Den tidlegare fondsforvaltaren får 212 millionar kroner i erstatning av staten for tap av karriere og inntektsgrunnlag.
Erstatningssummen er historisk høg.
– Min klient er letta over at vi no kan sette ein strek på ein årelang kamp, seier advokat Nadia Hall til NRK.
Partane blei einige fredag – det etter at staten først kom med eit forslag om 40.000 kroner i oppreising.
– Det seier litt om korleis staten har sett på denne saka, kor dei prøver å komme unna ansvar. Men dette viser at rettssystemet fungerer, og at den urett han blei utsett for, no er kompensert gjennom å få ei riktig erstatning, seier Hall.
Hall sin klient er letta over at saka no er avslutta.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB ,NTBÅrelang prosess
Det var i 2018 at Økokrim tok ut tiltale mot fondsforvaltaren.
Økokrim skulda personen for alvorlege forhold knytt til vedkommande si yrkesutøving. Fondsforvaltaren blei skulda for marknadsmanipulasjon og innsidehandel.
Det førte til tap av jobb, partnarskap og økonomisk grunnlag for fondsforvaltaren, som seinare blei frikjent i både tingretten og lagmannsretten.
Retten konkluderte med at tiltalen aldri skulle vore tatt ut, ettersom han baserte seg på «faktiske og rettslege misforståingar».
Åtte år seinare har staten inngått eit historisk rettsforlik på 212 millionar kroner.
Økokrim nøgd med å sette strek
Sjef i Økokrim Pål Lønseth er nøgd med at saka no er avslutta.
– Vi forheld oss no til den avgjerda som har komme, både frifinninga som var i si tid og forliket som no er inngått, og tar det til etterretning, seier han til NRK.
Han understrekar at domstolen kan ha ei anna vurdering enn kva Økokrim hadde då dei tok ut tiltalen i 2018.
Lønseth vil ikkje kommentere om det var riktig å føre saka for retten.
Lønseth er nøgd med at saka er avslutta.
Foto: JON PETRUSSON / NRKAdvokat: – Dette er grovt
Fondsforvaltaren sine advokatar, Anders Brosveet og Rasmus Woxholt, meiner at Økokrim verken forstår korleis marknaden fungerer eller kva dei aktuelle reglane er.
– Vi opplevde at verken Finanstilsynet eller Økokrim hadde tatt inn over seg at det var komme eit nytt EU-regelverk, som medførte at Økokrim tilnærma seg saka frå eit grunnleggande gale perspektiv, seier Brosveet og Woxholt i ei pressemelding.
Også Hall reagerer på Økokrim sine vurderingar.
– Dette synest eg er grovt. Dei skal vite kva dei held på med når dei tar ut tiltale, seier ho til NRK.
– Forsvararane i straffesaka, også klienten, forsøkte fleire gonger å fortelje Økokrim om kva som er gjeldande forståing av retten, men dei framstod å vere heilt immune mot innspela og fortsette i sitt spor, legg Hall til.
Fondsforvaltaren blei frikjent i både tingretten og lagmannsretten.
Foto: Jorunn Hatling / NRKBrosveet og Woxholt hevdar at statsadvokaten var klar over at tiltalevedtaket ville føre til «enorme økonomiske konsekvensar» for fondsforvaltaren.
– Det er eit livsverk som er lagt i grus, og som aldri vil la seg fullt ut reparere, står det i pressemeldinga frå Elden Advokatfirma.
Publisert 01.06.2026, kl. 16.32 Oppdatert 01.06.2026, kl. 16.53













English (US)