Hevdar unggut sparka han i fjeset: – Synd at dei brukar det mot meg

1 day ago 3



På overtid var Spiten-Nysæter i duell med Vålerengas Aaron Kiil Olsen.

Vålerenga-spelaren blei liggande og heldt seg til ansiktet. Han hevdar at Moldes stjerneskot sparka han i fjeset.

– Eg treff ikkje i nærleiken av ansiktet, seier Spiten-Nysæter til NRK.

– Han køyrer bevisst kneet i haka mi, seier Kiil Olsen til TV 2.

bråk

TUMULTAR: Sekund etter hendinga blei Spiten-Nysæter omringa av grøne Vålerenga-spelarar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Etter situasjonen kom fleire Vålerenga-spelarar bort til Spiten-Nysæter. Dei var rasande og meiner han burde blitt utvist.

– Eg synest det er utruleg stygt. Det er overraskande at dei (dommarane) ikkje tek det. Det er bevisst, seier Vegar Eggen Hedenstad til NRK.

Spiten-Nysæter er ikkje einig.

– Dei tapte 4–1 og kjem til å seie det. Eg får ikkje gjort noko anna enn å seie beklagar. Eg meinte det ikkje. Eg har hovudet mot ballen og er ikkje i nærleiken av ansiktet hans, seier han til NRK.

bråk på Molde stadion

KAOS: Oskar Spiten-Nysæter (i blå drakt i midten) omringa etter hendinga med Aaron Kiil Olsen (sittande, i grøn drakt, i midten føre)

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Utestengd i vår

Oskar Spiten-Nysæter hamna i trøbbel tidlegare denne sesongen, da han spelte for Stabæk.

Han fekk fem kampar karantene etter eit kraftig slag mot Moss-spelar Kristoffer Lassen Harrison i april.

Stabæks Oskar Spiten-Nysæter fekk fem kampar karantene etter dette slaget.

– Han har gjort liknande tidlegare. At det ikkje blir slått ned på, synest eg er dårleg, seier Vålerenga-spelar Hedenstad.

– Det er synd for min del at eg har vore i ein situasjon tidlegare. Eg kjem aldri til å sleppe unna igjen, men det må eg leve med. Det er synd at dei brukar det mot meg kvar gong dei får moglegheita, seier Spiten-Nysæter.

Skaffa straffe

Oskar Spiten-Nysæter blei henta for 30 millionar frå Stabæk til Molde i sommar. I kveldens kamp mot Vålerenga skaffa han straffa som sørga for 4-1-siger.

mann og fotball

Oskar Spiten-Nysæter blei kåra til den beste spelaren på bana, av TV 2 søndag kveld.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Spiten-Nysæter blei kåra til banens beste av TV 2.

– Vålerenga blei kontra i senk. Vålerenga hadde aldri nokon sluttspurt å komme med, lufta gjekk heilt ut av dei, melder TV 2-ekspert Yaw Amankwah.

pyro

Feiring med pyro i Molde under kampen søndag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Ingen enkel sesong

Molde FK har ikkje hatt nokon enkel sesong, og nyleg måtte MFK-trenar Per-Mathias Høgmo forlate klubben.

Før kveldens kamp hadde MFK ni sigrar etter 23 kampar. 11 av kampane har enda med tap.

Molde hadde berre tre poeng ned til kvalifiseringsplassen før kveldens oppgjer etter at både HamKam og Bryne vann. Etter sigeren klatra dei opp til 30 poeng og 8. plass og er berre poenget bak Vålerenga på plassen over.

mann

Magne Hoseth er midlertidig trenar for Molde FK etter at Per-Mathias Høgmo nyleg måtte gå av.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Publisert 28.09.2025, kl. 21.13 Oppdatert 28.09.2025, kl. 22.25

Read Entire Article