Hvor mye av potten hadde du vært villig til å bruke?

1 week ago 15



  • 20. september 2025 kl. 15:33

    Visesongaren Ivar Bøksle er død

    Ivar Bøksle var ein visesongar og trekkspelar frå Sørlandet.

    Han blei 78 år gammal.

    Bøksle debuterte med plata «Viser fra Sørlandet» i 1972 saman med broren Eivind, og gav seinare ut ei rekke album både som duo og soloartist.

    Han er far til songar og skodespelar Helene Bøksle.

    https://potion.felles.ds.nrk.no/program/40f90ac2-adb6-4518-b90a-c2adb615183a/pub/8de1992f-1e50-40ac-a199-2f1e5010ac0e

  • 19. september 2025 kl. 20:52

    Canada nektar Kneecap innreise

    Den irske rapgruppa Kneecap er nekta innreise til Canada, melder AFP.

    Dei skulle halde fire konsertar i landet, men myndigheitene meiner bandet har uttrykt støtte til Hamas og spreidd hatretorikk.

    Kneecap avviser skuldingane og kallar avgjerda politisk motivert.

    Også USA og Ungarn har stengt dørene for gruppa etter ein konsert i sommar der ein av vokalistane ropte «Death, death to the IDF» frå scena.

  • 19. september 2025 kl. 18:15

    Artisten D4vd avlyser konsert i Noreg

    Han skulle etter planen spele i Oslo 1. oktober, men har avlyst ifølgje arrangørens nettsider.

    Også ein konsert i Stockholm og to i USA har blitt avlyst.

    Avlysingane kjem etter at det tidlegare i september blei funne eit lik i bilen hans. Bilen blei funne i Hollywood og var ikkje meldt stolen.

    Leivningane blei identifiserte som ei 15 år gammal jente som blei meldt sakna i april i fjor.

  • Read Entire Article