Høgreekstremistar spreier konspirasjonsteoriar medan dei ryddar opp etter orkanar

3 hours ago 7



Den siste månaden har USA vorte råka av to orkanar som har ført til store skadar. Oppryddinga går framleis føre seg, kor både styresmakter og frivillige deltek.

Det gjer òg høgreekstreme grupper.

Men dei driv ikkje berre med rydding. Dei brukar òg høvet til å rekruttera nye medlemmar og spreia konspirasjonsteoriar, skriv avisa Washington Street Journal (WSJ).

Den vesle landsbyen Horseshoe Beach i Florida er ein av plassane som har fått besøk av gruppa Patriot Front, som vert rekna som ei kvit makt-gruppe av Anti-Defamation League.

Det heile gjekk føre seg utan at ordførar Jeff Williams visste noko om det.

– Det er heilt tydeleg, dei er kvit makt-tilhengarar, sa han til avisa etter å ha slått opp gruppa på internett.

Oversiktsbilde over Horseshoe Beach som viser store mengder planker og ødelagte bygninger i vannkanten, etter orkanen Helene i september 2024.

Horseshoe Beach har under 200 innbyggarar og vart hardt råka av «Helene».

Foto: Chandan Khanna / AFP

Hevdar ingen kom for å hjelpa til

I ein video gruppa har delt på Telegram står ein talsperson blant øydeleggingane og kritiserer styresmaktene.

– Det er viktig for amerikanske menn å samlast her og hjelpa medborgarar i naud. Medan dei nasjonale styresmaktene er opptatte med å henta inn utlendingar og gje dei heimar, mat og vatn, seier mannen.

I videoen hevdar han òg at ikkje landsbyen hadde fått noko hjelp utanfrå, anna enn «eit par brannmenn» og vanlege borgarar.

Det avviser ordføraren blankt. Til avisa seier han at minst 100 personar frå ulike organ har kome for å hjelpa til, mellom anna frå Fema.

Den høgreekstremistiske gruppa Patriot Front hevdar at ingen har kome for å hjelpa til i Horseshoe Beach etter orkanen «Helene». Det avviser ordføraren bestemt.

Men sjølv om han ikkje er einig med kva Patriot Front står for, vil ikkje ordføraren senda dei vekk.

– Så lenge dei ikkje er her for å dytta det på folka her, tar eg imot hjelpa. Eg bryr meg ikkje kor dei kjem frå, seier Williams.

Avisa har forsøkt å få kommentarar frå Patriot Front, men har ikkje fått svar.

Den høgreekstreme gruppa Proud Boys har òg vore i område som er hardt råka av orkanar.

– Eg lurar på kor alle demokratane er, dei som elskar dette landet så høgt, seier ein medlem i eit innlegg på Truth Social ifølge WSJ.

Fleire konspirasjonsteoriar

Over to hundre personar mista livet i orkanen «Helene». Dødstala er venta å stiga, fordi mange framleis er sakna.

Det har ikkje stoppa ulike konspirasjonsteoriar frå å spreia seg. I sosiale medium har det til dømes kome påstandar om at:

  • «Mektige krefter» kan kontrollera vêret
  • Orkanen «Helene» var menneskeskapt
  • Styresmaktene stel pengar som skulle brukast på hjelpearbeid etter orkanen
  • Lik vert forlatne
  • Pengar frå krisefond vert brukte på migrantar

– Det er ikkje overraskande at desse gruppene brukar slike katastrofar til å reklamera for seg sjølv.

Det seier Jon Lewis, ekstremismeforskar ved George Washington University, til WSJ.

Hevdar Demokratane prioriterer innvandrarar

Presidentkandidat Donald Trump har òg skulda Joe Biden og Kamala Harris for å prioritera ulovlege innvandrarar over hjelp til orkan-offer.

– Kamala brukte alle Fema-pengane sine, milliardar av dollar, på husly til ulovlege innvandrarar, har Trump mellom anna hevda.

Republikanaranes visepresidentkandidat J.D. Vance har òg hevda at hjelpa Fema gir til innvandrarar, distraherer dei frå å hjelpa «amerikanarar som treng det», skriv The Guardian.

Ei kvinne i kjeledress og med hjelp med en hund i bånd, ved siden av flere veltede trær i Nord-Carolina etter orkanen Helene

Ein Fema-tilsett med hund leiter etter menneske på ein eigedom i Asheville, Nord-Carolina som vart øydelagd av «Helene».

Foto: Mario Tama / Getty Images/AFP

Fema har ei ordning for å hjelpa migrantar med bustad, men ho er heilt separat frå naudhjelpa deira, skriv avisa. Det kvite hus har òg avvist at nokre pengar som skulle ha gått til naudhjelp, har vorte brukt på hjelp til migrantar i staden.

Fema-sjefen har uttalt at ho er skuffa over dei mange påstandane om manglande hjelp.

– Det at nokre leiarar ikkje klarar å skilja mellom fakta og fiksjon, gjer det vanskelegare for oss å faktisk kunna gje folk den hjelpa dei treng, sa Deanne Criswell til MSNBC måndag.

Faktisk har Fema laga ei eiga nettside for å avkrefta rykte og konspirasjonsteoriar om arbeidet sitt.

Viss du er interessert i meir utanriksstoff, kan du høyra på Urix-podkasten:

Publisert 12.10.2024, kl. 09.11

Read Entire Article