Helse­ministeren krev effek­tivisering på sjukehusa - utan fleire midlar

2 days ago 4



Han noterer flittig, helseministeren, på besøk hjå Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Her har dei nemleg effektivisert seg til å kunne gjennomføre fleire operasjonar kvar dag innan t.d. brokk.

Dermed har ventelister og ventetid gått ned.

Dette meiner Jan Christian Vestre burde inspirere andre sjukehus til å og kunne kutte i ventetid.

Han varslar ei innstramming i ventetidsmåla.

No er snittleg ventetid på behandling på kring fem månader.

Helseminister Jan Christian Vestre noterer med ansatte i bakgrunnen.

Helse- og omsorgsministeren meiner Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen er ein modell for effektivisering.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Vi skal betydeleg ned. Folk skal merke forskjell, og målet kjem før sommaren. Det skal bli eit ambisiøst mål, seier Arbeiderparti-politikaren.

Ikkje meir pengar

Men han vil ikkje gje ekstra ressursar til å få opp behandlingskapasiteten.

– Alle problem kan ikkje berre løysast med meir pengar.

– Men når du kjem med strengare ventetidskrav og viser til at sjukehus kan effektivisere, så fordrar jo det at norske sjukehus ikkje er effektivt organiserte i dag?

– Det er ei problemstilling at produktiviteten i norske sjukehus har falle etter pandemien. Det er viktig at vi no gjer eit ordentleg produktivitetsløft. Vi må tilbake til det nivået vi har hatt tidlegare, seier Vestre.

Nye ventetidskrav vert ikkje teke godt imot mellom dei som jobbar på sjukehusa.

Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Haraldsplass Diakonale Sjukehus ligg på Haukeland i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Ansvarsfråskriving

Rett over vegen frå Haraldsplass er føretakstillitsvald for Legeforeningen i Helse Bergen, Bjørn Husebø, ikkje nådig mot utspelet.

– Det er ei form for ansvarsfråskriving, der ein ikkje klarer å ta inn over seg at det må gjerast store politiske val. Det må vere større samsvar mellom bestilling og budsjett.

Anestesilegen på Haukeland seier sjukehusa i mange år har gjort grep for å drive så bra som mogeleg, og at det ikkje er store gevinstar å hente i effektivisering.

Lege i korridir

Føretakstillitsvald for legane på Haukeland, Bjørn L. Husebø, seier det ikkje går å effektivisere stort meir på sjukehuset.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Han er redd for at strengare krav til ventetid vil gjere at sjukehusa no vil prioritere den behandlinga som best får ned ventetida, heller enn å prioritere ut frå alvorsgrad og behov.

– Vi må stå i så harde prioriteringar at vi ender opp med dårlege løysningar. Etter kvart vil det synast i eit dårlegare tilbod for befolkninga, åtvarar Husebø.

Frp støttar krav

Det største opposisjonspartiet, Frp, støtter Vestre i at ventetida på sjukehusbehandling må ned.

Men dei meiner det ikkje er realistisk at målet vert nådd med regjeringa si politikk.

Mann j dress smiler

Kristian Eilertsen er samd med Vestre i at det er mogeleg å effektivisere mykje på norske, offentlege sjukehus.

Foto: William Jobling / NRK

– Det hjelper ikkje med nye krav når ein ikkje kjem med nye verktøy og verkemiddel. Det er å halde pasientane for narr, seier helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet, Kristian Eilertsen.

Eilertsen vil ha ein behandlingsgaranti på tretti dagar, og meiner ein i større grad er nøydde til å ta i bruk private aktørar for å nå det målet.

Men han er samd med Vestre og Ap i at det kan effektiviserast mykje på dei offentlege sjukehusa.

– Og innanfor sjukehusa ser vi at det vert sløst mykje. Mellom anna på organiseringa av regionale helseføretak. Dette burde bli brukt på pasientbehandling, seier stortingsrepresentanten.

– Kan få det til

På Haraldsplass er visitten i ferd med å gå mot slutten.

Vestre er effektiv, og har fått høyre om både brokk- og prostatainngrep.

Dette skal altså bli ein modell for ei effektivisering av norske sjukehus.

NRK spør direktøren om ho er samd i at det går å effektivisere ned ventetida i sjukehus-Noreg.

– Vi kan gjere mykje for å korte ventetidene. Det viser det vi har fått til. Men det er eit kompleks system med mange fagmiljø som må jobbe saman. Men vi kan få det til!, seier direktøren på Haraldsplass, Kjersti Fylling.

Sykehusdirektør, kvinne, i foaje.

Kjersti Fylling er stolt av det dei har fått til på Haraldsplass.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 29.04.2026, kl. 19.57

Read Entire Article