– Eg har hatt influensa. Og eg er vaksinert òg! Eg er skaka!
Slik byrjar sjefredaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen i torsdagens episode podkasten Aftenpodden.
– Vi som er vaksinert, er vi ikkje beskytta? legg ho til.
Jo – for årets influensavaksine har ifølgje Folkehelseinstituttet treft godt.
Trine Eilertsen er sjefredaktør i Aftenposten
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKFærre alvorleg sjuke
Vi er inne i det største influensautbrotet sidan sesongen 2017/2018.
Og smittetoppen er ennå ikkje nådd, meiner FHI.
Likevel meiner dei at vaksinen har beskytta godt.
– Dei som har tatt vaksinen og blitt sjuk som føler seg snytt, dei kan kanskje trøyste seg med at dei ikkje har blitt så alvorleg sjuk som dei kunne blitt.
Det seier sekssjonsjef i Folkehelseinstituttet, Karoline Bragstad.
Takka vere vaksinen, er ikkje så mange lagt inn med alvorleg sjukdom, ifølgje FHI.
– Vi ser litt færre innleggingar i forhold til den smitta som er der ute, forklarar Bagstad.
Karoline Bragstad meiner influensavaksinen har treft godt
Foto: Vidar Ruud / NTBVaksinen dekkjer type A og B
Bragstad understrekar at vaksinen skal beskytte mot alvorleg sjukdom og død.
– Mange vil også vere beskytta mot å bli smitta. Men det er ikkje som eit usynleg skjold som nødvendigvis forhindrar fullstendig smitte, seier ho.
Det er finst to typar influensavirus – A og B.
I år er det type A som dominerer, men det kan hende det kjem fleire tilfelle av B etter kvart.
Årets vaksine dekkjer begge.
Smitte over heile landet
– Det er mykje smitte i alle fylke nå, seier Bragstad.
Førre veke var 700 personar innlagd med viruset.
Det er ikkje urovekkande, meiner ho.
– Vi har ikkje ein så alvorleg influensasituasjon som dei har opplevd i andre land i Europa denne sesongen, seier ho.
Og for dei som er stressa over at smittetoppen ikkje er nådd. Meiner FHi at smitta kan roe seg etter to veker med vinterferie.
Publisert 28.02.2025, kl. 13.01