Hushovd om siste etappe i Arctic Race of Norway: – Ein ellevill etappe

15 hours ago 3



Søndag skal sykkelrittet Arctic Race of Norway avslutte i Tromsø med ein etappe på 135,3 km i åtte rundar rundt på Tromsøya.

Den meritterte syklisten Thor Hushovd er sjef for sykkellaget Uno-X Mobility.

– Det kjem til å bli ein ellevill etappe. Det er kamp i teten mellom britiske Tom Pidcock og Corbin Strong frå New Zealand. Den er ikkje avgjort. Og så er det masse ryttarar bak, seier han til NRK.

Han nemner tromsøværingen Andreas Leknessund si avslutning i Arctic Race of Norway i Trondheim i 2022. Då angreip han, og vann rittet.

– Dagens etappe i Tromsø er teknisk krevjande. Det er ikkje berre opp og ned, men masse svingar. Det gjer det vanskeleg å kontrollere, meiner Hushovd.

Kven er favoritten?

– Han er så lokal som ein kan få det, og heiter Andreas Leknessund, seier Hushovd til NRK.

Read Entire Article