Dette skjer på opningssporet «Mot Verda» og varar i femten sekund, på låta «Leva og døy» i tretti sekund, og på «Sjå det blånar» i førtifem sekund.
Det aggressive støyteppet utgjer såleis berre 3-4% av albumet. Det kunne med fordel vore ti gongar meir av dette.
Satanistisk vs. flatt
Mjelva syng for det aller meste sjølv. Måten han syng på er flat og resolutt, utan særleg med verkemiddel. Stemmen kling liksom usminka. Somme gongar fungerer dette veldig bra.
Til dømes på sporet «Kvile». Her syng han eit slags stev over eit uggent riff. Den dølle, likegyldige songstilen, omtrentlegheita i tonehøgde og intonasjon, matchar låta godt.
Olav Luksengård Mjelva (fødd 23. september 1983) er ein norsk folkemusikar (fele og hardingfele) frå Røros.
Foto: Melanie DuperrexAndre gongar klaffar det ikkje heilt. Eg trur det handlar om eit sprik mellom energiar. Mjelva syng ikkje alltid med same styrke og kraft som instrumenta. Dei har forskjellige output. På grunn av dette, raknar låta og musikken fell ned i eit juv.
Nedi juvet hender det heldigvis at gjeste-growlar, ekstremvokalist og dødshylaren Haldor Bromstad dukkar opp. Han sparkar liv (eller tvingar døden fram) i musikken.
Spesielt stilig er det på siste sporet, kor den satanistiske hylestemma til Bromstad ligg som eit slør under den flate stemma til Olav Mjelva.
I albumsamanheng peiker det mot at dei to stemmene kanskje har vore nærare kvarandre ein har trudd. Dei to stemmene er kanskje ikkje er to personar, men forskjellige sinnelag i eitt og same menneske.
Langsam modning
Dei første gongane eg lytta på albumet, blei eg særs skuffa. Dette var overhovudet ikkje så banebrytande og originalt som eg hadde forventa. Musikken låt generisk. Det minte meg delvis om tidleg Ulver, delvis om Ørkenkjøtt, pluss ein heil haug andre ting eg hadde høyrd før.
Mange av prosjekta til Olav Mjelva er fascinerande og interessante, noko som gjorde at eg hadde store forhåpningar til Afargang.
OPPFØLGAR: Albumet «Andvake» er det andre albumet frå Olav Mjelvas prosjekt Afargang. Den første utgivelsen, «Heim», kom i 2022.
Foto: By NorseSjølvutvikling
Men etter fleire gjennomlyttingar, har eg forsona med meg med at musikken ikkje er så nyskapande som eg hadde håpt. Afargang held seg innanfor kjende rammer frå black, folk og progressiv metall.
Hardingfela er med, noko som er unikt, men ho er nesten uvesentleg. Nesten.
Nå som eg likevel har byrja å akseptera kva albumet er, viser det seg at det faktisk inneheld nokon ganske rå parti.
Eg fryktar at Andvake kjem til å veksa på meg i tida framover, smått om senn, men skulle ønske musikken var hardare og brukte hardingfela på ein meir usømmeleg måte.
Hei!
Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 30.06.2025, kl. 08.19