Hunden Teddy vart redda med varme­søkande drone

3 hours ago 1



Teddy, ein 3,5 år gamal Dunker var med på harejakt i Ringebu 13. oktober. Han fekk plutseleg ferten av noko heilt anna og stakk i veg.

– Så enda han opp nede i et forferdeleg trongt juv, med masse kampesteinar og mykje fossestryk. Og veldig bratt ned frå alle kantar.

Det seier eigar, Jan Arild Andersen. Han bur i Ski, men var med ein kompis på hytta i Ringebu.

Han hadde GPS på hunden som viste området, men signalet flytta seg ikkje.

– Vi trudde jo at dette hadde gått helt gale. At han hadde drukna eller slått seg eller noko sånt.

en mann som holder en fisk og et par hunder

I eit døgn leita Jan Arild Andersen etter hunden sin, Teddy.

Foto: Privat

Dronelærling til unnsetning

Andersen fortel at dei leita etter Teddy i eitt døgn. Utsende frå Røde Kors hjelpte til. Ein lokal klatrar prøvde å ta seg ned i juvet. Og barnebarna var med på leitinga.

På morgonen dagen etter hunden forsvann vart Ringebu kommune sin dronelærling, Truls Røise Skaugvolldal kalla ut.

19-åringen seier det ikkje er dette han vanlegvis driv med som lærling. Han køyrer dronar for å inspisere bygningar og ta bilete av infrastruktur.

Men han tok med seg den termiske dronen som plukkar opp varmesignal.

Og så fann vi han i løpet av sikkert tre-fire minutt. Eg trur den var rundt 400 meter frå der vi starta. Han låg oppe i terrenget, som gjorde at det var veldig vanskeleg for dei på bakken å kunne finne han, fortel Røise Skaugvolldal.

en gruppe mennesker som står og ser på en drone i lufta.

Det er første gongen dronelærlingen Truls Røise Skaugvolldal, får eit slikt oppdrag. – Eg synest det var veldig artig. Fekk mykje skryt av han for at vi fant han så fort. På ein ganske effektiv måte.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Tårer i auga

Barnebarnet til Jan Arild Andersen vart vist vegen inn til der hunden låg med hjelp av dronen og fekk han ut igjen til matfar.

Det var fleire som hadde tårer i øya der. Eg hadde vel eigentleg trudd at han var forulykka, men det gjekk bra, seier Andersen.

Han seier det alltid er ein risiko når ein slepp hundar laus i skogen under jakta. Men vanlegvis ville ikkje Teddy hamna i slikt ulendt terreng.

No går det bra med han.

Han sov litt meir enn han pleier det første døgnet, og no er han i full fart igjen.

en person som holder en hund

Jakthunden Teddy saman med Jan Arild Andersen sitt barnebarn, som henta hunden ut av skogen.

Foto: Privat

Publisert 21.10.2025, kl. 21.14 Oppdatert 21.10.2025, kl. 21.39

Read Entire Article