Hovudskalle og lårbein funne under gravearbeid i Lofoten: – Veldig sjeldan

1 month ago 18



– Det er spesielt, og det er super spennande, seier arkeolog i Nordland fylkeskommune, Tor-Kristian Storvik.

Bygginga ved Gimsøy skule i Vågan i Lofoten er sett på vent etter spennande funn i jorda som kan vere mellom 1000 og 1500 år gamle.

– Under eit gravearbeid så har entreprenørane først funne ein hovudskalle og eit lårbein, så kom vi til staden og avdekka noko meir.

Funna vart gjort for eit par veker sidan, og sidan har arkeologar jobba på staden.

Det var som Lofotposten som omtalte funnet først.

Og det er ikkje kven som helst sin hovudskalle dei har funne.

– Ikkje kven som helst

– Det ser ut som det kan vere ei båtgrav, seier Storvik og legg til at dei har funne det dei trur er avtrykket av ein båt.

Det kan seie mykje om kven den døde var for over 1000 år sidan.

– Det var ikkje kven som helst som blei gravlagt slik. Det blir kanskje gravlagt ein til to personar per gard i sånne typar graver.

Difor er det heilt klart eit menneske med stor betydning i samfunnet og på garden, som gjerne blir tolka som høvding eller høvdingfrue, ifølge Storvik.

Bilde av hodeskalle på en hvit bakgrunn.

Beinmaterialet kan seie noko om personens generelle helsetilstand, kjønn og levevilkår.

Foto: Vemund E Hoff / Nordland fylkeskommune

Han seier om dei held fram med utgravinga vil dei også kunne finne ut av om det er ei kvinne eller mann.

– Beinmaterialet, kan utover det å fortelje oss kjønn og alder, seie noko om generell helsetilstand. Om det er teikn til gikt, slitasje, samt kosthald og levevilkår.

– Dårleg for treverk

Viser det seg at funnet faktisk er ein båt, så vil det vere den første båtgrava som er graven fram i Lofoten. Frå før er det grave fram og undersøkt fem båtgraver i Vesterålen.

Men sanden og jorda rundt funna innehelg mykje kalk, ifølge Storvik.

– Det er ikkje så veldig gode bevaringsforhold for treverk. Så vi ser på ein måte avtrykket av båten.

Men kalk gir veldig gode bevaringsforhold for bein, difor er skallen så godt bevart.

Gravfunn

Arkeolog i Nordland fylkeskommune seier ein på ein måte kan sjå båtborda som ligg i ei båtform.

Foto: Vemund Emil hoffmann / Nordland fylkeskommune

Arkeologen i Nordland fylkeskommune seier uventa funn dukkar opp nesten kvar sommar.

– Så vi har nesten gått og venta på det i sommar, ler Storvik.

Det som skjer vidare no er at beinrestane skal bli levert til Noregs arktiske universitetsmuseum.

– Tett med funn

På Gimsøy er det tett mellom ein del større gardar og det er mange grav- og kulturminne. Det gjeld også resten av Lofoten og Vesterålen, ifølge Geir Are Johansen, arkeolog og direktør for Museum nord.

– Det er veldig tett med funn i dette området. Det er noko av det tettaste i heile Noreg. Det er ganske unikt. Det er også veldig mange spesielle og rike funn. Særleg på Borg, der du finn spesielle tinn-folierte kanner, seier direktøren.

Vestvågøya var noko av det tettast folkesette området i heile Noreg i vikingtida. Johansen trur at årsaka kan vere at Nord-Noreg er rikt på marine ressursar, og at denne rikdommen visste folk om allereie på den tida.

– Så her budde det mykje folk, og her var store høvdingar.

Gravfunn

Byggeprosjektet ved Gimsøy skule er mellombels stansa medan dei gjer vidare undersøkingar.

Foto: Vemund Emil hoffmann / Nordland fylkeskommune

Likevel er båtgraver sjeldan i Nord-Noreg, og det trur han kjem av gravskikken.

– Ein har gjort ting på ein litt annan måte her oppe enn sørafor.

Difor syns han funnet på Gimsøy er veldig spennande.

– Det er veldig sjeldan.

Publisert 28.08.2024, kl. 11.47

Read Entire Article