Eit kraftig lynnedslag hausten 2023 gjorde store skadar på huset til ein sunnmørsmann.
Lynet tok kverken på store deler av det elektriske anlegget i huset, og det blei raskt oppdaga feil på ei rekkje lampar, fjernsyn, vaskemaskin, styringssystem av termostatar, varmepumper og ventilasjonsanlegg.
Då jobben var ferdig var rekninga komen opp i 919.397,50 kroner.
Men då sette forsikringsselskapet seg på bakbeina og nekta å betale rekninga til den lokale elektrikaren.
No har Sunnmøre tingrett dømd Knif Trygghet Forsikring til å gjere opp for seg.
– Fornøgd er vi så klart. Det bør vere unødvendig å måtte ta dei til retten for å vinne fram, seier mannen til NRK.
NRK kjenner identiteten hans, men han ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilde.
Meinte det heldt med knappe 200.000 kroner
Då pengekrangelen starta hadde forsikringsselskapet skaffa seg ein eigen takstmann. Han rekna seg fram til at 184 522,- burde vere nok til å fikse det elektriske utstyret, og betalte ut summen til det lokale elektrikarfirmaet som hadde gjort jobben.
Dermed blei resten av rekninga på over 700.000 kroner ståande ubetalt.
Takstmannen argumenterte med at firmaet hadde skifta alt for mange lampar og brukt unødvendig lang tid på jobben. Han meinte også store deler av arbeidet var i strid med avtalen.
Då partane forsøkte å oppnå semje i mekling tidlegare i år, strekte forsikringsselskapet seg til å foreslå å betale 400.000 kroner for arbeidet.
No er dei dømde til å betale over dobbelt så mykje.
– Vi må gjennomgå materialet før vi synest noko om saka, skriv administrerande direktør Svein Rødskog i Knif i ei tekstmelding til NRK.
Selskapet har førebels ikkje tatt stilling til om saka skal ankast.
Skifta ut 70–90 prosent av lampane
Det var ikkje akkurat eit kott lynet slo ned i.
Lynnedslaget råka eit fleire hundre kvadratmeter stort og påkosta hus på Sunnmøre i fleire etasjar og med to separate utleigedelar.
Elektrikaren har forklart i retten at stadig meir av det elektriske anlegget svikta undervegs i jobben. Til slutt var mellom 70 og 90 prosent av fleire hundre lampar, såkalla spotlights, skifta.
Elektrikarfirmaet viste i retten til at det var fargeforskjellar på dei gamle og nye lampane, og at det difor var nødvendig med ei omfattande utskifting, også av brannvernomsyn. Han viste vidare til at det ikkje var avtalt noko kostnadsestimat, men at dei hadde fått skriftleg beskjed om å skifte alt som var øydelagt:
«Fint om dere kan prioritere å kartlegge og eventuelt utbetre det som er skadet (har funksjonssvikt), og gjort en ny sluttkontroll på anlegget etter ferdig utbedring».
Fullt medhald i retten
Både den uheldige huseigaren og den lokale elektrikaren får fullt medhald i retten.
Sjølv om fleire ekspertar i retten forklarte at utskiftinga av alle lampane var uvanleg omfattande, finn ikkje retten grunn til å tvile på at det var nødvendig, og at arbeidet tok mykje tid.
Retten avviser at arbeidet ikkje var del av avtalen og slår fast at forsikringsselskapet må punge ut. Dei må også betale sakskostnader for huseigaren og elektrikaren.
– Med ein såpass klar dom blir eg overraska om forsikringsselskapet ankar, seier huseigaren til NRK.
Ankefristen er ikkje ute, og dommen er dermed ikkje rettskraftig.
Publisert 29.09.2025, kl. 09.48 Oppdatert 29.09.2025, kl. 10.56