Verken legen eller pasienten var til stades då Borgarting lagmannsrett nyleg behandla saka.
Men i politiavhøyr har den unge pasienten forklart at ho kom til legen med ribbeinsbrot. Ho hevda det endte med at legen masserte brysta og brystvortene hennar og at han ikkje slutta før ho lesst som ho svimte av.
Legen har heile tida nekta for å ha gjort noko gale, og hevdar pasienten misforsto.
No har Borgarting lagmannsrett gitt legen medhald.
Dermed får han tilbake autorisasjonen, og kan halde fram i jobben som lege.
Han har dermed vunne fram og Staten er dømd til å betale vel 1,3 millionar kroner i sakskostnader.
«Etter en samlet vurdering av bevisførselen under ankeforhandlingen er lagmannsretten kommet til at NN (legens namn) forklaringer om hvordan konsultasjonen ble gjennomført er mest sannsynlig herunder at det forelå medisinsk indikasjon for alle undersøkelsene som ble gjort samt at undersøkelsene ble foretatt med pasientens samtykke», heiter det i dommen, som blei avsagt fredag.
Det har ikkje lykkast NRK å få ein kommentar frå legen.
Rettsaka i Borgarting gjekk over tre dagar nyleg.
Foto: Synnøve Hole / NRKLang kamp i retten
Det har vore ein lang kamp i retten for legen.
Det omstridde legebesøket skjedde hausten 2021. Hausten etter blei han fråtatt autorisasjonen. Då han gjekk til rettsak mot Statens helsetilsyn, tapte han i Oslo tingrett.
Kort tid etter måtte han gjennom to straffesaker der politiet skulda han for å ha forgripe seg.
Men så snudde det.
Etterkvart blei han frifunne i begge to.
No har han vunne også den siste rettsaka.
– Her meinte både tilsynet og Oslo tingrett at det var grunn for tilbakekall. Lagmannsretten har kome til ein annen konklusjon, og vi skal no sette oss grundig inn i vurderinga som er gjort, skriv Lotte Tvedt, som er advokat for Staten.
Ho har førebels ikkje svar på kva ho tenkjer om at Statens helsetilsyn har tatt frå legen autorisasjonen på feil grunnlag - eller om det er aktuelt å anke saka til Høgsterett.
Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten.
Foto: Synnøve Hole / NRKUvanleg sak
I dommen kjem det fram at retten meiner forklaringane frå pasienten og legen om kva som faktisk skjedde inne på legekontoret er like truverdige.
Deretter viser retten til at forklaringane til pasienten har endra seg etterkvart, og meiner det svekkjer truverdet hennar. Det blir også vist til at pasienten var påvirka av sovetablettar og hadde sove lite, og at dette kan ha påvirka korleis ho oppfatta situasjonen.
Professor Anne Kjersti Befring omtalte nyleg situasjonen til legen som uvanleg.
Ho sa at ho ikkje kjenner saka i detalj, men ikkje såg bort frå at legen ville vinne fram.
Det har ho fått rett i.
Advokaten til legen, Synne Bernhard, under prosedyren i Borgarting lagmannsrett nyleg.
Foto: Synnøve Hole / NRKPublisert 20.06.2025, kl. 13.39 Oppdatert 20.06.2025, kl. 14.33