Hotel Ullensvang permitterer tilsette som følgje av flaum
Hotel Ullensvang permitterer om lag 40 personar som ein direkte konsekvens av flaumskadane hotellet har fått. Det melder Hardanger Folkeblad.
Nokre blir permitterte på heiltid og andre på deltid. Nedbemanning var allereie i gang, då hotellet skal stenge ned for renovering frå 8.desember og fram til februar.