Hyrox.
Kanskje er det berre å lære seg namnet med ein gong?
– Før kjente eg kanskje at folk var litt sånn: «Det du held på med er rart», seier Lotta Lomeland.
– Men nå er det litt sånn: «Oi, det du held på med er litt kult», seier ho.
Eirik Fure / NRK
Dette er Hyrox
Ei trenings- og konkurranseform som det siste året har auka i popularitet i Noreg.
Du vekslar mellom å springe éin kilometer åtte gonger – og åtte fastsette tekniske øvingar.
Namnet er ei samansetting av «hybrid» og «rockstar».
Eirik Fure / NRK
Slik fungerer det
Først spring du éin kilometer. Deretter éi teknisk øving (som 1000 meter på stakemaskin).
Ein ny kilometer løping ventar, før du igjen skal tilbake til ei teknisk øving. Denne gongen å dytte ein slede 50 meter.
Slik held det fram totalt åtte gonger.
Eirik Fure / NRK
Øvigane: Burpee broad jump
80 meter med burpees og froskehopp. Lomeland er her midt i eit av mange hopp framover.
På denne øvinga får heile kroppen køyrt seg.
Dette er øving nummer fire, så her har ein akkurat fullført den fjerde kilometeren med løping.
Eirik Fure / NRK
Øvingane: Romaskin
Ein frykta kjenning for mange.
Roing er den femte øvinga, så her er du over halvvegs!
Du må ro heilt til maskina viser at du passerer 1.000 meter. Då ventar det ikkje kvile, men ein ny løpetur på éin kilometer!
Eirik Fure / NRK
Wall balls
Huskar du den tunge medisinballen frå ungdomsskolen? Her får du eit gledeleg gjensyn!
Vektballen blir kasta 100 gonger på eit punkt høgt oppe på veggen. Dette er den siste øvinga, så her er det berre å halde ut!
Eirik Fure / NRK
Dei åtte øvingane:
- Stakemaskin (1.000 meter)
- Dytte slede (50 meter)
- Trekke slede (50 meter)
- Burpee broad jumps (80 meter)
- Roing (1.000 meter)
- Farmers carry (bere tunge vekter i kvar hand – 200 meter)
- Sandbag lunges (utfall med sandsekk på skuldrene – 100 meter)
- Wall balls (100 kast)
Vekta på utstyret avheng av kva for ein klasse du konkurrerer i. Før kvar av alle åtte øvingar skal du springe éin kilometer.
Ny sport i Noreg
Lomeland var tidleg ute og kasta seg på Hyrox-bølga allereie for eitt år sidan.
Ho har deltatt i VM, EM og denne helga er nærare venta 12.000 deltakarar til Lillestrøm når ein Hyrox-konkurranse kjem til Noreg for første gong.
I KONKURRANSE: Men idretten kan også bli utøva som ein sosial aktivitet.
Foto: Privat– Eg trur det kan bli dritstort. Det er jo ein veldig effektiv treningsmåte, seier Lomeland.
Ho kombinerer treninga med ein master i juss og har i tillegg jobb ved sida av.
– Det er ein god kombinasjon av kondisjonstrening og styrketrening, som gjer at du held deg i veldig bra form utan at du treng å gjere så ekstremt mykje, meiner ho.
EFFEKTIV TRENING: Juss-studenten bur i Kristiansund, men er her på trening i Oslo. Lomeland brukar Lars-Kristian Eriksen som coach.
Foto: Lokman Ghorbani / NRK«Kvifor held eg på med det?»
24-åringen har tidlegare drive med crossfit, men meiner Hyrox er den hardaste idretten ho har vore innom.
– Det er mange gonger eg tenker «kvifor held eg på med denne driten?», smiler ho.
Ho deltok i sin første konkurranse i italienske Milano i 2024.
– Eg likar å ha mål. Om eg berre skulle ha trena for å halde meg i form, så trur eg ikkje at eg hadde trena. Eg synest det er gøy å overraske meg sjølv, seier ho.
SPENT PÅ UTVIKLINGA: Professor Gøran Paulsen trur konkurransar i Noreg på kort sikt vil auke i interessa rundt Hyrox.
Foto: Nadir Alam / NRKEkspert: – Det kan bli populært
Nokre idrettar forsvinn som døgnfluger i Noreg. Andre idrettar spreier seg som eld i tørt gras.
Professor Gøran Paulsen ved Noregs idrettshøgskole er spent på kva som skjer med Hyrox framover.
– Eg trur Hyrox kan bli populært. Det har vore populært nokre år, så nå kjem det til Noreg, seier professoren.
Han meiner det kan minne mykje om både «crossfit» og «functional training».
– Det er openbert ein uthaldsidrett. Det er gjort ein studie som har sett på puls og opplevd anstrenging undervegs, seier han og held fram:
– Dei som gjennomførte hadde veldig høg intensitet heile vegen. Dei brukte mest tid på å springe, men hadde litt høgare anstrenging under dei tekniske elementa.
BER TUNGT: Lomeland har tidlegare drive med crossfit og andre idrettar, men meiner Hyrox er det mest effektive.
Foto: Lokman Ghorbani / NRKMeiner bransjen må vere aktuell
Professoren er tydeleg på at kondisjon er det viktigaste i Hyrox.
– Har det komme for å bli eller ei døgnfluge som er gløymd om eitt år?
– Det er vanskeleg å seie. Crossfit har jo halde på ei stund nå. Det kjem litt an på om treningssenterbransjen tar det inn og lagar det som ein del av sortimentet sitt, har timar og sånn sett gjer det tilgjengeleg, seier professor Paulsen.
– Kvifor dukkar det opp denne nye typen trendidrettar?
– Fitness-treningssenterbransjen er heilt avhengige av å komme opp med nye produkt eller nye treningsformer for å vere aktuelle. Eg trur det er ein naturleg evolusjon, seier han.
Frå heile verda
Denne helga blir det arrangert første offisielle Hyrox-meisterskapen på norsk jord på Lillestrøm.
Lasse Tufte i Adrenalin, som samarbeider med Hyrox internasjonalt, seier dei forventar rundt 12.000 deltakarar frå over heile verda denne helga.
– Det kjem amerikanarar, europearar og mange britar. Omtrent folk frå alle kontinent, seier Tufte.
I utgangspunktet var det berre planlagt to dagar med konkurranse, men dei fekk gjort eit unntak for å arrangere ein ekstra dag.
– Det er rett og slett fordi førespurnaden har vore så enorm, seier han.
Tufte opplever at dei aller fleste deltar i Hyrox for å fullføre. Ikkje for å konkurrere mot andre.
– Majoriteten har ikkje ein plasseringsambisjon. Dei færraste som spring Oslo halvmaraton gjer det for ei plassering, men som ei gjennomføringsgreie, og slik er det her òg, seier han.
TIL LILLESTRØM: Lotta Lomeland er blant dei norske som har gjort det godt i Hyrox, men trur ho får tøff konkurranse i helga.
Foto: Lokman Ghorbani / NRKPublisert 27.09.2025, kl. 07.43