Canada nektar Kneecap innreise
Den irske rapgruppa Kneecap er nekta innreise til Canada, melder AFP.
Dei skulle halde fire konsertar i landet, men myndigheitene meiner bandet har uttrykt støtte til Hamas og spreidd hatretorikk.
Kneecap avviser skuldingane og kallar avgjerda politisk motivert.
Også USA og Ungarn har stengt dørene for gruppa etter ein konsert i sommar der ein av vokalistane ropte «Death, death to the IDF» frå scena.
Artisten D4vd avlyser konsert i Noreg
Han skulle etter planen spele i Oslo 1. oktober, men har avlyst ifølgje arrangørens nettsider.
Også ein konsert i Stockholm og to i USA har blitt avlyst.
Avlysingane kjem etter at det tidlegare i september blei funne eit lik i bilen hans. Bilen blei funne i Hollywood og var ikkje meldt stolen.
Leivningane blei identifiserte som ei 15 år gammal jente som blei meldt sakna i april i fjor.
Artisten d4vd avlyser konsert i Sverige
Den amerikanske artisten d4vd har avlyst konserten han skulle halde i Stockholm tidleg i oktober, melder svensk TV4.
Avlysinga kjem etter at det tidleg i september blei funne eit lik i bilen hans i Hollywood.
Levningane er identifiserte som ei 15 år gammal jente som blei meldt sakna i april i fjor.