Her vil fleire bli trafikklærar enn grunnskulelærar

1 week ago 11



– Læraryrket er eit flott yrke og eitt av dei viktigaste vi har. Difor er framleis nedgang i søketala dramatisk, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll.

Talet på førstevalssøkarar til lærarutdanningane har gått ned med 4,2 prosent frå 2023.

Nedgangen er særleg kritisk for grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn. Der går talet på førstevalssøkarar ned med 11 og 12 prosent frå i fjor, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Røsvoll seier læraryrket med dei rette rammene og med nok ressursar, er verdas beste yrke og eit av dei viktigaste i samfunnet.

– Difor er den svikten vi har sett i søketala over mange år svært dramatisk. No må det kome effektive tiltak som kan betre både lønsutviklinga og arbeidsvilkåra for lærarane, anten dei jobbar i skulen eller i barnehagen, meiner Røsvoll.

Meir populært å bli trafikklærar

Ved Nord Universitet kan du ta master i grunnskulelærar både i Bodø, Levanger og på Nesna.

Men medan til saman 156 søkarar har lærar som førsteval til hausten med 170 plassar, har 262 søkarar plassert trafikklærar ved campus i Stjørdal øvst på lista.

Ved Oslo Met er også trafikklærarutdanninga populær, der har 104 søkarar denne utdanninga som førsteval. Det betyr 11,8 søkarar per ledige plass.

Vel og merke er Nord Universitet og Oslo Met dei einaste universiteta i landet som tilbyr denne utdanninga, noko som gjer at de tiltrekk seg søkarar frå heile landet.

Samstundes går dei samla søkartala til lærarutdanningane ved Oslo Met ned. Tala er stabile for grunnskolelærar for 1.-7. trinn, medan søkartala går ned for 5.-10. trinn.

Mest populær er yrkesfaglærarutdanninga i helse- og oppvekstfag, medan dei nettbaserte yrkesfaglærarutdanningane i bygg- og anleggsteknikk og i teknikk og industrifag er i vekst, og begge har rundt 4 søkarar per plass.

Vekst med samlingsbasert utdanning

Nord Universitet fekk kritikk i fjor då dei varsla at dei berre ville tilby samlingsbasert lærarutdanning i Bodø og på Nesna, medan Campus i Levanger tilbyr lærarstudiet på heiltid.

Men resultatet er at søkartala til Bodø har dobla seg frå svært låge 29 i fjor til 65 førstevalssøkarar for grunnskule 1-7 og 5-10 i år.

– For lærarutdanninga er det litt blanda. Vi har greitt utvikling på grunnskulelærar 5-10. trinn, og så går det tilbake på 1-7. trinn. Vi ser at det er dei samlingsbaserte utdanningane som er mest etterspurd, seier prorektor Levi Gårseth-Nesbakk ved Nord Universitet.

Frå hausten startar UiT opp med samlingsbasert grunnskolelærarutdanning for 1. -7. trinn i Narvik. Her har det helt ferske tilbodet 53 førsteprioritetssøkarar til sine 30 studieplassar.

Tar grep for å auke interessa for lærarutdanninga

Regjeringa la i vår fram ein ny plan saman med barnehage- og skule-Noreg. I tillegg håper den at tiltak som er foreslått i stortingsmeldingane om opptak til høgare utdanning skal bidra til at fleire vel lærarutdanning.

– Eg er overtydd om at det er rett å tenke nytt. Dei som med hud og hår forsvarar status quo i norsk lærarutdanning har ein dårleg dag i dag.

Regjeringa vil skrote kjønnspoeng og kuttar i talet på tilleggspoeng. I tillegg vil dei gjere profesjonsutdanningane meir praksisnære.

– Med opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga har vi foreslått å ta fleire grep for å tenke nytt. Vi vil mellom anna opne for fleire dispensasjonar frå karakterkrava, vil gje meir fagleg fridom og er positive til forsøk med organisering og innhald, seier Hoel.

Både barnehagelærar- og lektorutdanningane er om lag på linje med fjoråret, mens fleire vil bli yrkesfaglærarar og lærar i praktiske og estetiske fag.

Publisert 26.04.2024, kl. 11.45

Read Entire Article